Referat frå rotarymøte
31.01.2018:
President Bastian ønska alle vel møtt, og spesielt våre to
gjester Roald Mork og kvelden sin foredragshaldar, Erlend Krumsvik.
Men først som vanlig noko av det som har hendt denne datoen
opp i gjennom historia:
Idun og Ivar har navnedag.
1686: Grønlands apostel, Hans Egede født.
1797: Komponist Franz Schubert født.
1892: Første hopprenn i Holmenkollen.
1958: Den amerikanske satellitten Explorer 1 skutt opp.
1964: Den kriminelle lavalder heva frå 14 år til 15 år.
31.01.2018: Vi kan feire at det blir gratis å køyre over
Sykkylvsbrua. Fyrverkeri kl. 20.00.
Trubadur Olav klaga over at han ikkje hadde funne ein Rotary-sang
som matcha kvelden sitt tema, men «Kjenn
ditt land» holdt i massevis. Skreve av O. Strøm. Sangen stod i den gamle
skulesangboka.
Elles er det greit å vere sekretær desse dagene: Forrige
møte var det heile 29 frammøtte, som gav flotte 73 % frammøte. Ingen bursdag
kommende veke og det er John Henrik og Bastian sin tur til BUAS-besøk.
3-minutt var denne gang ved Roger Kornberg. Han tok for seg
ei aktuell sak, nemlig at Rolls Royce skal foreta ein såkalla «stategic rewiev»
når det gjeld den marine delen av drifta. Dette er eit anna utrykk for at Rolls
Royce vil selge den marine delen. Dette vil omfatte ikkje mindre enn 1451
ansatte i Møre og Romsdal.
Roger fortalte at det er 3 avdelinger i Rolls Royce. Den
største produserer flymotorer til både sivil og militær luftfart. Dette
omfatter 67 % av firmaet og det blir omsatt for over 100 mrd norske kroner.
Den nest største avdelinga er såkalt «Power systems». Dei
produserer motorer til tog, lastebiler, gravemaskiner og strømforsyning.
Den 3. avdelinga er den marine seksjonen. Denne har ikkje
gått så bra. I 2010 blei det i Norge omsatt for 11 mrd kroner. I 2017 hadde omsetninga gått ned til 5 mrd.
Årsaka til dette er nedgangen i oljerelatert verksemd.
No er altså den marine delen til salgs, og både Roger og dei
fleste andre håper at lokale interessenter tek over, slik at ikkje verdifull
kompetanse går tapt.
Eit strukturert og informativt 3-minutt av Roger.
Etter rotarykaffe og saftig, gode kaker, var det Erlend
Krumsvik sin tur til å halde kvelden sitt foredrag. Erlend er rådgiver i
Sunnmøre regionråd. Tema var digitalisering av offentlig sektor. Erlend formulerte
følgende problemstilling: Det er store demografiske forandringer på gang. Vi
blir fleire eldre som skal ha sin pensjon og sin velferd. Vi har forventninger
om at den service vi får skal vere bedre og bedre. Men korleis få dette til når
det er berre halvparten av dagens arbeidsstokk til å sørge for dette. Erlend
skisserte då 3 løsninger.
1.
Få ned kostnadene og dermed gå på akkord med
kvalitet og omfang av den service vi forventer.
2.
Auke skattenivået. Dette er ikkje så lett når
det er berre halvparten til å bere den auka skattebyrda.
3.
Den siste måten, som Erlend anbefalte, var nye
måter å tenke på med nye løsninger. Nærare bestemt digitalisering av offentlig
sektor.
Allereie no er samfunnet digitalisert. Vi fikk internett i
1991. I dag har dei fleste ein Smart Telefon som har ei mengde funksjoner, frå
all verdens slag telekommunikasjon til oppslagsverk, all verden slags sosiale
medier og mykje meir. Vi betaler rekninger over Nettbank og det siste er
betaling via Vipps. Det meste er blitt meir lettvint, og ikkje mange ønsker seg
tilbake til «analoge dager».
Ein liknande revoluson kan Erlend tenke seg innen offentlig
forvaltning. Mellom ein tredjedel og 55 % av alt kommunalt arbeid, tenker han
kan skje digitalt.
Når det gjeld ein etat som Statens Lånekasse, blir dei
fleste henvendelser behandla digitalt, uten at mennesker har vore innom. Dersom
ei sak ikkje kan behandlast digitalt, blir ein automatisk satt over til eit
menneske som forhåpentligvis har bedre forutsetninger til å løyse problemet.
I det heile tatt, oppfatter referent, Erlend som at ein bør digitalisere
alt som kan digitaliseres. La det digitale behandle det som er unødvendig for
mennesker å befatte seg med. Dersom datamaskinene kjem til for kort, vil dei
automatisk sette videre over til fagfolk, som kan komme videre i problema.
Det heile lydde litt futuristisk for referenten. Men når ein
tenker på den utvikling som har vore siste 10 til 15 år. er det vel sannsynlig at utviklinga går slik
Erlend skisserer. Uansett eit tankevekkende og interessant fordrag som
president Bastian visste å belønne med ein innpakka brunost.
Så slutta vi litt over halv åtte, slik at vi kunne overvære
fyrverkeriet i samband med gratis brupassering.
Referent
Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"