Referat frå Rotarymøte
18.10.2017:
President Bastian ønska vel møtt og fortalte at dette møtet
blei annaleis organisert enn vanlig. Foredragshaldar Lisbeth Berit Gjerde ønska
å halde foredrag i 45 minutt. Derfor blei 3 minutt avlyst.
Elles var Bastien kort om begivenheter denne datoen. Nevnte
kun at de er Kjersti og Kjerstin som har namnedag.
I sekretær en sitt fråver, forkynte Bastian at det er Inge
og Kai Otto sin tur til BUAS- besøk. Forrige møtet var det 20 frammøtte. Med
permisjoner og møtefritak gav dette 50 % frammøte.
Men Rotarysong må vi ha. Trubadur Olav hadde funne fram ein
song som passa godt for årstida, nemleg «Høsten». Melodien var også i moll og haustmodus, og ikkje så lett å
synge. Men med Olav sitt gitarspel og song, kom vi fint i gjennom songen.
Så var det Rotarykaffi med nokre kaker som hadde egenvekt i
klasse med bly. Men gode og velsmakande var dei. Medan vi drakk kaffi, begynte
Lisbeth på sitt bokstavelig talt livsviktige foredrag: «Hjerte- og
lungeredning» som vi forkorter til HLR. Lisbeth ville vise oss korleis vi med
gode teknikker kan redde liv.
Ho fortalte at alle kan gjere noko, det dummeste er å ikkje
gjere noko. Dersom nokon fell om, må ein først sjekke om det er respons frå
vedkommende. Dersom ikkje, er det viktig å lytte til pusten, ikkje begynne å
kjenne etter pulsen. Dersom pusten ikkje er normal, men meir som ei surkling,
må ein varsle 113, deretter starte hjertekompressjon. Ver obs på at det må vere
frie luftveier. Bøye hodet litt bakover for å sikre dette.
Oppsummert: Sjekke –
Varsle – Starte.
Hjertekompressjon kan vere ganske tungt. Det er ein fordel
at pasienten ligg på golvet, slik at ein kan bruke vekta av kroppen. Stille seg
heilt inntil pasienten – strake armer – knytte nevene og plassere dei midt på
brystbeinet. Så starte kompressjoner ved å trykke med ein frekvens på ca. 100
pr. minutt. Ein må virkelig ta i, for brystbeinet skal trykkast 5 til 6 cm ned.
Dette er sjølsagt tungt. Derfor er det ein opplagt fordel at ein kan bytte på
med dette «arbeidet». God kvalitet er viktig for resultatet.
Ved munn mot munnmetoden er det 2 innblåsninger til
brystkassa hever seg. Bruke 1 sekund. Mange trur at ein skal puste inn til brystet
løfter seg voldsomt, men dette er både uhensiktsmessig og unødvendig.
Medan ein heldt på med HLR (hjerte-lungeredning), er 113
varsla, og dei kjem med hjertestarter. Dersom ein er heldig, finst det ein slik
i nære omgivelser. Når ein skal bruke denne som ikkje-helsepersonell, er det
viktig å følge råd frå hjertestarteren. Reint praktisk må ein barbere bort hår
der ein skal feste elektrodene. På hø. side blir denne festa under kragebeinet.
Den ve. blir plassert på ve. sida av brystet, i linje med aksillen, slik at strømmen
går gjennom hjertet og ikkje overfladisk i huda.
Litt spesielt er det med babyer under 1 år. Der er det i utgangspunktet
lite oksygen i blodet. Derfor fortel Lisbeth at ein skal begynne med 5
innblåsninger og 1 minutt HLR før ein varsler 113.
Kva så om pasienten er bevisstlaus, men puster normalt ? Då
er det beste rådet å legge han i stabilt sideleie.
Noko, som referent synes er veldig nifst, er når det er
fremmedlegeme i halsen som blokkerer luftrøret. Då er det forskjellige
prosedyrer for barn (særleg barn under 1 år) og vaksne. Ved vaksne som ikkje
kan prate: Slå 5 slag i ryggen mellom skulderblada. Deretter 5 kraftige trykk
mellom navlen og brystbeinet. Sjekk så i munnen om det har kome opp noko i
halsen. Dersom pasienten er ved bevissthet, gjenta prosedyren. Dersom
bevisstløshet: starte HLR og varsle 113.
Ved barn er det litt annaleis: Barn eldre enn 1 år: Veksle mellom
5 raske støt mot ryggen og så 5 bukstøt.
Større barn kan bøye seg framover.
Ved babyer under 1 år: Stabiliser barnet over knærne med
hodet lavt. Stabiliser nakken. 5 raske støt mot ryggen. Snu deretter babyen og
gi 5 raske brystkompressjoner.
For utfyllende illustrasjon blir det varmt anbefalt å sjå og
lese Lisbeth sin presentasjon. Kor viktig Hjerte – lungeredning er, viser artikkelen som
Silje Pileberg har skrevet i A- magasinet. Ta deg tid til å lese denne!
Ein god del på overtid, takka president Bastian, Lisbeth for
foredraget, og som ein gest, fekk ho overrakt to stykke
ost. Dette såg det ut som Lisbeth satte stor pris på.
Så takka Presidenten for det livsviktige foredraget, minte
om neste møte og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"