Årsfest i Sykkylven Rotaryklubb



Årsfesten i Sykkylven Rotaryklubb blei halden i Odd Fellow sine lokale i Straumgjerde,  5. april 2019. Her var det musikk og allsong, koldtbord med dessert. Til sist, men ikkje minst, opptak av to nye medlemmar.

Fredagskvelden, 5. april,  blei Årsfesten i klubben vår avvikla. President Greta innleia med å ønske alle vel møtt, både gjester og medlemmer.

Programmet blei innleia av den musikalske kvartetten «HERIFRÅ OG DERIFRÅ», som har sin heimebase i Velledalen. Dei spelte kjente og kjære melodier, som vi som har levd ei stund, kjenner godt til. Kvartetten underheldt både før og etter matykta.


Vår eminente trubadur, Olav, leia allsangen slik at vi kom i riktig god stemning. Han opplyste at den skarpe observatør vil kunne sjå at allsangheftet var gjenbruk frå jubileumsfesten i 2016. Men som kjent så rekk ikkje manns minne  langt, dei ulike sangane tålte gjenbruket veldig godt. Mest imponert blei referent over «Sangskatten», der ein på melodien «Sønner av Norge», kom innom utallige norske sanger. Noko som også imponerte, var kor flott kvartetten spelte til dei ulike sangane uten å ha samspelt på førehand.

Maten, med koldtbord,  smakte som vanlig veldig godt. Spesielt imponert blei referent over den gode karamellpuddingen. Den smelta på tunga.

Opptak av nye medlemmer:

Sjøl om sang, musikk og mat var ypperlig, så var opptak av to nye medlemmer festen sin høgdepunkt. Dei to nye medlemmane, som har vore gjester hos oss ved fleire møter,  er Arild Sporsheim og Knut Molnes. Sistnemnte har vore medlem i klubben vår tidligere, så han veit kva han går til.

Som vanlig ved opptak er det oppnemnt ein fadder. Denne held ein presentasjon av sitt nye medlem.

 Presentasjon:

Først ut var Geir Brekke med presentasjon av Knut Molnes. Han fortalte at Knut er teknisk utdanna. Første jobben var faktisk som ingeniør hos Hans Lillevik her i Sykkylven. Han var med å konstruere Sparebanken, det bygget vi held til ved møta våre. Elles har han tatt bedriftslederskule, NKS, og han har vore lærer ved Videregående Skule her i Sykkylven. Han er gift med Aud og bur i Helledalen, altså tidligere nabo med Geir. Velkomen til Sykkylven Rotaryklubb!


Deretter presenterte Steinar Klokk den andre medlemmet, Arild Sporsheim. Arild er født og oppvaksen på Vestnes. Er utdanna kokk og servitør, og så vidt referent husker, jobba han eit år med dette. Kom til Sykkylven i 1999 og begynte på Hjellegjerde med ansvar for utvikling. Referent kjenner han elles frå si tid i Soknerådet, der han var leiar eit år. Som etterutdanning har han master i «Verdibasert Ledelse». Det får han sikkert bruk for i sin noverande jobb som kyrkjeverge. Rotarymottoet om å «gagne andre» passer godt på Arild. Steinar karakteriserer han elles som teknisk flink, og flink til å finne løysinger. Han er gift med Grete og har 3 barn og eit adopsjonsbarn. Velkomen til Sykkylven Rotaryklubb!


Så fortsatte festen med musikk frå kvartetten og allsong leia av Olav med godt akkompagnement frå nemnte kvartett.

Etter kvart blei festen litt lausere i formen med mykje prat og sosial samrøre. I år som i fjor, la referent merke til at dei yngste gjekk først og dei eldste sist.


Uansett ein trivelig fest som Klubben har all ære av.

 

Referent

Jarle Svindseth





 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS