Referat frå Rotarymøte
29.11.2017:
President Bastian ønska alle vel møtt til Presidenten sin
time 29. november. Det er også Årsmøte med valg av President Nominee og nytt
Rotarystyre for 2018/2019.
Kvelden sin gjest var Roald Mork. Applaus til han.
Bastian nevnte noko av det som har skjedd denne datoen
opp gjennom historia:
Sofie og Sonja har navnedag.
I 1869 blei den norske maleren Harald Solberg født. Mest
kjente maleri er «Vinternatt i Rondane».
I 1924 blei Raumabanen åpna.
I 1947 vedtok FN opprettelsen av Israel og Palestina.
I 1969 blei den første tippekampen sendt på norsk TV.
I 1998: Fredsavtale mellom protestanter og katolikker i
Nord-Irland.
Trubadur Olav var på konsert i Kyrkja. Han hadde sendt
forslag til Rotarysang over sms: «Husker du den gang i måneskinn». Ein melodi
som står bakerst i sanghefte vårt og som var veldig populær i TV-programmet
«Husker du» med Odd Gryte og Ivar Ruste.
No var nok melodien ikkje heilt enkel å synge, så Olav sin
sang, sitt gitar- og pianospel var nok savna.
I sekretæren sitt fråver, forkynte presidenten at vår kjære
Rotaryven, Odd Holen fyller 70 år på fredag 1. desember. Sykkylven Rotaryklubb
gratulerer hjarteleg!
BUAS-besøk kommende veke er faktisk same Odd og Nils Arve.
Så var det 3 minutt ved Petter Velle: Han innleia med å
fortelle at han no er dreng på Jogarden i Velledalen. Sonen har tatt over
drifta. Deretter tok han oss tilbake til 2005, då 9 gardsbruk gjekk samen om å
produsere og levere økologisk kjøtt for salg. Det siste var ikkje enkelt denne første
tida. Det er heldigvis lettere no. Firmaet kalla dei for Tindemat.
I 2013 bygde Petter ny driftsbygning på garden, og fekk
dermed ikkje tid til å engasjere seg i firmaet.
2015 blei det likevel ein ny start under navnet Tindemat - Jogarden. No
er det berre to gardsbruk som er med. Det andre er Tindemat - Drotninghaug.
Så vidt referent forstår, er salg av varene ei utfordring,
men Facebook og bestilling på nett er ei hjelp til dette. Salget går direkte
til forbruker og ikkje til restautanter og butikker. Dei to Tindematfirma
prøver å få til ei så effektiv levering av kjøttvarene som råd.
For å sikre god kvalitet på leveransene, nevnte Petter at
dei alltid pakker same sort kjøtt i pakkene og ikkje som mange andre firma som
blander «hummer og kanari» for å bli kvitt mest mulig av kjøttet.
Interessant og opplysende 3-minutt av Petter.
Etter Rotarykaffi, med sedvanlig gode kaker, var det
visepresident Greta som overtok regien. Ho presenterte sin kandidat til
visepresidentvervet 2018/2019 og dermed president i 2019/2010. Kandidaten var
Petter Velle. Det gav vel ikkje rare odd å spå at Petter blei valgt med
akklamasjon uten motkandidat.
Så presenterte ho det nye Rotarystyret. Dette var det heller
ingen som hadde nokon kommenter til, og det blei valgt ved akklamasjon. Å kalle
Styret nytt er vel ein tilsnikelse. Av forandringer så blir Bastian past
president og leier i Medlemsskapskomiteen. Kristin blir leier i Programkomiteen
og sjølsagt Greta sjøl som blir President i det komande Rotaryår. Bortsett frå
dette, blir det samme velprøvde mannskapet.
Greta hadde gjort ein kjempejobb og satt opp medlemmer i dei
ulike komiteer. Snakk om å jobbe seg frampå.
Etter valget informerte Bastian om Styremøtet i forkant: Ein
ny PC var bestilt som foredragshaldarer kan disponere.
Det er etterlyst kandidat DG stillinga for 2020/2021. Har
Klubben vår nokon kandidat? Elles er det sommerleir i utlandet og Ingjerd med
fleire vil ta ein tur å informere om dette ved Videregående. Ho vil få med seg
ein eller fleire til å assistere seg til dette.
Så må det nevnes at det Vinlotteri var avvikla og det kom
inn 1850 kr.
Tilslutt minte President Bastian om neste møte med Ragnar
Kaland som vil halde foredrag om arbeidsplassen sin: Laader Berg. Så gjenstod
det berre for Bastian å takke for frammøte og ønske vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"