Referat frå Rotarymøte
24.01.2018:
President Bastian ønska vel møtt til dette Rotarymøte 24.
januar. Først ønska han kvelden sine to gjester velkomen: Roald Mork og kvelden
sin foredragshaldar Magnar Kvalvåg.
Først tok Bastian for seg noko av det som har hendt denne
datoen: Joar, Jarl og Jarle har namnedag. Applaus til referent.
I 1776 blei Ernst Hoffmann født. Regnes som den romantiske
bevegelse sin første forfatter og pioner innen for «fantasy» litteratur.
I 1924 fikk St. Petersburg navnet Leningrad. I 1991 fekk
byen tilbake sitt opprinnelige navn.
I 1947 blei artisten Øystein Sunde født.
I 1956 blei artisten Hanne Krogh født.
I 1965 døde Winston Churchill.
I 1978 fall den sovjetiske satellitten Cosmos ned over
Canada og forårsaka uranforurensing.
Trubadur Olav hadde valgt ut ein litt ufordrande sang å
framføre: «Jeg vil male dagen …». Med Olav sitt gitarspel sang vi oss gjennom
alle dei regnbuen sine farger vi ville bruke til å male dagene.
Sekretær var tilbake, og denne gangen hadde han den hyggelig
oppgave å fortelle at ved forrige møte var det 29 frammøtte. Det gav flotte 71
% frammøte. Greta og Rolf står for tur til BUAS-besøk. Når det gjaldt bursdager,
opplyste han at Odd Jostein fyller 52 år 29. januar, medan Steinar Nordmo
fyller rundt år 25. januar, nemlig 70 år. Sykkylven Rotaryklubb gratulerer!
Når vil først er inne på bursdagen, fekk Olav P. ordet og
takka hjertelig for blomsterbukett frå klubben i høvet sin 75 års dag. Men
ikkje nok med det: Då han var innom blomsterbutikken for å hente denne
buketten, fekk han favnen full med buketter frå andre gratulanter. Olav
fortalte at han blei rørt av så masse blomster og gratulasjoner.
Visepresident Greta hadde overlatt ansvaret for 3 minuttet
til sin kjære Jan. Han fortalte at han har holdt 3 minutt om Sykkylvsbrua fleire
ganger tidligere og ville ikkje gjere noko unntak denne gongen heller. Ved
forrige møtet hadde Hallstein spurt han korleis han kunne komme på den ville
ideen å foreslå ei bru over Sykkylvsfjorden. Jan fortalte at han fekk ideen då
han jobba som ingeniør på Vestnes. Der
var bru over Tresfjorden på tale allereie då. Vestnes hadde den fordelen at dei
hadde ein holme å forankre brua til. Vegen rundt Tresfjorden er riksveg, mens
vegen rundt Sykkylvsfjorden var Fylkesveg. Dermed ville finansiering av bru i
Sykkylven bli vanskelig å finansiere med offentlige midler. Jan fortalte videre
at han, no som då, var ein ivrig hobbyfisker. Han la merke til at Vikefluda
ikkje er meir enn 12 m djup. Jan fikk videre med seg ein kompis med ekkolodd.
Dei fekk undersøkt grunnforholda systematisk i heile Sykkylvsfjorden. Utskrifta
av dette blei analysert av Norconsult. Dei konkluderte med at fjorden mellom
Ekornes og Vikøyra ikkje var djupere enn at det burde ligge til rette for ein
bru. Men seinere viste det seg at når ein skulle slå pæler ned i botnen, måtte
ein slå desse 42 m ned, i staden for 20 m, som Jan hadde tenkt. Tilslutt
konkluderte Jan med at hadde han visst kor mykje arbeid brua førte med seg,
hadde han ikkje tatt på seg jobben. Men uansett er den nedbetalt om ei veke, og
bygda er skuldig Jan stor takk.
Etter kafe og som vanlig veldig gode kaker, var det
humoristiske Magnar Kvalvåg sin tur til å halde
fordrag om Sykkylven Gjensidige Trygdelag. Her er Magnar daglig leier.
Tittelen på foredraget var: «Kvifor vere stor når ein er lykkelig som liten ?»
Tanken om gjensidige forsikringer fortalte Magnar gjekk
heilt tilbake til middelalderen og kong Olav Kyrre. Langt seinere, i 1861, kom
det pålegg frå kommunestyre i Sykkylven til ordføreren om å få til ei
brannkasse. I 1886 blei Sykkylven Gjensidige Trygdelag stifta. Her var det
snakk om nøysemd i ordets rette forstand. I 1887 var forsikringspremien 30 øre
pr. tusen kroner i premie. I 1892 blei første utbetaling med kr. 550 etter
brann i stova til Bernt Sætre. Som ein liten kuriositet, nevnte Magnar at
Hatlemark Trevarefabrikk ikkje fikk teikne forsikring pga. at det blei vurdert
for stor brannrisiko. Egenkapitalen var i 1912 kroner 12.733. I 2017 har denne
vokst til 100 mill.
Trygdelaget har hatt forskjellige tilhaldsstader, frå heimen
til formann og kasserer til å begynne med. Seinere, i 1908, flytta dei til det
nye bygget til Sparebanken. Seinere til Sparebanken Møre sitt nye bygg, og i
dag held dei til i eige hus i sentrum. Det er 4 tilsette med, som nevnt, Magnar
som daglig leier.
Magnar kunne stolt fortelle at Sykkylven Brannkasse er eigd
av eigarane. Det er også ei kunnskapsbedrift som ønsker å vere i front når det gjeld utvikling,
sjøl om ting heile tida er i endring, med spesielt digitalisering. Trygdelaget
sitt styre er lokalt, og kontoret ligg i bygda, slik at det er lett
å nå tak i for bygdefolket.
I tidsrommet 2011 til 2017 delte Gjensidige ut 54 mill
kroner i utbytte til kundene. Som ein viktig aktør her i Sykkylven, opplyste Magnar,
at dei har delt ut 3,7 mill. kroner i gaver til lokale aktører.
Framover ser Magnar for seg at aukande digitalisering blir
ei utfordring saman med aktører på nettet som Facebook og Google. Desse veit
til ei kvar tid kva du er interessert i, og dei veit å komme med tilbud som er
skreddersydd etter den enkelte si interesse.
Så var det mange spørsmål, slik at møtet gjekk litt over
tida. Det synes dei fleste var vel anvendt tid.
Etter at Magnar hadde fått sin velfortjente gest, opplyste
president Bastian at neste møtet, 31.januar,
blir kl 18:30. Då kan den som vil
overvære seremonien
der Brua, etter over 17 år, blir gratis.
Så ønska han alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.