Årsfest i Sykkylven Rotaryklubb 6. april 2018

Les og sjå bilder frå Årsfesten vår i Odd Fellow - lokala i Straumegjerde.

Årsfest i Sykkylven Rotaryklubb 06.04.2018:

Litt seinere på året enn vanlig var det  tid for den årlige festen til Rotaryklubben vår. Lokala var Odd Fellow i Straumegjerde. Som seg hør og bør, opna president Bastian med å ønske alle vel møtt, særlig til gjestene, Hallstein Kurseth, AG (assisterende guvenør) Kjell Høydal og ektefeller og partnere.

Det er ikkje sikkert alle er like godt informert om Rotary, og presidenten gav ei kort orientering om organisasjonen.

Som avslutning på innleiinga, gav han ordet til visepresident Greta. Ho leia oss gjennom festen som om ho ikkje skulle ha gjort anna. Først presenterte ho kveldens trubadur, Hallstein Kurseth. Han fikk oss i god stemning ved å synge ei rekke kjente viser. Dyktig utført («fagfolk er fagfolk»).


Så var det tid for det matabordet. Sjå bilde! Svinegryte med ris og salat, kabaret, spekemat osv. Den som gjekk svolten etter dette måltidet, kunne umulig ha  matlyst.


Assisterende guvenør Kjell helsa klubben. Han fortalte han var heldig som  AG for eit distrikt der han slapp å mase på dei 7 medlemsklubbene. Videre fikk SRK skryt for å vere ein av dei meir veldrevne klubbene. Kjell er kjent for sitt flotte arbeid ved David School i Sierra Leone. No kom han tilbake for 9. gang, og rekna med at dette kanskje var siste gang. Han fortalte ein liten episode frå passkontrollen i Sierra Leone. Kontrolløren spurte om han kom til landet for å misjonere. Det er konflikt mellom dei ulike religionene i landet, slik at misjonering ikkje er velkomment. Imidlertid kunne Kjell berolige med at den misjoneringa han dreiv, var av eit anna slag. Han misjonerte heime for å få nok penger til å drive skule i Sierra Leone. Sjølsagt var dette noko heilt anna, og kontrolløren blei beroliga. Kjell avslutta med å ønske klubben vår lykke til videre.

Så var det tid for kvelden sitt høgdepunktet, utdeling av Paul Harris Fellow til 3 kandidater: Ronny Utgård, Kristin Grebstad og Jan Fredriksen. Dei to siste er medlemmer i vår klubb. President Bastian forklarte litt kva Paul Harris Fellow utmerkinga er for noko. Videre ga han ein grundig presentasjon av kvar av kandidatene. Referent vil ikkje gjengi alt dette, men berre kort minne om at  Ronny er primus motor for ei enestående dugnadsånd i Hundeidvik. Kristin har styrt med så mykje at ein kan miste heilt pusten når det blir ramsa opp. Mest kjent for øyeblikket, er vel at ho har vore pådriver for Montessori - skule i Velledalen. Ho er no rektor ved denne skulen. Til sist blei Jan presentert. Mellom mange ting, er han sjølsagt mest kjent somfor bygginga av Sykkylvsbrua. Utan Jan hadde det vel neppe vore  bru i dag. AG Kjell stod for utdelinga.

Dei 3 fikk kvar sin medalje og diplom. Sjå bilder:




Etter å ha supplert med dessert og kaffi, var det Hallstein sin tur til å spele og synge igjen. Fleire kjente viser, og dyktig framført. Som ein liten kuriositet, fortalte han at då han og fleire  sykkylvsartister var i USA, blei det stor munterhet og latter kvar gong dei spelte og sang «Mr. Sandman».  Om Hallstein heilt forstod kva som var årsak til dette, veit referent ikkje.

Om vi hadde Sykkylvens beste visesanger og gitarist til å underholde oss, så har vi  vår eminente trubadur, Olav. Avslutningsvis leda han an i allsang frå songhefte til Sykkylven Rotaryklubb. Utrulig mange flotte viser og sanger i dette heftet. Saman med Olav sitt flotte gitar- og pianospel, lydde det heile riktig flott.


Dette var siste «offisielle» program, men folk satt utover kvelden og prata og kosa seg. Då referent gjekk like før kl 24, var det mange som satt igjen. Og referent merka seg at dette gjerne var litt eldre folk. Det er tydelig kven som har best kondis til å halde ut i trivelig og sosialt lag.

All ære til bl.a. visepresident Greta og president Bastian for ein på alle måter koselig og vellykka Årsfest.

Referent

Jarle Svindseth



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS