Lola Day Care Center

Les referat frå May Brit Tynes sitt besøk ved SRK 6. juni 2018.


Referat frå Rotarymøte 06.06.2018:

Denne gang hadde vi vore så heldige å få besøk av May Brit Tynes som er grunder  av Lola Day Care Senter på øya Bogo på Filippinene.

Etter å ha ønske vel møtt, nevnte president Bastian noko av det som har hendt opp i gjennom historia: Gustav og Gyda har navnedag. I 1523 blei Gustav Vasa svensk konge født.  I 1817 blei Riksarkivet oppretta og i 1896 blei prylestraff avskaffa i skulen.

Vi sløyfa rotarysong siden trubadur Olav ikkje var til stades.

I sekretær sitt fråver, leste presidenten opp følgende opplysninger: BUAS besøk blir Greta og Rolf. Den samme Rolf blir 76 år, 9. juni. Ved forrige møte med konserndirektør Olav var det 28 frammøtte. Medrekna permisjoner og fritak, ga dette svært habile 74 % frammøte.

Etter rotarykaffe viste May Brit ein film som datter Lone har tatt opp frå Lola Day Care Senter. Denne viser 4 år gamle Yancy og familien hennar frå dei står opp kl. 6 om morgonen og gjennom dagen. Filmen blir innleda med at barna står opp sjøl om dei er ganske trøytte. Mamma lager mat og vasker opp. Frukosten består stort sett av ris.

Etterpå er det på med skoleuniformer og så går dei til forskulen. Dagen her begynner med heising av  det filippinske og norske flagget, og så blir den filippinske nasjonalsongen sunge. Ved avslutningen av skuledagen blir så flagga senka.

Filmen viste korleis undervisniga går føre seg og referent var storlig imponert kor flinke desse 4 åringene er både til å skrive og rekne.

Etter skuledagen var det å gå heim, av med skuleuniformene og på med kvardagskleda. Så gjekk leiken som den gjer i dei fleste andre land.

May Brit kunne elles opplyse at barna får eit måltid på skulen. Dette består av ris, grønsaker og kjøtt, men ikkje fisk, då ein er redd for at barna kan svelge i seg bein.

Foreldrene til barna må ta sin del av dugnadsarbeidet ved skulen. Dette er skulen avhengig av for å kunne fungere.

Veldig interessant å sjå denne filmen, og SRK håper at Lone kan ta del i framvisninga av dette prosjektet ved Distrktskonferansen i Molde i september.

På grunn av Gospelkonsert i kyrkja slutte vi 10 minutt tidligere enn vanlig.

Neste møte blir 13. juni og handler om Storfjordsambandet.

NB! Filmen kan ein sjå ved å følge denne linken eller ved å gå inn på Facebooksida til Lola Day Care Center: https://www.dropbox.com/s/714nq6cjmhld762/Yancy%20Marie%20-%20medium%20resolution.m4v?dl=0

 

Referent Jarle Svindseth



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS