"Kvifor vere stor når ein er lykkelig som liten ?"

Les referat frå Magnar Kvalvåg sitt foredrag om Sykkylven Gjensidige Trygdelag.

Referat frå Rotarymøte 24.01.2018:

President Bastian ønska vel møtt til dette Rotarymøte 24. januar. Først ønska han kvelden sine to gjester velkomen: Roald Mork og kvelden sin foredragshaldar Magnar Kvalvåg.

Først tok Bastian for seg noko av det som har hendt denne datoen: Joar, Jarl og Jarle har namnedag. Applaus til referent.

I 1776 blei Ernst Hoffmann født. Regnes som den romantiske bevegelse sin første forfatter og pioner innen for «fantasy» litteratur.

I 1924 fikk St. Petersburg navnet Leningrad. I 1991 fekk byen tilbake sitt opprinnelige navn.   

I 1947 blei artisten Øystein Sunde født.


I 1956 blei artisten Hanne Krogh født.


I 1965 døde Winston Churchill.


I 1978 fall den sovjetiske satellitten Cosmos ned over Canada og forårsaka uranforurensing.


 

Trubadur Olav hadde valgt ut ein litt ufordrande sang å framføre: «Jeg vil male dagen …». Med Olav sitt gitarspel sang vi oss gjennom alle dei regnbuen sine farger vi ville bruke til å male dagene.

Sekretær var tilbake, og denne gangen hadde han den hyggelig oppgave å fortelle at ved forrige møte var det 29 frammøtte. Det gav flotte 71 % frammøte. Greta og Rolf står for tur til BUAS-besøk. Når det gjaldt bursdager, opplyste han at Odd Jostein fyller 52 år 29. januar, medan Steinar Nordmo fyller rundt år 25. januar, nemlig 70 år. Sykkylven Rotaryklubb gratulerer!

Når vil først er inne på bursdagen, fekk Olav P. ordet og takka hjertelig for blomsterbukett frå klubben i høvet sin 75 års dag. Men ikkje nok med det: Då han var innom blomsterbutikken for å hente denne buketten, fekk han favnen full med buketter frå andre gratulanter. Olav fortalte at han blei rørt av så masse blomster og gratulasjoner.


Visepresident Greta hadde overlatt ansvaret for 3 minuttet til sin kjære Jan. Han fortalte at han har holdt 3 minutt om Sykkylvsbrua fleire ganger tidligere og ville ikkje gjere noko unntak denne gongen heller. Ved forrige møtet hadde Hallstein spurt han korleis han kunne komme på den ville ideen å foreslå ei bru over Sykkylvsfjorden. Jan fortalte at han fekk ideen då han  jobba som ingeniør på Vestnes. Der var bru over Tresfjorden på tale allereie då. Vestnes hadde den fordelen at dei hadde ein holme å forankre brua til. Vegen rundt Tresfjorden er riksveg, mens vegen rundt Sykkylvsfjorden var Fylkesveg. Dermed ville finansiering av bru i Sykkylven bli vanskelig å finansiere med offentlige midler. Jan fortalte videre at han, no som då, var ein ivrig hobbyfisker. Han la merke til at Vikefluda ikkje er meir enn 12 m djup. Jan fikk videre med seg ein kompis med ekkolodd. Dei fekk undersøkt grunnforholda systematisk i heile Sykkylvsfjorden. Utskrifta av dette blei analysert av Norconsult. Dei konkluderte med at fjorden mellom Ekornes og Vikøyra ikkje var djupere enn at det burde ligge til rette for ein bru. Men seinere viste det seg at når ein skulle slå pæler ned i botnen, måtte ein slå desse 42 m ned, i staden for 20 m, som Jan hadde tenkt. Tilslutt konkluderte Jan med at hadde han visst kor mykje arbeid brua førte med seg, hadde han ikkje tatt på seg jobben. Men uansett er den nedbetalt om ei veke, og bygda er skuldig Jan stor takk.   

Etter kafe og som vanlig veldig gode kaker, var det humoristiske Magnar Kvalvåg sin tur til å halde  fordrag om Sykkylven Gjensidige Trygdelag. Her er Magnar daglig leier. Tittelen på foredraget var: «Kvifor vere stor når ein er lykkelig som liten ?»


Tanken om gjensidige forsikringer fortalte Magnar gjekk heilt tilbake til middelalderen og kong Olav Kyrre. Langt seinere, i 1861, kom det pålegg frå kommunestyre i Sykkylven til ordføreren om å få til ei brannkasse. I 1886 blei Sykkylven Gjensidige Trygdelag stifta. Her var det snakk om nøysemd i ordets rette forstand. I 1887 var forsikringspremien 30 øre pr. tusen kroner i premie. I 1892 blei første utbetaling med kr. 550 etter brann i stova til Bernt Sætre. Som ein liten kuriositet, nevnte Magnar at Hatlemark Trevarefabrikk ikkje fikk teikne forsikring pga. at det blei vurdert for stor brannrisiko. Egenkapitalen var i 1912 kroner 12.733. I 2017 har denne vokst til 100 mill.

Trygdelaget har hatt forskjellige tilhaldsstader, frå heimen til formann og kasserer til å begynne med. Seinere, i 1908, flytta dei til det nye bygget til Sparebanken. Seinere til Sparebanken Møre sitt nye bygg, og i dag held dei til i eige hus i sentrum. Det er 4 tilsette med, som nevnt, Magnar som daglig leier.

Magnar kunne stolt fortelle at Sykkylven Brannkasse er eigd av eigarane. Det er også ei kunnskapsbedrift som  ønsker å vere i front når det gjeld utvikling, sjøl om ting heile tida er i endring, med spesielt digitalisering. Trygdelaget sitt  styre er lokalt,  og kontoret ligg i bygda, slik at det er lett å nå tak i for bygdefolket.

I tidsrommet 2011 til 2017 delte Gjensidige ut 54 mill kroner i utbytte til kundene. Som ein viktig aktør her i Sykkylven, opplyste Magnar, at dei har delt ut 3,7 mill. kroner i gaver til lokale aktører.

Framover ser Magnar for seg at aukande digitalisering blir ei utfordring saman med aktører på nettet som Facebook og Google. Desse veit til ei kvar tid kva du er interessert i, og dei veit å komme med tilbud som er skreddersydd etter den enkelte si interesse.

Så var det mange spørsmål, slik at møtet gjekk litt over tida. Det synes dei fleste var vel anvendt tid.

Etter at Magnar hadde fått sin velfortjente gest, opplyste president Bastian  at neste møtet, 31.januar, blir kl 18:30. Då kan  den som vil

 overvære seremonien der Brua, etter over 17 år, blir gratis.

Så ønska han alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth 




 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS