Referat frå Rotarymøte
15.11.2017:
President Bastian ønska alle vel møtt til dette møtet midt i
november, og spesielt til kvelden sin foredragshaldar Liv Vadset Walderhaug. Ho
hadde eit krevende og tankevekkende tema for kvelden: «Hjertetransplantasjon – Livet i
gåve.» Det var to andre gjester også: Otto Magne Strømmegjerde og Odd Kruger.
Applaus for alle.
Bastian opplyste at Liv gjerne ville ha god tid til sitt
foredrag. Derfor gjekk 3 minutt ut. Litt opplysning om dagen måtte Bastian
koste på oss: Oddfrid og Oddvar har navnedag.
I 1630 fant astronomen Johannes Kepler ut at planetene går i
elliptisk bane rundt sola.
I 1899 kunne vi i Norge heise det reine norske flagget, slik
vi har det i dag.
Sekretær Knut Henning hadde trassa ein travel kvardag, og
kunne opplyse at det ved forrige møte var 19 frammøtte. Med permisjoner og
fritak gav dette beskjedne 48 % frammøte.
Olaf og Jan stod for tur til BUAS-besøk.
Rotarysongen var på veg ut denne gang, men vår erfarne
trubadur Olav ordna likevel med song etter Rotarykaffien: «Mykje lys og mykje
varme», av Åge Alexandersen. Teksten høvde godt til kveldens tema.
Så fikk Liv ordet. Som nevnt var temaet «Hjertetransplantasjon
– Livet i gåve».
Ho starta med å fortelle at ho har jobba, og fortsatt jobber
ved Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus. Etter ho fekk nytt hjarte i
2008, blei ho i kraft av sin jobb, spurt om ho kunne tenke seg å halde foredrag
om det ho hadde opplevd. Dette omfatta tida frå ho begynte å merke symptom på at
noko var galt med hjerte og til ho blei hjertetransplantert. Videre fram til i
dag. Først kunne ho ikkje tenke seg dette pga. ho var grundig lei det heile.
Etter kvart modna likevel tanken , og ho har holdt mange foredrag om det ho har
opplevd.
Referent vil gjengi
foredraget i svært grove trekk. For det første er det vanskeleg å få med seg
detaljer og gjengi disse korrekt. For det andre blei vi presentert for ei
ganske personlig sjukehistorie. Sjøl om
Liv har halde dette fordraget for mange, synes referent det er på sin plass å
vise litt moderasjon i kva ein skal gjengi. Eg vil likevel forsøke å gjengi
grove trekk av foredraget.
Liv er genetisk belasta med hjertesjukdom i familien. Sjøl
håpa ho på at ho kunne sleppe unna dette. Ho er svært glad i å gå fjellturer, og
det finest vel ikkje ein topp på våre kanter ho ikkje har besøkt. Turene blei
dokumentert med fantastiske fjellbilder som ho viste oss.
Første jobb ho hadde var ved Ålesund sjukehus som
sjukepleier ved Medisin 1. Sjukehuset har eit bedriftsidrettslag kalt Pulsen.
Det er ei turgruppe i laget som Liv slo seg med. Gjekk atskillige turer i denne
regien. Sjøl om ho håpa på å sleppe unna hjerteplager, begynte ho allereie no å
merke symptomer som hjertebank, arytmier (urytmisk hjerte), hoven i kroppen,
kortpusten osv. Dette skjedde allereie i 1996. Etter kvart blei disse symptoma
meir uttalte. Ekstra tungt var det i 2002. Då blei det via div. undersøkelser,
stadfesta det Liv frykta, nemlig hjertesvikt.
Referent vil berre i grove trekk, gå inn på kva som skjedde
fram til hjertetransplantasjonen ved Rikshospitalet i 2008. Trass i at tida
fram til 2008 var vond, så karakteriserer ho åra 2003, 2004 og 2005 som også gode
med ikkje mindre enn 50 nye fjelltopperobringer.
I 2007 begynte Liv med intervalltrening. Dette er ein
treningsform som har vist seg å vere effektiv mot arytmier. Trass i dette,
måtte Liv få operert inn ein såkalla ICD – hjertestarter. Ein pacemaker, som
mange har høyrt om, blir operert inn dersom hjerterytma blir for langsom. Derimot,
viss hjertet slår altfor hurtig, som ved ventrikkeltacycardi, vil ICD –
hjertestarten gi eit støt som vil prøve å normalisere hjerterytma. Dette vil i
mange tilfelle oppleves veldig ubehagelig. Liv beskreiv det som å få eit spark
av ein hest. Etter kvart blei det fleire og fleire slike støt, noko som gjorde
at ho etter kvart utvikla angst. Liv karakteriserte ICD,en som både venn og
fiende.
Tilslutt blei Liv såpass dårlig at det ikkje var nokon vei
ut om å få operert eit nytt hjerte. Ho var på Rikshospitalet for undersøkelse
og utredning. Liv var redd ho ikkje var «dårlig nok». Men det var ingen ting å
frykte, ho var rikelig dårlig nok.
Ho reiste heim att etter oppholdet ved Riksen. Hadde ikkje
før kome heim før teleronen ringte: «Det var kome inn eit «nytt» hjerte. Dersom
ho kunne kome tilbake til sjukehuset i Oslo innen 4 timer skulle ho få dette
hjerte.» Etter mykje viderverdigheter, klarte ho tidsfristen sånn nogenlunde.
Ein laurdag i mars 2008 fekk Liv transplantert inn nytt hjerte.
Så fulgte ein periode med masse behandling og medisinering.
Liv var ganske dårlig, med mellom anna nyresvikt. Måtte bruke immundempende
medisiner som har masse trasige bivirkninger. Opp på alt, døde mor, med den
påkjenning som naturlig nok følger med.
Langsomt, men sikkert, blei likevel Liv bedre. Forsiktig
trening til å begynne med, for deretter å øke denne. Etter kvart var ho i stand til å gå 5 km kvar
dag. 1. juli 2008 var ein stor dag; då var det første turen til Frostatinden etter
transplantasjonen.
Var så til halvt års kontroll, og tilstanden var fin. Det
same var 2 års kontrollen. I 2010 var ho tilbake på jobb ved Hjerterehab. Dette
fungerer, så vidt referent forstår, heilt fint.
Ein kuriositet er at Liv har fått testa O2 – opptaket sitt. Dette
er målt til henholdsvis 15 % og 28 % over gjennomsnittet for kvinner yngre enn
Liv. Det er vel naturlig å tru at Liv kan takke sine utallige fjellturer for
dette fantastiske resultatet. Disse fjellturene er det ikkje blitt færre av
siste åra. Siste bilde på PowerPoint – presentasjonen var: «Livsglede – Grip
Dagen», eit motto vi alle kan ta til oss.
Foredraget til Liv varte over ein time, men det var svært
godt anvendt tid for oss alle. Sjølsagt mange spørsmål etterpå.
Liv fikk overrakt presang (denne gangen innpakka) av
president Bastian. Han fortalte at han, i likhet med mange av oss, hadde blitt
virkelig rørt av Liv si historie.
På overtid takka Bastian for frammøte og ønska alle vel
heim.
Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"