Dugnad i Kyrkjeparken

Sjå billedkavalkade og les Olav sin artikkel i Sykkylvsbladet: Artikkelen kjem ut laurdag. Derfor venter eg med å legge inn denne til etter publiseringa i Sykkylvsbladet. Bilda er tatt av Olav og Jarle:

For Sykkylvsbladet, 2018-05-04. Tekst og foto: Olav Pileberg, 2. mai 2018

 

Dugnad i Kyrkjeparken

Vakre vårkveldar kallar på innsats utandørs, og sist onsdag var det Sykkylven Rotaryklubb som mobiliserte til den årvisse dugnaden i kyrkjeparken og langs vegane i området.  

Konfirmasjonar, nasjonaldag, kyrkjelege tenester og jamn trafikk av barn og vaksne på leikeplassen, gjer behovet for eit vakkert og ryddig miljø ekstra stort. Rusk og rask har ingen plass på trivelege friareal! Rusken-programmet i Oslo skriv seg heilt tilbake til 1976, og har til og med sin eigen app for å organisere arbeidet! Heldigvis: lysta til å rydde er generell og spreidd over heile landet! Rotary sin innsats i Sykkylven er tradisjon frå mange år attende, og arbeidet går alltid med liv og lyst. Med Geir Brekke som «bas» er opplegget i gode hender. Det er ingen ting som heiter «godt» eller «dårleg» ver. Onsdagsvêret denne veka var i alle fall heilt ideelt, og stemninga mellom dei 21 frammøtte var særs god, ikkje minst når sjølvaste president Bastian Weiberg-Aurdal saman med Rotary-servitør Erik Solheim baud på kaffi og kakestykke til å bite i! Kai-Otto Roald stilte med traktor og vekk-køyring, og til slutt vart det eit velfylt lass å frakte vekk.  Rotary følgjer opp sitt motto «Service Above Self» om å gagne andre, til beste for både kyrkja og dei mange i området.  

 

Bildetekst til Rebusløp:

Russen har travle tider både dag og natt no framover. Vi fanga opp denne flokken i næraste grannelaget med glade russejenter, og med sjølvaste  politistudent Lars Bakkom som pålitande organisator og resultatskrivar. Oppgåva var ein del av eit Rebusløp for russen, som politiet, NAF, helsesøster og Røde Kors sto bak. På biletet smiler mot oss, i alfabetisk orden: Amanda Tandstad, Julie-Andrea Aure Fjeldberg, Kristine Strand, Martha Kristina Bakken, Thea Hovet Brustuen, Vanja Årnes Norvik. I politiuniform, Lars Bakkom.

Bilde med trillebår:

Stakkars ugras i rundkøyringa når hage-ekspertane Ingjerd Asbjørnsen og Olaf Ellingsen tek tak! Knut Jarle Vik står klar med trillebåra.

Bilde med traktorhengar:

Ove Straumsheim, Geir Løseth og traktoreigar Kai-Otto Roald syter for skikkeleg opplasting på hengaren.

Ved kakebordet:

Arbeidsbas Geir Brekke og Almar Kylling får god servering av Rotary-servitør Erik Solheim. Bak skimtar vi Odd Holen, Jarle Svindseth og Geir Løseth.

Gruppebilete ved 1000-års steinen:

Etter 10 år frå førre, liknande fotovinkel, er det på tide med oppdatering. Av 21 som møtte til dugnad, ser vi frå venstre: Rotary President Bastian Weiberg-Aurdal, Kai-Otto Roald, Ove Straumsheim, Oddbjørn Ramstad, Ingjerd Asbjørnsen, Odd Holen, Roger Kornberg, Bjørg Dyrkorn Velle, Asbjørn Klokk, Geir Løseth, Petter Velle, Almar Kylling, Arvid Nordstrand, Geir Brekke, John Henrik Welle, Jarle Svindseth, Knut Jarle Vik, Olav Pileberg, Olaf Ellingsen, Sindre Stuen. Øyvind Østvik måtte gå før fotograferinga. Erik Solheim tok biletet.  

     

 






 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS