Olav og Ove med familier på tur til Tyskland juli 2017.

Ove og Olav forteller og viser bilder frå tur til Berlin og fleire andre byer som dei besøkte i juli 2017.

Referat frå Rotarymøte 21.02.2018:

President Bastian ønska vel møtt til dette møtet 21. februar. Ingen gjester, og heller labert oppmøte.

Tradisjonen tru nevnte Bastian noko av det som har hendt denne dagen: Samuel, Selma og Seline har navnedag.

1660: Svenskene forsøkte å erobre Halden, kalt det 3. slag om Halden.

1808: Sverige må gi Finland over til Russland og Finland blir ein del av Russland.

1937: Prins Harald blir født. Den er første norske prins som er født på norsk jord på 566 år.    

1975: Richard Nixon sitt byråkrati blir straffeforfulgt.

2002: Tvillingene, artistene og jentehjerteknuserne, Markus og Martinus  blir født.          

 

Trubadur Olav kunne for så vidt tenkt seg  ein Rotarysong som markerte kongen sin bursdag. I staden  hadde han funne ein song som markerer at vinteren er på hell: «Sov du vesle spire». Skreve av Zach. Topelius.

3-minutt var ved Asbjørn Riksheim: Han er daglig leier for L.P.Riksheim. Han tok for seg framtida for møbelindustrien her i Sykkylven. Dei fleste fabrikkene er med i ei  eller fleire kjeder, og etter Asbjørn si meining, har desse for stor makt. Dette fører til at det blir for stor avstand mellom kunden og produsenten. Kjedene står på ein måte i veien.

Asbjørn meiner at fabrikkene her i Sykkylven bør kunne gjere noko med dette. Vi har 80 % av heimemarkedet. Vi har stor kompetanse. Vi har opplæringskontor og testlaboratorium. Alt skulle altså ligge til rette for å få ei friere stilling i forhold til kjedene.

Asbjørn føler også at det er vanskelig å starte nye bedrifter pga. kjedene. Vi må derfor kanskje tenke annaleis enn vi har gjort til no. Det må bli bedre samarbeid mellom interiørarkitekter og møbeldesignere. Ein kan starte med messene i dei store byene, der ein henvender seg direkte til kundene.

På same måten, kan ein nå kundene direkte ved å satse på netthandel, og på denne måten nå folk utenfor det etablerte salgsapparatet.

Mange gode ideer frå Asbjørn.

 

Då Ove og Olav hadde mykje på hjertet og masse bilder å vise, fikk dei begynne samstundes med Rotarykaffien.

Ove orienterte litt om bakgrunnen for turen til Tyskland/Berlin juni – juli 2017. Han har felles musikkinteresse med Olav. Ein tur til Berlin, og ein Wald Buhne-konsert hadde lenge stått på ønskelista. Så måtte det jobbes med å skape velvilje hos dei av familiemedlemmene som ikkje har samme musikkinteresse som Ove og Olav.

Berlin og friluftskonsert med Berlin filharmoniske orkester var hovedmålet, men delmål var Lutherstadt Wittenberg, Leipzig og Dresden.

Ove blei litt stuss då han fikk høyre at Richard Wagner sin «Ring des Niebelungen» var eit av hovedverka. Dette er eit «tungt» verk, sjøl for folk som er kjent med musikk. Bedre blir det ikkje for dei som har mindre kjennskap. Ove tok likevel utfordringa og satte seg inn i verket, og presenterte det for dei andre på fellesmøta.


Med dette som utgangspunkt sette reisefølge seg på 6 på flyet til Berlin.

Så tok Olav over med sin bildekavalkade. For å få fullt utbytte av dette, var det sjølsagt best å vere til stades på møtet.

Referent vil  kun kommentere kort Olav sin billedkavalkade. Han innleia med at flyturen ikkje fikk nokon heldig start. Transportbandet på Gardermoen hadde stoppa opp, og all bagasje hadde havna i ei svær haug. Denne blei returnert til Sykkylven i ganske så medtatt tilstand ei veke etter heimkomst.

Då dei kom til Berlin, blei dei att på til møtt av høljregn. Men Olav, med reisefølge, blei ikkje motlause av den grunn. Framfor friluftskonserten, møtte dei opp 1 ½ time før denne begynte. Då var utetribunene allereie ganske fulle. Konserten starta kl. 20 og varte i ca. 1 ½ time. Ei stor musikalsk oppleving med eit svært dyktig orkester og dirigent.


Utom konserten var det sigthseeing i Berlin. Dei mest berømte plassene blei besøkt:  Brandenburger Tor, Checkpoint Charlie, Berlinerdomen og Riksdagsbygninga.  Her hadde ein kjent arkitekt fått frie tøyler og fått laga til ein spektakulær glaskuppel. (Sjå bilde!) Det litt spesielle med denne, er at turistene går i spiral og det heile er laga slik at ein ikkje møter folk som går i motsatt retning.

Etter Berlinturen, reiste følget til Luther sin heimby Wittenberg. Her hadde Olav tatt plenty med bilder. Byen beskreiv Olav som ganske så rolig og fredelig. Katarina von Bora, kona til Luther, var kjent for å lage god mat. Naturligvis måtte dei besøke ein restaurant som serverte mat i hennar ånd. Riktig godt, så vidt eg forstod Olav.


Videre gjekk ferda til Leipzig, der Johann Sebastian Bach hadde sitt virke i mange år. Dei siste åra var han organist og komponist i Tomaskirche. Rekner med at Olav hadde det som plommen i egget i denne byen.


Siste byen på ferda var Dresden. Dette var ei by som vart svært hardt bomba i februar 1945. Anslagsvis 25 000 mennesker blei drept. Olav viste bilde av Frauenkirche som under bombinga var lagt fullstendig i grus. Denne kirka er no bygd opp at etter modell frå den gamle. I 2004 stod den ferdig.


Så gjekk turen via tog tilbake til Berlin og neste dag med fly til Norge. Då hadde familiene vore borte ei veke. Referent synes reisefølge hadde vore særdeles aktive, og fått utrulig mykje ut av veka i Tyskland. Dei hadde sannelig ikkje ligge på latsida.

Olav er veldig flink å fotografere og presenterte kavalkaden ypperlig. Dei som ikkje var på møtet kan berre angre seg.

Litt på overtid runda president Bastian av og minte om neste møte 28., og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

   


 
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS