Onsdag 26. April : Olav sin artikkel i Sykkylvsbladet: Kyrkjeparken: Tid for dugnad! Om nokon skulle undrast på kven og kvifor det kryr av meir eller mindre hardt arbeidande karar og kanskje ei kvinne eller to på uteområdet ved kyrkja i kveld onsdag, kan dei med dette få svaret: Sykkylven Rotary Klubb er på dugnad for å gje området ein «makeover», som det heiter. Dette er ein årviss innsats frå medlemmene i Rotary for å setje parken i god stand til konfirmasjonar, 17. mai og ikkje minst for alle som ferdast i området – kanskje berre for å sjå til borna som leikar på den vakre leikeplassen. Vi gløymer heller ikkje dei mange kyrkjelege handlingar som samlar mykje folk. Alle set vi pris på eit reint og triveleg parkområde midt i sentrum av bygda! I fjor, på nesten same datoen, var det ni grader pluss og gode arbeidsforhold. Uansett vêr og føre i kveld: Rotary følgjer opp sitt motto «Service Above Self» om å gagne andre, til beste for både kyrkja og dei mange i området. På dette biletet frå i fjor glimrar klubben sine kvinner dessverre med sitt fråver. Vi håper på betre balanse i år, så ikkje likestillingskonsulenten skal få noko å henge seg opp i. Dugnad i Kyrkjeparken 26. april 2017: Sykkylven Rotaryklubb hadde sin årlige Dugnad i Kyrkjeparken. Dette for å «shine» opp til konfirmasjonene. Veret såg litt «spøkje» ut på formiddag med nordvest kuling og hagl og sludd. Heldigvis betra veret seg utover dagen og kvelden. Det er referent sin 10. dugnad, ogOnsdag 26. April : Olav sin artikkel i Sykkylvsbladet: Kyrkjeparken: Tid for dugnad! Om nokon skulle undrast på kven og kvifor det kryr av meir eller mindre hardt arbeidande karar og kanskje ei kvinne eller to på uteområdet ved kyrkja i kveld onsdag, kan dei med dette få svaret: Sykkylven Rotary Klubb er på dugnad for å gje området ein «makeover», som det heiter. Dette er ein årviss innsats frå medlemmene i Rotary for å setje parken i god stand til konfirmasjonar, 17. mai og ikkje minst for alle som ferdast i området – kanskje berre for å sjå til borna som leikar på den vakre leikeplassen. Vi gløymer heller ikkje dei mange kyrkjelege handlingar som samlar mykje folk. Alle set vi pris på eit reint og triveleg parkområde midt i sentrum av bygda! I fjor, på nesten same datoen, var det ni grader pluss og gode arbeidsforhold. Uansett vêr og føre i kveld: Rotary følgjer opp sitt motto «Service Above Self» om å gagne andre, til beste for både kyrkja og dei mange i området. På dette biletet frå i fjor glimrar klubben sine kvinner dessverre med sitt fråver. Vi håper på betre balanse i år, så ikkje likestillingskonsulenten skal få noko å henge seg opp i. Dugnad i Kyrkjeparken 26. april 2017: Sykkylven Rotaryklubb hadde sin årlige Dugnad i Kyrkjeparken. Dette for å «shine» opp til konfirmasjonene. Veret såg litt «spøkje» ut på formiddag med nordvest kuling og hagl og sludd. Heldigvis betra veret seg utover dagen og kvelden. Det er referent sin 10. dugnad, ogJobben var som tidligere år å rake parken for kvist og lauv. Dessuten hadde kyrkjeverge Bårnes og dugnadsformann Geir blitt samde om at ein burde få frisert og kutta ned hekken mot vest. Vår eminente turbadur, og dyktige journalist Olav, hadde denne gangen lagt frå seg gitaren og henta redskap med grovere toner, nemlig motorsag. Og Olav viste at han kunne svinge motorsaga like godt som han klimprer på gitarstrengene. Referent synes hekken blei atskillig luftigere og finere etterpå. Som vanleg stilte Kai Otto frå Jan-garden opp med traktor og henger. Odelsgut Olav på 3 år var sjølsagt med saman med pappa (sjå bilde) Vi avslutta med matøkt som Karl Johan, fru Lillevik og Buster hadde organisert. I følge dugnadsformannen hadde arbeidsgjengen vore svært effektive. Vi kunne derfor avslutte Dugnaden tidligere enn vanlig, men etter å ha gjort like mykje som ved tidligere Dugnader.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS