Hjertetransplantert Liv Vadset Walderhaug:

Les kva hjertetransplanterte Liv Vadset Walderhaug hadde å fortelle oss i Sykkylven Rotaryklubb.


Referat frå Rotarymøte 15.11.2017:

President Bastian ønska alle vel møtt til dette møtet midt i november, og spesielt til kvelden sin foredragshaldar Liv Vadset Walderhaug. Ho hadde eit krevende og tankevekkende tema for kvelden: «Hjertetransplantasjon – Livet i gåve.» Det var to andre gjester også: Otto Magne Strømmegjerde og Odd Kruger. Applaus for alle.

Bastian opplyste at Liv gjerne ville ha god tid til sitt foredrag. Derfor gjekk 3 minutt ut. Litt opplysning om dagen måtte Bastian koste på oss: Oddfrid og Oddvar har navnedag.

I 1630 fant astronomen Johannes Kepler ut at planetene går i elliptisk bane rundt sola.

Johannes Kepler 1610.jpg

I 1899 kunne vi i Norge heise det reine norske flagget, slik vi har det i dag.

  • Bilderesultat for noreges flagg

Sekretær Knut Henning hadde trassa ein travel kvardag, og kunne opplyse at det ved forrige møte var 19 frammøtte. Med permisjoner og fritak gav dette beskjedne 48 % frammøte.

Olaf og Jan stod for tur til BUAS-besøk.

Rotarysongen var på veg ut denne gang, men vår erfarne trubadur Olav ordna likevel med song etter Rotarykaffien: «Mykje lys og mykje varme», av Åge Alexandersen. Teksten høvde godt til kveldens tema.

Så fikk Liv ordet. Som nevnt var temaet «Hjertetransplantasjon – Livet i gåve».

Ho starta med å fortelle at ho har jobba, og fortsatt jobber ved Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus. Etter ho fekk nytt hjarte i 2008, blei ho i kraft av sin jobb, spurt om ho kunne tenke seg å halde foredrag om det ho hadde opplevd. Dette omfatta tida frå ho begynte å merke symptom på at noko var galt med hjerte og til ho blei hjertetransplantert. Videre fram til i dag. Først kunne ho ikkje tenke seg dette pga. ho var grundig lei det heile. Etter kvart modna likevel tanken , og ho har holdt mange foredrag om det ho har opplevd.

Referent vil  gjengi foredraget i svært grove trekk. For det første er det vanskeleg å få med seg detaljer og gjengi disse korrekt. For det andre blei vi presentert for ei ganske  personlig sjukehistorie. Sjøl om Liv har halde dette fordraget for mange, synes referent det er på sin plass å vise litt moderasjon i kva ein skal gjengi. Eg vil likevel forsøke å gjengi grove trekk av foredraget.

Liv er genetisk belasta med hjertesjukdom i familien. Sjøl håpa ho på at ho kunne sleppe unna dette. Ho er svært glad i å gå fjellturer, og det finest vel ikkje ein topp på våre kanter ho ikkje har besøkt. Turene blei dokumentert med fantastiske fjellbilder som ho viste oss.

Første jobb ho hadde var ved Ålesund sjukehus som sjukepleier ved Medisin 1. Sjukehuset har eit bedriftsidrettslag kalt Pulsen. Det er ei turgruppe i laget som Liv slo seg med. Gjekk atskillige turer i denne regien. Sjøl om ho håpa på å sleppe unna hjerteplager, begynte ho allereie no å merke symptomer som hjertebank, arytmier (urytmisk hjerte), hoven i kroppen, kortpusten osv. Dette skjedde allereie i 1996. Etter kvart blei disse symptoma meir uttalte. Ekstra tungt var det i 2002. Då blei det via div. undersøkelser, stadfesta det Liv frykta, nemlig hjertesvikt.

Referent vil berre i grove trekk, gå inn på kva som skjedde fram til hjertetransplantasjonen ved Rikshospitalet i 2008. Trass i at tida fram til 2008 var vond, så karakteriserer ho åra 2003, 2004 og 2005 som også gode med ikkje mindre enn 50 nye fjelltopperobringer.

I 2007 begynte Liv med intervalltrening. Dette er ein treningsform som har vist seg å vere effektiv mot arytmier. Trass i dette, måtte Liv få operert inn ein såkalla ICD – hjertestarter. Ein pacemaker, som mange har høyrt om, blir operert inn dersom hjerterytma blir for langsom. Derimot, viss hjertet slår altfor hurtig, som ved ventrikkeltacycardi, vil ICD – hjertestarten gi eit støt som vil prøve å normalisere hjerterytma. Dette vil i mange tilfelle oppleves veldig ubehagelig. Liv beskreiv det som å få eit spark av ein hest. Etter kvart blei det fleire og fleire slike støt, noko som gjorde at ho etter kvart utvikla angst. Liv karakteriserte ICD,en som både venn og fiende.

Tilslutt blei Liv såpass dårlig at det ikkje var nokon vei ut om å få operert eit nytt hjerte. Ho var på Rikshospitalet for undersøkelse og utredning. Liv var redd ho ikkje var «dårlig nok». Men det var ingen ting å frykte, ho var rikelig dårlig nok.

Ho reiste heim att etter oppholdet ved Riksen. Hadde ikkje før kome heim før teleronen ringte: «Det var kome inn eit «nytt» hjerte. Dersom ho kunne kome tilbake til sjukehuset i Oslo innen 4 timer skulle ho få dette hjerte.» Etter mykje viderverdigheter, klarte ho tidsfristen sånn nogenlunde. Ein laurdag i mars 2008 fekk Liv transplantert inn nytt hjerte.

Så fulgte ein periode med masse behandling og medisinering. Liv var ganske dårlig, med mellom anna nyresvikt. Måtte bruke immundempende medisiner som har masse trasige bivirkninger. Opp på alt, døde mor, med den påkjenning som naturlig nok følger med.

Langsomt, men sikkert, blei likevel Liv bedre. Forsiktig trening til å begynne med, for deretter å øke denne.  Etter kvart var ho i stand til å gå 5 km kvar dag. 1. juli 2008 var ein stor dag; då var det første turen til Frostatinden etter transplantasjonen.

Var så til halvt års kontroll, og tilstanden var fin. Det same var 2 års kontrollen. I 2010 var ho tilbake på jobb ved Hjerterehab. Dette fungerer, så vidt referent forstår, heilt fint.

Ein kuriositet er at Liv har fått testa O2 – opptaket sitt. Dette er målt til henholdsvis 15 % og 28 % over gjennomsnittet for kvinner yngre enn Liv. Det er vel naturlig å tru at Liv kan takke sine utallige fjellturer for dette fantastiske resultatet. Disse fjellturene er det ikkje blitt færre av siste åra. Siste bilde på PowerPoint – presentasjonen var: «Livsglede – Grip Dagen», eit motto vi alle kan ta til oss.

Foredraget til Liv varte over ein time, men det var svært godt anvendt tid for oss alle. Sjølsagt mange spørsmål etterpå.  

Liv fikk overrakt presang (denne gangen innpakka) av president Bastian. Han fortalte at han, i likhet med mange av oss, hadde blitt virkelig rørt av Liv si historie.

På overtid takka Bastian for frammøte og ønska alle vel heim.

 Referent

Jarle Svindseth


 

 


 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS