Referat frå Rotarymøte
10.01.2018:
I president Bastian sitt fråver var det visepresident Greta
som leia møtet.
Tradisjonen tru tok ho for seg noko av det som har hendt denne
datoen opp i gjennom historia:
1800: Predikant Lars Læstadius født. Døde i 1861. Innførte
læstadianismen som fikk sterk innflytelse på Nordkalotten.
1870: John Rockefeller grunnla Standard Oil.
1920: Folkeforbundet stifta.
1946: FN i New York hadde si første Generalforsamling.
1947: Den første kontigenten med soldater i Tysklandsbrigaden vart sendt til
Hartz i Tyskland.
1953: Siste kontingent med soldater tjenestegjorde i
Tysklandsbrigaden. Då hadde 40 000 nordmenn tjenestegjort her.
1984: Den svenske alpinisten Ingmar Stenmark vann sin 75.
seier i eit WC renn. I alt vann han 84 WC – seirer. Han er den mestvinnende
alpinisten i verda til no.
Trubadur Olav hadde funne ein Rotarysong som stod til
årstida: «D,er kvitt og fritt og blankt.» Forfatter er Sturla Brørs. Kan det
vere skiløperen som er blitt inspirert til å skrive sangen ?
Sekretær Knut Henning hadde trossa ein travel kvardag og
forkynte at det er Olav P og Karl R som står for tur til BUAS- besøk. Når det
gjeld bursdager, fyller Hallstein 54 år på søndag, 14. Forrige møte var det 21
frammøtte. Det gav ein frammøteprosent, når ein tek med permisjoner og fritak,
på 54.
3- minutt var ved vår eminente kasserer John Henrik. Han rapportere nytt frå sin arbeidsplass Brunstad Fabrikker. Han innleia med at 2016 hadde vore eit dårleg år med 5 million kroner i underskudd. Innverande år ser bedre ut, og ein rekner med at budsjettet ville gå i balanse. Akkurat det med budsjett var John Henrik sitt hovedanliggende. For 2018 blei det nemlig ikkje satt opp noko årsbudsjett for drifta av fabrikken. Eit slikt budsjett er ofte ikkje nødvendigvis realistisk. Det gir kun illusjon av kontroll og blir fort utdatert. I staden blir det satt opp eit rullerande budsjett der dette blir satt opp anna kvar månad. Når det så har gått 2 måneder, blir det så tatt opp til ny vurdering og korrigert, dersom dette er nødvendig. Altså blir det ei 12 måneders prognose som varer i 2 månader til ei ny prognose blir satt opp. Denne rullerende prognosen meiner John Henrik gir bedre kontroll og gjer det lettere å treffe tiltak av økonomisk eller anna art, dersom dette er nødvendig.
Etter Rotarykaffe og sedvanlig gode kaker, var det ordfører
Odd Jostein sin tur til å orientere oss om stoda i Sykkylven Kommune. Korleis
går det med drifta? Kva har ein oppnådd? Kva planer har ein for framtida, og
kva er dei største utfordringene. Odd Jostein heldt ein svært interessant,
informativt og omfattende presentasjon. Referent finn det lite hensiktsmessig å
forsøke å gjenta dette. I staden har Odd Jostein vore grei og sendt over sin PowerPiont-
presentasjon. Dersom du vil sjå denne og få ein meir omfattende repetisjon,
klikk på følgende link: Årsrapport frå ordfører 2018.
Likevel vil referent gjengi noko av det han oppfatta som
viktigst frå foredraget.
Odd Jostein delte foredraget 8 temaer: 1. Organisasjon. 2.
Robek. 3. Gjennomførte saker. 4. Kommunedelplan for sentrum. 5. Fjellsætra. 6.
Kommunereform. 7. Sentrumskule. 8. Prosjekt for 2018 og videre.
1.
Organisasjon: Odd Jostein innleia med å
fortelle at det er blitt ansatt nye folk i inneverende år. Det er ansatt ein ny
kommunalsjef ved navn Midtbust. Sameleis er det kome på plass ein ny kommuneoverlege
i 50 % stilling. Sykkylvingen Catrine Hovdenakk er ansatt som fagleier for
personell. Og Margit Overå er ansatt som helsefaglig rådgiver. Odd Jostein
oppsummerte med at det hadde vore ei stor og god søknaksmasse som viser at
Sykkylven Kommune fortsatt er ein attraktiv arbeidsplass.
2.
Robek; Sykkylven Kommune er ute av
Robeklista, og eit underskot på 50 mill. kroner blei snudd til eit overskot på
20 mill. Det å vere ute av denne lista er viktig dersom ein vil gjere både små
og store investringer. Det er også lettere å garantere for lån til
organisasjoner, f.eks. Sykkylven Skisenter. I det heile er dette svært viktig
for å kunne utvikle kommunen videre.
3.
Gjennomførte saker: Odd Jostein nemnte ei
imponerende antal saker som er blitt gjennomført inneverende år. Det tek for
mykje plass å nevne alt, men referent vil nevne: Brannstasjonen og flytting av
den russiske tråleren i Hundeidvika. Ved å avstå frå priskompensjonspenger vil
det frå 1. februar vere gratis å krysse Sykkylvsbrua. For ytterligereinnsyn i
kva som er oppnådd sjå Presentasjonen til Odd Jostein.
4.
Kommunedelplanen for sentrum: Ordføreren
understreka at dette er svært viktig for kommunen. Særlig er det viktig å få
klargjort nye tomter i sentrum.
5.
Fjellsætra: Utbygging av infrastruktur
ved Fjellsætra er sjølsagt mange som er interessert i. Særlig gjeld dette den
planlagte kloakkledninga som vil gå frå Fjellsæter Ungdomsenter, via ledning
som er nedsunken i Nysætervatnet, til Orreneset og ned til sjøen ved Fausa. Det
er også satt ned ei nemnd som skal sjå på og planlegge langrennskiløyper. Dette
for å unngå at desse kjem i konflikt med hyttebygging. Sidan vegen til
Drabløsstølen blir brøyta, må ein del av løypa her legges om. Odd Jostein nevnte
at det er ein dugnadsgjeng som legg ned eit stort arbeid for å gjere løypende så gode og tilgjengelige som mulig.
Kommunen yter så penger for å hjelpe til i dette arbeidet.
6.
Kommunereform: Her ser det ut til at regjeringa ikkje er full
så bastant lenger. No skal kommunesammenslåinger vere basert på frivillighet i større
grad enn før. Det er innført ei inntektsgarantiordning (INGAR) som garanterer
400 kr pr innbygger. I Sykkylven sitt tilfelle blir dette innbyggertallet x 400
= 3 068 400,-.
7.
Sentrumsskule: Dette er ei sak det har vore mykje merksemd
om. Arbeidet her fortsetter både med forhandlinger med grunneiere og undersøking
av grunnforhold. Romprogrammet er klart og det blir arbeid uti fra 3 ulike
senario når det gjeld elevtal.
8.
Prosjekt framover: Når det gjeld planer
framover, er det rikelig av desse: Referent nevner berre eit lite utvalg: Veg
over Auremarka til Sykkylven Energi. Utbedring av Sørestrandvegen og Øvre
Tynesvegen. Reguleringsplan for gangveg mot Ørsneset er ferdig. Samstundes
nevnte Odd Jostein at det må føres ein strømkabel til ferjekaia, slik at dei
nye fergene kan bli ladda. Det vil vere veldig praktisk å legge ein slik kabel
sammen med den nye gangvegen. Reguleringsplanen for rundkøyring ved Småbåthamna
er ferdig, og eit firma har fått tildelt arbeidet med å rive Godsterminalen.
Sjå elles Presentasjonen for fleire planer.
Litt på overtid avslutta Odd Jostein sitt grundige og
informative foredrag. Det blei tid til nokre spørsmål, før visepresident Greta
runda av møtet med å understreke kor heldige SRK som har ordføreren blant
medlemmene. Så minte ho om neste møtet med Magne Skudal. Han vil komme med råd
angående kva slags bil vi bør kjøpe i framtida. Til sist blei alle ønska vel
heim.
Referent
Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"