Referat frå Rotarymøte
ved Montessoriskulen i Velledalen 21.03.2018:
Denne gangen var SRK på besøk hos Montessoriskulen i
Velledalen. Det er ganske nøyaktig 5 år sidan forrige besøk, våren 2013.
Vår rotaryven og rektor ved skulen, Kristin innleia med ei lita
orientering om Montessori og pedagogikken bak dette. Det var Italia sin første
kvinnelige lege, Maria Montessori som er grunnleggeren. Kortfatta går denne
pedagogikken ut på å undervise barna på deira eigne premisser, uten negativ
fokusering. Barna skal sjøl søke kunnskap, og har gjerne lengre sammenhengende
arbeidsøkter enn i vanlig skule. Det er aldersblanda grupper, og det er lite
bøker, men til gjengjeld meir materiell. Arbeidet blir gjerne frå det konkrete mot
det abstrakte. Ofte er det læring gjennom praktisk arbeid. Til siste, men ikkje
minst, barna tek ansvar når dei får høve til det.
Maria Montessori (1870 - 1952): Grunnleggeren av Montessoripedagogikken
Etter denne innleiinga blei vi vist rundt i dei ulike
klasseromma på skulen. Her hadde både lærer og fleire elever tatt seg bryet med
å møte opp og vise oss kva dei jobber med og korleis skulen fungerer. Sjå bilda frå omvisninga under:
Etter omvisninga, samla vi oss igjen. Rektor og rotaryven
Kristin fortsatte så si orientering, samstundes som vi drakk kafe og åt aldeles
fenomenalt gode sveler.
Kristin tok føre seg noko av dei utfordringene skulen har.
Disse er forskjellige frå vi var her i 2013. Då var det spørsmål om nok
godkjente lærere og å bygge opp ei stabil personalgruppe. Blir det nok elever? Korleis blir samarbeidet med kommunen? Og sjølsagt
mange skeptikere både til pedagogikken og til det private initiativ.
No opplever Kristin andre utfordringer: Er det nok areal? Korleis
handtere venteliste? Er det nok kompetanse innen Montessipedagogikken? Ei
utfordring er uforutsigbare statlige tilskot. Er styrekompetansen god nok ?
Skulle også gjerne hatt ein Montessoribarnehage. Til sist, men kanskje noko som
strir mot sjølve Montessoritanken: Aukande egoisme i samfunnet.
I tillegg til utfordringer, nevnte Kristin fordelene med å
ha denne skulen i Velledalen: Den representerer 12 arbeidsplasser. Den skaper
identitet og er ein viktig del av Velledalen Kulturpark og miljøet i
Velledalen. Grendahuset har gode leigeinntekter, og det er eit anna pedagogisk
tilbud til skapergledebygda Sykkylven.
Kristin kom inn på økonomi og ei masse tall som det blei
mykje debatt rundt. Referent vil ikkje forsøke å gjengi dette. Det kan like
godt bli feil som riktig.
Til slutt avslutta Kristin med at det no ligg inne søknad om
å få utvide elevtallet til 90. At det vil bli utfordring arealmessig er vel
ikkje utenkelig.
Som takk for den flotte orienteringa, den flotte omvisninga
og ikkje minst den gode maten, overrakte president Bastian dei to sedvanlige
ostene. Bastian veit at Kristin liker godt ost, så dei blir nok gjort ære på.
Så minte han til slutt om at neste rotarymøte blir Årsfesten
6. april kl 19:00. Så takka han for frammøte og ønska vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"