Rotarymøte 30.01.19: Sykkylven Friluftsenter: Fjellsæter skiarena

Les referat frå Egil Ulvestad si orientering om Sykkylven Friluftsenter og Fjellsæter Skiarena.


Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb 30.01.2019:

President Greta ønska alle vel møtt, og spesielt dei to gjestane, Arild Sporsheim og kvelden sin foredragshaldar, Egil Ulvestad. Applaus ! 

Så litt om kva som har hendt denne dato: Gunda og Gunnhild har namnedag. Som så ofte har namna krigersk opprinnelse: Dei er avleda av strid og krig.

President i USA, Franklin Roosevelt blei født denne dato i 1882.


Forfatter Andre Bjerke født 1918.

Tidligere statsminister i Sverige, Olof Palme født 1927.


Adolf Hitler blei valgt til tysk rikskansler i 1933.

Beatles hadde sin siste samla konsert i 1969, altså 50 års jubileum.

Ord for kvelden hadde president Greta henta frå den danske forfatter, teolog og filosof, Søren Kierkegaard: «Livet må leves forlengs og forståes baklengs.»

Rotarysong: Som ein kommentar til det fine vinterveret, med snø og skiføre, hadde trubadur Olav funne fram Margrete Munthe sin: «Jeg snører min sekk, jeg spenner mine ski….» Referent får assosiasjoner tilbake til barneskulen, når han høyrer denne flotte sangen.

Sekretær Knut Henning kunne forkynne at det er Arvid N og Øyvind Ø som står for tur til BUAS-besøk. Forrige møte var det 23 frammøtte. Det ga ein frammøteprosent på 53. Ingen bursdager komande veke, men i går, 29. januar, fylte Odd Jostein år. Applaus !

3- minutt var ved Øyvind: Han fortalte at han blei tatt opp som medlem i Sykkylven Rotaryklubb, januar 1979. Feirar med andre ord 40- års jubileum. Han fortalte litt om korleis møta gjekk for seg for den gang. Lokala var loftet i gamle Sparebanken, men det gjekk ikkje mange år før møta blei flytta tili dei lokala vi held til i dag. Møta var som no, onsdager, men møtetidspunktet kunne variere mellom 18 og 20.

Den gang var det tillatt å røyke under møta. Det sveva då ei røyksky i lokalet og over forsamlinga. Etter røykelova kom i slutten av 1980- talet, blei det ei bedring på dette.

Frammøte den gongen var bedre enn i dag, 70 – 80 %, mot 50 – 60 % i dag. Dette blei også handheva mykje strengere. Medlemane kunne risikere eksklusjon dersom ein sluntra unna. «Støttemedlemar», som i dag, hadde dei ikkje.

Noko av det traurigaste Øyvid opplevde, var i 1989, då kvinner fekk adgang til klubben. Ein kvinnelig kandidat var innstilt til opptak, men blei stemt i mot av eit medlem. Dermed var medlemskap ikkje aktuelt.  Så vidt referent forstår, blei vedkommande tilbudt medlemskap seinere, men av forståelige grunner takka ho då nei.

Men det er også gledelige ting som har skjedd. Øyvind roser dei siste presidentane for stor dugleik, og det same med programkomiteen. Han synes programma blir berre bedre og bedre.

Sjølsagt er teknikken ein annan i dag med digitalisering og visualisering (prosjektor). Dette gjer sjølsagt at foredrag og orientering blir meir pedagogisk og lettfattelig. Til slutt  rosa han vår trubadur Olav som har tatt kvaliteten på rotarysongen til heilt andre høgder enn før.

CYEO Ingjerd fekk så ordet: Ho minte om at i august i år kjem det opp i mot 12 ungdommar til klubben vår under sommercamp. Vi har også høve til å sende ungdommar ut i samme ærend. Dersom det er aktuelle kandidater, ber ho oss ta kontakt for ytterligere informasjon. Ingjerd leste opp ei heil rekke land som kunne vere aktuelle for sommercamp.

Etter rotarykaffe og gode vafler, var det Egil Ulvestad sin tur. Han er styreformann i Sunnmørsalpane Skiarena – Fjellsæter. (ved å klikke på denne lenken kan ein sjå videoen som Egil forsøkte å spele av under møtet vårt)


Dette er eit alpin og skianlegg som har formål å drifte og bygge skitrekk med  tilhøyrande løyper for slalom, storslalom, utfor og hoppbakke. I tillegg, kjem oppkøyring av turløyper  rundt Nysætervatnet og i den nyetablerte lysløypa på Drabløsstølen.

Anlegget har 50 års jubileum. Det blei stifta i 1969 som eit samvirkeforetak. Økonomisk vinning er ikkje laget sitt foremål.

Egil fortalte litt om styret i SA. Han sjøl er formann og med 6 andre medspelarar som alle har sitt ansvarsområde. Særleg framheva han, Tore Utgård som er ansvarlig for økonomi og alltid er optimistisk og positiv.

Ole Robert Strømme er ansatt i 100 % stilling som driftsleier/driftsansvarleg. Det er 80 dugnadsvillige fordelt på vaktlag, skipatrulje, trakkere, «shapere» og andre frivillige funksjoner. Uten desse hadde det vore umulig å drifte skisenteret. Egil rekna med at det blei utført ca. 10 000 dugnadstimer + det som er innleid og betalt.

Kva så med vegen vidare ? Senteret har mange samarbeidspartnarar økonomisk (Sparebanken, Kommunen, Ekornes, Gjensidige osv). Dette er sjølsagt med å sikre drifta. Men det trengs, for ønskelista for investeringer og utbygging er betydelig: Nye trakkemaskiner, oppgradering av lysanlegget, utbedring av barneområdet for å styrke familieprofilen og utbedring av POMA- trekket som no fyller 50 år.

Det er også andre ting Egil kunne ønske seg, kanskje aller mest ei stolheis. Men denne koster den nette sum av ca. 50 mill. kroner, så dette er ikkje lett. Utom nye investeringer,  er det også ein del vedlikehald og drift av utstyr. F.eks. begynner trakkemaskinene å bli gamle. Naturlig nok blir det då ein del slitasjedeler som må skiftast og fornyast.

Men kanskje det aller viktigste er at det kjem snø og stabile snøforhold. Forrige sesong var ein slik sesong. Då resulterte dette i ei omsetning på 5,2 mill. kroner. Året før var det dårlige forhold. Til no i vinter, har det vore fin forhold, og ein håper på ei omsetning på 4,2 mill. Så får vi krysse fingrene at det fine vinterveret held seg stabilt. Det trengs, fordi påska i år er i midten av april og den er viktig for omsetninga.

Mange spørsmål til den grundige og interessante orienteringa.  Belønna med den sedvanlige osten som takk. Det såg ut som Egil satte stor pris på dette.


Tilslutt avslutta president Greta møtet med å minne om presidenten sin time neste onsdag og til slutt blei vi ønska vel heim.

 Referent

Jarle Svindseth 


 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS