Årsfest i Sykkylven
Rotaryklubb 06.04.2018:
Litt seinere på året enn vanlig var det tid for den årlige
festen til Rotaryklubben vår. Lokala var Odd Fellow i Straumegjerde. Som seg hør og
bør, opna president Bastian med å ønske alle vel møtt, særlig til gjestene,
Hallstein Kurseth, AG (assisterende guvenør) Kjell Høydal og ektefeller og partnere.
Det er ikkje sikkert alle er like godt informert om Rotary,
og presidenten gav ei kort orientering om organisasjonen.
Som avslutning på innleiinga, gav han ordet til
visepresident Greta. Ho leia oss gjennom festen som om ho ikkje skulle ha gjort
anna. Først presenterte ho kveldens trubadur, Hallstein Kurseth. Han fikk oss i
god stemning ved å synge ei rekke kjente viser. Dyktig utført («fagfolk er
fagfolk»).
Så var det tid for det
matabordet. Sjå bilde! Svinegryte med ris og salat, kabaret, spekemat osv. Den
som gjekk svolten etter dette måltidet, kunne umulig ha matlyst.
Assisterende guvenør Kjell helsa klubben. Han fortalte han var heldig som AG for eit distrikt der han slapp å mase på dei 7 medlemsklubbene. Videre fikk SRK skryt for å vere ein av dei meir veldrevne klubbene. Kjell er kjent for sitt flotte arbeid ved David School i Sierra Leone. No kom han tilbake for 9. gang, og rekna med at dette kanskje var siste gang. Han fortalte ein liten episode frå passkontrollen i Sierra Leone. Kontrolløren spurte om han kom til landet for å misjonere. Det er konflikt mellom dei ulike religionene i landet, slik at misjonering ikkje er velkomment. Imidlertid kunne Kjell berolige med at den misjoneringa han dreiv, var av eit anna slag. Han misjonerte heime for å få nok penger til å drive skule i Sierra Leone. Sjølsagt var dette noko heilt anna, og kontrolløren blei beroliga. Kjell avslutta med å ønske klubben vår lykke til videre.
Så var det tid for kvelden sitt høgdepunktet, utdeling av Paul Harris Fellow til 3 kandidater: Ronny Utgård, Kristin Grebstad og Jan Fredriksen. Dei to siste er medlemmer i vår klubb. President Bastian forklarte litt kva Paul Harris Fellow utmerkinga er for noko. Videre ga han ein grundig presentasjon av kvar av kandidatene. Referent vil ikkje gjengi alt dette, men berre kort minne om at Ronny er primus motor for ei enestående dugnadsånd i Hundeidvik. Kristin har styrt med så mykje at ein kan miste heilt pusten når det blir ramsa opp. Mest kjent for øyeblikket, er vel at ho har vore pådriver for Montessori - skule i Velledalen. Ho er no rektor ved denne skulen. Til sist blei Jan presentert. Mellom mange ting, er han sjølsagt mest kjent somfor bygginga av Sykkylvsbrua. Utan Jan hadde det vel neppe vore bru i dag. AG Kjell stod for utdelinga.
Dei 3 fikk kvar sin medalje og diplom. Sjå bilder:
Etter å ha supplert med dessert og kaffi, var det Hallstein
sin tur til å spele og synge igjen. Fleire kjente viser, og dyktig framført.
Som ein liten kuriositet, fortalte han at då han og fleire sykkylvsartister var i USA, blei det stor munterhet
og latter kvar gong dei spelte og sang «Mr. Sandman». Om Hallstein heilt forstod kva som var årsak
til dette, veit referent ikkje.
Om vi hadde Sykkylvens beste visesanger og gitarist til å
underholde oss, så har vi vår eminente
trubadur, Olav. Avslutningsvis leda han an i allsang frå songhefte til
Sykkylven Rotaryklubb. Utrulig mange flotte viser og sanger i dette heftet.
Saman med Olav sitt flotte gitar- og pianospel, lydde det heile riktig flott.
Dette var siste «offisielle» program, men folk satt utover
kvelden og prata og kosa seg. Då referent gjekk like før kl 24, var det mange
som satt igjen. Og referent merka seg at dette gjerne var litt eldre folk. Det
er tydelig kven som har best kondis til å halde ut i trivelig og sosialt lag.
All ære til bl.a. visepresident Greta og president Bastian
for ein på alle måter koselig og vellykka Årsfest.
Referent
Jarle Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.