14. mai 2020
Første møte innendørs etter avstengninga i samband med koronapandemien. Møtet blei halde i Sparebanksalen. Svein Aure var kvelden sin gjest og orienterte oss om Sjøfronten og planane for butikk og leiligheter her.
8. mai 2020
Etter koronapause i nesten 2 månader, tok vi sjansen på å trosse alt som heiter virus og samla oss til årleg dugnad i Kyrkjeparken. Som ansvarsbevisste nordmenn passa vi sjølsagt på å halde korrekt "koronaavstand".
15. mars 2020
Alle møter i Sykkylven Rotaryklubb er avlyst på ubestemt tid. Følg med på epost frå styret og president Petter for orientering underveis.
5. mars 2020
Designer Runa Klock vitja Sykkylven Rotaryklubb og fortalte om bærekraftig design. Ho er utdanning frå Kunsthøgskulen i Oslo og har skreve mastergraden "Bærekraftig design". Vi fekk besøk av "Fole flinke damer" som håpa å få inspirasjon av Runa.
27. februar 2020
IvarJohansen fortalte korleis han opplevde å vere fyrstereis-gut i utanriksfart ombord på MS Falkanger. Rotaryven Odd held ei lita orientering om Brexit og presidenten orienterte om situasjonen med Sparebanksalen og forhandlingane i det høve..
13. februar 2020
Rotaryven Kjell Heggdal heldt eit tankevekkende innslag om medisinen insulin som ikkje er så lett tilgjengelig som den burde., Per Magne Drotninghaug,, svært habil hobbyfotograf, viste imponerende bilder frå fjellturer og av nordlys.
6. februar 2020
Rotaryven Øyvind Østvik heldt eit interessant "3- minutt" om gamle rutebåter og ferger som er blitt restaurert og halde i drift av eldsjeler. Presidenten orienterte om saker som hadde blitt tatt opp på styremøte i forkant. Det var også vinlotteri.
30. januar 2020
Sykkylven Rotaryklubb var 29. januar på bedriftsbesøk hos Sykkylven Stål på Vikøyra. Først fekk vi orientering av adm. dir. Karl Inge Rekdal. Fabrikksjef Lars M. Skog demonstrerte stålramme til ein stol og deretter fekk vi omvisning i sjølve fabrikken.
23. januar 2020
Då leiar i SIL, Martin Hole måtte melde avbud, stilte eggprodusent og grunder, Rune Haram opp på kort varsel. Han fortalte om sitt liv som grunder både på Haramsøya og på Zanzibar. Visepresident Knut Jarle fortalte om Rotary sin best bevarte hemmelighet.