Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Referat frå Rotarymøte 13.12.2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amatec.


Sykkylven Rotary Klubb 2017-12-13, Møte i Sparebanksalen kl. 19. 
Gjest: Lars Einar Riksheim, produkt/ markedssjef i AMATEC. www.amatec.no

President Bastian ønska velkommen og fortalde om dagen, med særleg vekt på Lucia-tradisjonen. Olav P følgde opp, og Lucia-songen Svart senker natten seg i stall og stuer vart sungen frå start til mål… så vidt referenten veit, for første gong. Men det skulle berre mangle, når møtet fall på sjølvaste Lucia-dagen.

3-minutt med eksotisk profil sytte Ove Straumsheim for, etter som fru Solbjørg og han hadde vore på langtidsferie i Spania i tre veker, med base i Torremolinos. Mangt og mykje hadde dei opplevd, men han la vekt på å fortelje om eit møte i Malaga Rotary Klubb, der 10-11 hadde møtt fram. Kvar einskild fekk god mottaking, med omfamning og det heile. Ein representant frå klubb i annan by, fekk overrekt ein sjekk på 1500 € til eit prosjekt i India. Ove viste bilete og oppsummerte med at våre møte er meir strukturerte enn i denne klubben. Likevel: det er oppløftande og inspirerande å erfare at vi er ein del av noko globalt, og kan møtast i Rotary-fora rundt heile jorda! Ove fekk applaus og takk for sitt innlegg, og Bastian annonserte kaffi/ te og kaker. Drøsen gjekk som vanleg rundt borda, med god stemning frå dei rundt 20 frammøtte.

Kveldens gjest og foredragshaldar, Lars Einar Riksheim, reiser mykje i jobben som produkt og marknadssjef i AMATEC, ei sykkylvsbedrift som skriv slik på heimesida si:
VÅR VISJON 
Vi har alltid forsøkt å ligge i tet med å tilby kundene våre løsninger som kan skape bedre kvalitet, bedre effektivitet eller rett og slett løse utfordringer de har i produksjonen. 
Vi sier derfor: "Vårt bidrag til norsk industri er å tilby teknologi og kunnskap som gir produktivitet og lønnsomhet". I tillegg til dette setter vi vår ære i å yte god service. Vi skal strekke oss svært langt for å tilfredsstille våre kunders ønsker. Dette er et helt grunnleggende prinsipp for oss i Amatec. Vi ønsker å hjelpe dere å lykkes. Suksessfulle kunder er VÅR framtid!

Denne gongen ville han dele med oss frå ei reise til Det Fjerne Austen, med særleg vekt på China, eit spennande reisemål. Sameleis med ein avstikkar til Japan «mens han først var på dei kantar». Ein stram timeplan med jobb/ messe, hotell med mat og søvn, meir messe… det blir lite tid til noko anna. Likevel, utanfor Kyoto Hotel Okura  fann han ein stor Rotary installasjon som informerte om at der på huset heldt Rotary møta sine. Slett ikkje berre Ove som finn fram i det globale Rotary-nettverket!

 

Lars Einar hadde funne ut at sist var det vi som var på bedriftsbesøk hos Amatec, for 2 ½ år sidan. (27.05.2015, ref. anm.) No som då har Amatec fem satsingsområde. Desse finn vi omtala på nettet:

Eit godt og konkurransedyktig produkt i Noreg, er ikkje nødvendigvis like interessant i den kinesiske marknaden. Likevel: ein del maskiner blir selde til China, for at kinesarane skal kunne få den rette kvaliteten i arbeidet med produktet. Arbeidet kan ikkje gjerast manuelt med handemakt, og då lyt det maskiner frå Amatec til! Marknaden lyt dermed betale det produktet kostar. Det er ikkje alltid like lett å få aksept for å gå over frå handemakt til maskinmakt i China. Eksportmarknaden som no vert omtala, er hovudsakleg slikt som har med fiskeri og oppdrett å gjere, altså Garn og Not. Alle maskinene har fått namn som byrjar med AMA… Amatec, Amacut, Amaspleis… osv. Det blir utvikla maskiner som fyller kunden sine ønske: for ikkje lenge sidan sat det folk frå Peru saman med utviklarane på Amatec og fann gode løysingar i løpet av ei veke! Ei maskin som kan sy blytau på ei oppdrettsmære er til no den einaste i verda som greier ein så pass krevjande operasjon. Kven lagar nålene?, vart det spurt frå ein tilhøyrar. Godt spørsmål! Samarbeid med ein fabrikk i Tyskland kosta oss 200.000 kroner for å utvikle nåla til denne maskina, var svaret frå Lars Einar, som så supplerte med video frå ymse produksjons-prosessar.

Ei nyutvikla maskin for spleising, utstilt på bl.a. Aqua-Nor i Trondheim, utfører på få minutt det som handemakt brukar timar på. Minst like sterkt. Bastian siterte han Myre-Lars på at Ein spleis med tre innstikk er så sterk at viss du ikkje trur på den, vil du ikkje tru på kjerringa di! Muntert i salen!Maskin blir kjøpt i t.d. Tyskland, og tilpassa oppgåvene i Sykkylven. Deretter klar for marknader internasjonalt. Pris? Kanskje rundt 400.000 kroner. På biletet studerer Kristin kvaliteten på spleisinga. Vidare nærbilete av arbeidet til maskina.

Det vart sendt rundt både spleise-prøver og prøver på mildt sagt grove «tekstilar» … nesten som bildekk. Ein av prøvene blei nytta til å «hanke inn» jagarfly som landa på hangarskip-dekk. Varsemd med detaljar lyt til: einskilde messe-besøkande utan særleg legitimasjon viser til dels ekstrem interesse for utstilte maskiner. Slike besøkande blir viste vekk. Lars Einar Riksheim presenterte og informerte så det var ei lyst: om nye nisjer i marknaden, om Amatec Automasjon – her under utvikling av robotar som kan «sjå» kva dei styrer med. Vision. Eit forvitneleg og spennande område i sterk utvikling! Sameleis med «saumlaus strikking» med 3D strikkemaskiner. Ein Marius-genser eller strikkakjole… «Jeg kan ikke se den grense under vann», var det ein viss ubåt-kaptein som sa. Referenten har ei kjensle av at heller ikkje Automasjons- og maskiningeniørane ved Amatec ser grenser. Dei har «hovudet på rett plass», og leverer til verdsmarknaden. Sjølv om ordtaket seier at «når enden er god er allting godt», ser det ut til at «den endelege enden» framleis er langt unna! Referatet lyt likevel avgrensast, og det gjer vi med å gjere som Presidenten, som takka Lars Einar Riksheim for eit umåteleg interessant foredrag. Vi ser med spenning fram til neste kapittel i soga frå Amatec!

Skrivar: Olav P


 
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS