Referat frå Rotarymøte 30.08.2017:
President Bastian ønska alle vel møtt og spesielt kvelden
sin foredragshaldar, Harald Kjølås.
Som vanlig eit lite resyme av noko av det som har skjedd
denne datoen opp igjennom historia:
1809: Selskapet for Norges Vel stifta.
1888: Måleren Nicolai Astrup født.
2017: Krigshelten og journalisten/reporter. Joakim Rønneberg
fyller 98 år.
Som Rotarysong hadde trubadur Olav funne fram til eit
konglomerat av ein song som gjekk på tonen av «Sønner av Norge». Han fortalte at
denne blei til under eit kurs for oppdatering av kunnskap om undervisning for
1. klasse på skulen. I denne sangen fekk ein med nesten alle strofer av kjente
norske sanger.
Sekretær Knut Henning var tilbake og kunne fortelle at det
var Knut Jarle Vik og Knut Vollstad sin tur for BUAS- besøk. Forrige møte var
det 23 frammøtte og 56 %.
Når det gjeld bursdager, fyller Kai Otto Roald 66 år 1.
september.
Og Asbjørn Klokk fylte 70 år 28. august. Blomster og
gratulasjoner til Asbjørn.
3- minutt var denne gang ved Jan Fredriksen: Han fortalte at
han hadde ein tømmermannsblyant med 3 gule lapper på. Den første skulle minne
han om at han kom til å bli bestefar i kvart øyeblikk. Den neste skulle minne
han om studietida i England og
Manchester. Då var urbanisme ein del av studia hans. Han nevnte eit eksempel på
eit urbant eksperiment i denne byen. Det blei vedtatt å bygge ein heilt ny by
med plass til 10000 innbyggere. Så flytte same antall frå saneringsferdige
strøk i Manchester til den nye byen. Etter 8 – 10 år flytta desse likevel
tilbake til Manchester. Dei savna det urbane livet her.
Nesten som ei videreføring av dette, tok han fram den siste
lappen som omhandla dagens situasjon med kommunesamanslåinger. Ålesund
Storkommune med kommunene nord for Storfjorden hadde han stor tru på. Ein ville
få eit planområde, og
kommunestyrerepresentantene ville representere sine tidligere kommuner. Beslutningssystemet ville bli bedre på denne
måten. Til sist nevnte han at denne Storkommunen ville danne motvekt til
Sykkylven – Stranda på sørsida. Videre såg Jan for seg at om 10 – 15 år ville
elektriske ferjer trafikkere Storfjorden. Dette ville gjere det lettere for
pendlere å ta seg over fjorden, og reise til sine arbeidsplasser i Ålesund.
Eit veldig interressant,
visjonært og urbant 3- minutt av Jan.
Karl Johan si tjenestetid som serveringsmedhjelper er no
over. Som avskjed serverte han aldeles nydelige sjokoladekaker. Dei glei ned
før ein hadde fått sukk for seg.
Så hadde vi alle gledd oss til å høyre kva tidligere
redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås hadde å fortelje om «Sunnmøringen på
godt og vondt» Og Kjølås skuffa slett ikkje. Han held eit interessant og
humoristisk foredrag om temaet.
Innleiingsvis fortalte han at han hadde bodd mange år i
Oslo, men har no flytta tilbake til Sunnmøre for godt, og trivdest best med
det.
Grunnlaget for møbeleventyret både i Sykkylven og på Stranda
i mellomkrigstida var at det var eit egalitært samfunn, der det var lite
forskjell på fattig og rik. Grundere gjekk saman med arbeiderne både i jobb og
fritid. Ofte blei arbeidere rekruttert i venneflokken. Lønningene var blant dei
laveste i landet, slik at produksjonskostnadene blei deretter, og bedriftene fikk
på den måten ein «flying start». Andre sunnmørske dyder som hardt arbeid,
forsiktighet med penger, det å gjere rett for seg, hjalp også til. Dette sunnmørske
møbeleventyret blei samanlikna med humla og hennar flygeferdigheter. Teoretisk
sett skulle ho ikkje kunne fly. Ho veit ikkje om det, derfor får ho det til.
Slik var det med møbelgrunderen også. Egentlig så skulle det vere umulig å
etablere slike bedrifter hos oss. Men dette blei mulig fordi grunderne ikkje
visste kor naturstridig dette var.
Harald Kjølås nevnte også andre karaktertrekk som å vere
skeptisk til alt nytt og når det nye viste seg å bli ein suksess, var
sunnmøringen meir entusiastisk enn nokon.
Sunnmøringen var vand med å hjelpe seg sjøl og var lite
autoritær. Derfor er det ikkje høflig tiltale i sunnmørsdialekter. Og om ein
skal fokusere på noko negativt, men som kan snuest til noko positivt: Misunning
var nok også ei sterk drivkraft både å¨godt og vondt.
Både lekmannsrørsla og avhaldsrørsla stod sterkt på begynnelsen
av 1900- talet; noko som kanskje ikkje er overraskende på bakgrunn av alle nevnte
karaktertrekk.
Kva så med stereotypien «Sunnmøringen»? Lever han i dag? I
følge Kjølås lever han nok, men pga. av urbaniseringa er han mindre tydelig i
dag. Likevel, meiner professor Arnljot Løseth ved Høgskulen i Volda, at den er sterkere enn stereotypien
«Romsdaling» og «Nordmøring». Og han meiner at stereotypien er sterkere enn det
som måtte finnes av stereotypier i resten av landet.
Kjølås siterte Artur Klæbo: «Ein sunnmøring er ein mann som
ruller stein medan han kviler». Dette synes referent kan oppsummere mykje av
dei karaktertrekk som heng ved sunnmøringer.
Det hadde tydeligvis vore eit både engasjerende og
underhaldande kåseri, for etterpå var det mange spørsmål og kommentarer.
Stor takk til Harald Kjølås!
President Bastian minte om neste Rotarymøte. Då får vi besøk
av nederlandske Ingrid van der Velde. Tittelen på hennar foredrag er «Frå
Nederland til Sykkylven. Møte med Sykkylven på godt og vondt». Til slutt ønska
han alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.