Sykkylven Rotary Klubb 2018-01-03, Møte i Sparebanksalen kl. 19.
Presidentens time.
President Bastian ønska velkommen og
leia møtet. Til innleiing fekk underteikna skrivar spørsmålet… «Veit du Olav
kva som skjedde på denne dagen i 1521?» Febrilsk fundering om Luther sitt liv,
men nei. Presidenten derimot, han kunne opplyse oss alle om at dette var dagen
då salig Martin Luther vart lyst i bann: «3. januar 1521 utstedte paven den
definitive bannbullen mot Luther. Den innebar at Luther var utstøtt av kirken,
og også at det var forbudt å distribuere og eie hans skrifter.» (Wikip.) Ei
stygg sak! Men Presidenten orienterte også om andre saker på datoen 3. januar: 1892
– J.R. R. Tolkien fødd. Forfattar av Ringenes
Herre. 1925 – Mussolini erklærer seg som diktator i Italia. 1959 – Alaska
blir stat nr 49 i USA. For dei som vil vite meir, kan dei til dømes prøve denne
linken: http://www.dagsdato.no/index0.html
På
første møte i 2018 fell det naturleg å følgje opp tradisjonen vår med å syngje
den gamle Auld Lang Syne, i norsk språkdrakt av Hartvig Kiran. Med den nynorske
teksten Skal gamal venskap kverva bort…
ble den brukt av «Syng med oss»-koret som innledning til korets faste sangtime
i NRK – Fjernsynet. (Etter Wikipedia)
Melodien
er en skotsk ballade og teksten av Robert Burns. Auld Lang Syne regnes som
Skottlands nasjonalhymne. Det er en fast sedvane i Storbritannia og blant
briter at sangen synges hver nyttåraften ved inngangen til det nye år.
Etter
entusiastisk song og med stor stemmeprakt, refererte Bastian statistikk frå
Knut-Henning, der frammøtet forrige gong var på 66 %. Vidare at Bjørg Dyrkorn
Velle fyller 60 år den 5. januar. Gratulererer! Steinar Nordmo og Arvid
Nordstrand står for tur til besøk på BUAS.
Geir
Brekke heldt så 3 Minutt på omtrent
«strak arm», etter å ha blitt utfordra av Presidenten, grunna eit forfall. Geir
tala vel og bra i 4:49 minutt om ei retteleg utfordring for mange av dagens noko
tilårskomne norske kvinner og menn. Påstand/ tese: Halvparten av Generasjonen
70+ vil miste ein god del funksjonar og kontakt
med samfunnet rundt seg, på grunn av manglande data-dugleik. Krav til
passord, pinkodar og «alle verdens innfallsportar» blir for massivt å handtere
for slike som ikkje har brukt data og følgt med i data-alderen. Eit besøk på
NAV-kontoret blir erstatta av vising til NAV si nettside, innlogging og vidare
prosedyrar som fell vanskeleg for mange. Er dette prisen vi må betale for «å
komme vidare» med oppbygginga av samfunnet vårt? Utviklinga stoppar ikkje opp.
Tvert om – ho eskalerer! Den som er ukunnig på data, lyt betale prisen.
Applaus!
Rotary kaffi og kake sto som neste post, saman med obligatorisk vinlotteri, til
inntekt for bl.a. Prosjekt Filippinane. Vinnarane frå Velledalen og Fauskebygda
sørga for god geografisk spreiing på dei to flaskene!
Kveldens foredrag handla om Distriktskonferansen D2305, 22.-24.
september 2017: «Mot en betre verden…?» President Bastian Weiberg-Aurdal og
innkommande president Greta Herje møtte frå Sykkylven Rotary Klubb. Vi les på
D2305 si nettside:
Link 1: http://d2305.rotary.no/no/distriktskonferansen#.WkyOm9_iZPY (To linkar tekne inn etter ønske frå Bastian)
«Distriktskonferansen ble gjennomført på Scandic hotell i Øyer 21. -
23. september. Omlag 170 engasjerte Rotarymedlemmer deltok og dyktige
foredragsholdere sørget for stort engasjement. Distriktskonferansen er en arena
for faglig påfyll og inspirasjon - der også vennskap og sosial omgang med
"Rotaryfamilien" er i fokus.»
Du vil finne meir referat og bilete under denne linken!
Oddbjørn Øien, Sula RK, har framleis eit
godt grep på trompeten! (foto:
John Stennes)
Link 2: http://d2305.rotary.no/no/bilder-og-presentasjoner#.WkyPSt_iZPY viser til
PRESENTASJONER
Rotaryåret 2017-18 Medlemsutvikling Club Central Mama Clara NORFO Prosjektutvikling
Ungdomsutveksling Sommerleir for ungdom TRF
Tiltredelsestalen til verdenspresidenten
2017-18 Ian Riseley. (Her er 8 linkar for meir informasjon. Vi lever
som kjent i informasjons-samfunnet!
Bastian refererte frå DistriktsKonferansen, med
støtte i PowerPoint presentasjon på 12 bilete. Foredrags-haldarar var Hovedforedrag:
Dialog og fredsarbeid i ei konfliktenes tid. Alfredo Zamudio, Karin Endsjø:
«Poliotrusselen er bare en flyreise unna», Tor
Steinar Rafoss: har saman med sin kone Ellinor, tilbrakt halve året i
Asembo i Kenya siden 2008. Saman med lokale ressurspersoner ble Dala Rieko CBO
etablert, det betyr ”Hjemmet der kunnskap bygges”. For å sikre trygge vann og
sanitær-forhold, ble Global Grant prosjektet Dala Rieko Water & Sanitation
startet i 2015/16, samt Dala Rieko WASH in Schools 2017/18.
Så langt referat frå Bastian sitt referat… Med
litt leiting under Link 1 og Link 2 vil du finne bilete og referat frå DK. Også
Årsmelding, pluss RI President John F. Germ si oppfordring til klubbane:
Bastian
lufta også tanken om samarbeid med andre… både rotaryklubbar og andre lokale,
ideelle klubbar og/ eller lag, med tanke på felles mål. Kva med å invitere
Karin Endsjø til Sykkylven?
Så
langt referat frå møtet. Stor takk til deg som har greidd å komme deg heilt ned
hit!
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
Rotarymøte 13.desember 2017
Rotarymøte 6..desember 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus