Referat frå Rotarymøte
25. oktober 2017:
Dette Rotarymøte var på ein måte litt spesielt. Då blei det
for første gang avvikla eit Skype-møte. Vår utvekslingsstudent til Brasil,
Benjamin Stuen har flytta til Stord for videreutdanning. Sjølsagt tungvint å
reise heilt tilbake til Sykkylven for å vere med på Rotarymøte her. Då gjer ein
noko som er blitt meir og meir vanlig når ein ikkje kan møte opp i egen høge
person, nemlig bruke Skype.
Men først ønska president Bastian alle vel møtt og tok eit
kort resyme av noko av det som er hendt denne dagen: Margreta, Merete og Mertha
har navnedag.
Det er Kazakstan sin nasjonaldag.
1825: Josef Strauss d.y. blei født.
1881: Kunstneren Picasso blei født.
1929: Børskrakk på Wall Street som førte til ein langvarig
verdensvid økonomisk depresjon.
Trubadur Olav hadde valgt ut «Din tanke er fri», ei 500 år
gamal vise frå Tyskland. Men sjøl om visa er gammel, passer den godt til eit
Rotaryøte. Sangen er lett å synge, og med Olav sitt sedvanlige gitarspel lydde
det riktig flott.
Sekretær Knut Hennig var tilbake og kunne han forkynne eit
heilt ras med bursdager kommende veke:
Øyvind Østvik blir 75 år. Per Ringdal blir 70 år(!).
Oddbjørn Ramstad blir 76 år og junior i denne gruppa, Steven Blindheim blir 56
år. Gratulerer til alle!!
Ingjerd hadde sendt diplom til vår utvekslingsstudent
Daniel. Sendinga tok 6 veker, så Ingjerd kunne like godt ha rodd over «Dammen»
med sendinga. Men fram kom diplomet til slutt, og Daniel sende sms der han
takka Klubben vår så mykje. Ingjerd las opp kva han hadde skreve på sitt
sjarmerende norsk.
Vår eminente trubadur Olav P. hadde tatt av seg
trubadurhatten og tatt på seg 3-minutt hatten. I år er det 500 år sidan Martin
Luther slo opp sine 95 teser på kyrkjedøra i Wittenberg. Dette skjedde 31.
oktober, så vårt møte er det siste før Luther sine teser. Den omtalte
begivenhet kan i følge historikere ikkje overvurderes. Det innleidde reformasjonen
og brudd med Pavekirka i Roma. Det førte til at Bibelen blei oversatt, i første
omgang til tysk. Dette hadde igjen stor betydning for utvikling av skriftspråk
som tysk, og seinere andre språk som Bibelen blei oversatt til. Oppfinning av
boktrykkerkunsten ved Gutenberg la sjølsagt grunnlaget for dette.
Men Luther sine teser fikk ikkje berre religiøs betydning,
30- års krigen 1618 – 1648 hadde ein del av sin bakgrunn i reformasjon. Referent tek seg den frihet å
nevne at på dagen i dag, 25. oktober, blei freden i Westfalen proklamert. Dette
gjorde slutt på 30 år med ein katastrofal krig for Mellom-Europa, og særlig
Tyskland.
Olav nevnte at Luther både skreiv salmer og fleire bøker,
mest kjent er «Luthers Lille Katekisme» i 1529.
Luther gjekk ut av sin munkeorden og gifta seg med adelige Katherina
von Bora. Dei fekk i alt 6 barn.
Olav anbefalte boka «Munken som endret Europa», som han meinte er både
opplysende og lettlest.
Tilslutt viste han ein 5 minutters YouTube-film laga av tysklandskorrespondent
Arnt Stephansen.
Olav hadde lagt ned mykje arbeid i dette 3- minuttet, som
både var lærerikt, opplysende og interessant.
Under Rotarykaffen, med sedvanlig gode kaker, gjorde pappa til
Benjamin, Sindre alt klart til å ta i mot skypesendinga frå Stord. Og som ved
den reineste magi dukka Benjamin, i egen høge person, opp på skjermen. Då
kontakten var blitt etablert, blei bilde med Benjamin flytta opp i hø. hjørne
og ein PowerPoint presentasjon frå
opphaldet i Brasil blei vist.
Benjamin fortalte at han gjekk på Grunnkurs i Elektro, då
eit møte med Rotary, trigga hans utferdstrang. Det blei avgjort at Benjamin
skulle reise til Brasil, og at vi skulle ta i mot Daniel derifrå. Dei to møttes
faktisk i storbyen Bela Horizonte, der dei utveksla råd og erfaringer som kunne
kome dei til nytte i dei nye landa.
Benjamin bodde med to familier. Den første var i ein mindre
stad kalla Nova Lima, ca. 25 minutts busstur frå storbyen Bela Horizonte. Huset
var i landlige omgivelser, tett innpå eit naturreservat. Det hørtes litt eksotisk
ut når han kunne fortelle at det kunne komme apekatter heilt inn i hagen.
Det er mykje kriminalitet i området der huset ligg, derfor
er dette overvåka. Klimaet er ca. 30 grader, og med høg luftfuktighet.
Skulen han gjekk på heitte Polen Escola Wardon, og er som
ein slags Steinerskule. Det var mange prosjekter, og det blei arrangert mange
turer. Dette let til å passe Benjamin bra som ikkje er så glad i å lese og
pugge.
Så fekk Benjamin ny skule og ny familie. Den nye skulen var
ganske liten og tilsvara nivå Vg 3 her i Norge. Skulen er privat, og så vidt
referent forstår, er det skulepenger her. Elles let skuledagen til å vere
behagelig. Begynte kl. 8 og varte fram til 12:30, då det var lunsj. Etter dette,
forstod referent det slik, at Benjamin kunne fortsette skulen meir på frivillig
basis.
Huset til den nye familien er eit moderne hus i eit område
som også er bevokta. Berre 5 minutt frå huset, er det basseng og arenaer for
forskjellige aktiviteter. Ytterligere 10 minutt unna, er det treningsenter som
Benjamin benytta mykje.
Når det gjaldt fritidsaktiviteter, nevnte Benjamin opp
språkkurs ein gong pr. veke. Dette var ganske teoretisk, og han synes han lærte
meir ved naturmetoden når han snakka med andre. Videre fortalte han at han
trente noko som heiter capoeira 3 g/veka. Dette er ei blanding av
forsvarsteknikk og dans. Elles, som tidligere nevnt, trening på treningssenter.
Når det gjaldt det sosiale, møtte han venner og reiste også på arrangement og
festivaler.
I det heile tatt virka det som Benjamin hadde det ganske så
sosialt. Han viste bilder, der han møtte andre utvekslingsstudenter frå bl.a.
Belgia, USA, Taiwan, Danmark og Australia. Ofte kom dei sammen og spelte Point
Ball og bowling. Dei møttes ofte på kjøpesenter og åt gjerne noko som kalles
acai. Så vidt referent forstår, er det
ein slags smoothie av eit brasiliansk bær.
Referent har absolutt inntrykk av at Benjamin hadde trives i
Brasil. Han hadde blitt kjent med andre kulturer og fått mange internasjonale
impulser. Som ei lita oppsummering sa han at livet i Brasil gjekk frå å ha lite
å gjere til å begynne med til å ha noko å gjere kvar dag.
Eit flott innslag av ein på alle måter flott
utvekslingsstudent i god Rotaryånd.
Referent er overbevist om at dette skypemøte neppe er det
siste.
Litt på overtid takka president Bastian for det flotte
foredraget og minte om neste møte. Der vil visepresident Greta få sin ilddåp som
programleier når Bastian er bortreist. Kjenner referent visepresidenten rett,
er møtet i dei beste hender. Så minte han også om polioaksjonen på Fagrefjellet
søndag og oppfordra så mange som råd til å møte opp. Til slutt blei vi alle
ønska vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.