Ny sentrumsskule i Sykkylven.

Les kva arkitekt Gitte Langlo fortalte i sitt foredrag om den nye planlagte sentrumsskulen:


Referat frå Rotarymøte 11.04.2018:

President Bastian ønska som vanlig vel møtt, og spesielt til våre to gjester, Roald Mork og kvelden sin foredragsholder, Gitte Langlo.

Som vanlig tok han for seg noko av det som har hendt denne datoen opp igjennom historia:

Ulf og Ulva har navnedag.

1713: Freden i Utrecht. Slutt på den spanske arvefølgerkrig.

1869: Gustav Vigeland født. Frå 1921 og åra framover fekk han oppført skulpturene i Vigelandsanlegget.

1953: Siste kontingent av Tysklandsbrigaden kom heim. Dei første drog til Tyskland i 1947.

2002: FN sin krigsforbryterdomstol i Haag blei oppretta. USA kom med i 2004.

Trubadur Olav hadde funne ei vise av Ivar Simastuen: «Gamleskolen». Denne gongen var det ein teknisk duppeditt som ledsaga oss i sangen. Referent kan tenke seg Olav sitt lærerhjerte slo ekstra under denne songen.

I sekretæren sitt fråver, forkynte president Bastian at det er Ingjerd og Jan Kåre sin tur til BUAS- besøk. Når det gjeld bursdager er det visst ein mann ved navn, Bastian som fyller år 13. april. Då fyller han 49 år. Stort jubileum neste år:-)

Årsfesten blei ein suksess, også når det gjaldt antall gjester, nemlig 44. Dette er inkludert dei 4 innbedte gjester.

3- minutt var denne gang ved visepresident Greta: Ho held eit veldig konsentrert foredrag om EkstraStiftelsen. Denne blei til i 1993 og har no 25 års jubileum. Så vidt referant forstår, var dette til å begynne med ein sjølstendig tippeorganisasjon som seinere har kom inn under Norsk Tipping. Stiftelsen får 6 – 7 % av tippemidlene. Dette høyres ikkje så mykje ut, men det blei faktisk 264 mill kroner i 2017. I løpet av disse 25 åra, er det blitt delt ut 4 mrd kr. 1/3 av dette har gått til forskning innen helse og 2/3 til helseprosjekt. I dette ligg det eit utvida helsebegrep.

Ein kan søke 2 gonger i året, og så vidt referent forstår, er Greta saksordfører for disse søknadene. 8. mai blir det kalla inn til ein endelig fordelingskonferense.

Det største prosjektet som EkstraStiftelsen har støtta er Reumasol i Spania. Dette er eit behandlingssenter som er drevet av Norsk Reumatikerforbund.

Som ei oppsummering konkluderte Greta med at Stiftelsen støtter opp om frivillighet i Norge og ei støtte for dei som strever.

Så var det Rotarykaffi med saftige gulrotkaker.

Etter kaffen var det Gitte sin tur. Ho er prosjektleder for ny sentrums/barneskule her i Sykkylven. Ho representerer ART- arkitekter og ingeniører. Dei har kontor på Moa og Stranda. Dei driv med tverrfaglig rådgivning, og har engasjert seg i mange skuleprosjekt.

Ho tok først for seg litt av bakgrunnen for prosjektet med ny sentrumsskule. Det ligg 3 skuler i sentrum, Vik-, Aure- og Ullavik skule. Aure skule er 64 år gammel. Vik skule er 50 år gammel og Ullavka skule er 40 år. Alle disse skulene begynner å bli slitne. Det vil koste masse penger å sette dei i stand slik at dei stetter dagens krav til skule. Ein har tenkt seg at det vil vere bedre å bygge ein heilt ny skule i sentrum som kan være felles for disse 3. Den nye skulen vil vere tidsmessig og det heile blir meir kostnadseffektivt og lettdrevet.

Plasseringa blir nord for Aureelva ved Bakkeøyane. Dersom det blir bygget  bru over Aureelva, vil ein få samdrift med Kulturhus, Idrettshall, fotballbane og grusbane.

Gitte skisserte 5 utgreiingsfaser: Programmeringsfasen, som ein no er inne i. Videre planleggingsfase – byggefase – prøvedriftsfase og driftsfase.

Skulen får eit relativt stort areal på mellom 8000 kvm – 10000 kvm. Ein vil få brukermedverknad der også elevene blir med i utforminga av skulen. Sjølsagt får skulen universell utforming. For å få ideer til den nye skulen, har Gitte og ART reist rundt på forskjellige nye skuler i distriktet.

Gitte skisserte ulike romkategorier som skal vere med i den nye skulen: Generelt læringsareal og spesielt læringsareal. Det siste omfatter rom til mat og helse, kunst og handverk, naturfag, bibliotek og kulturskule.

Ein annan kategori er sal/saler til kroppsøving. Det blir planlagt SFO- rom og kantine. Gitte skisserte noko ho kalla ressursavdeling. Sjølsagt må administrasjon og personalareal planlegges sammen med driftsavdeling. Til sist, men ikkje minst, må uteareal vere stort nok og funksjonelt for elevene.

Gitte nevnte, at ved å få Kulturskulen inn, vil ein kunne jobbe på dagtid. Dermed slepp barn og foreldre å ta i bruk verdifull tid på ettermiddag og kveld. Same prinsippet er og med ein ny Idrettshall. Ved å ta med ein slik hall med i planlegginga, vil ein få tippemidler. Dette kan utgjere opp mot 10 mill. kroner.

Eit springende punkt er elevtallsutvikling. Her er det  3 scenarier. Det første med 420 elever og 3 parallelle klasser. Det andre med 336 elever og fortsatt 3 parallelle klasser. Det mest pessimistiske med 280 elever og 2 parallelle klasser. Så vidt referent forstod, så vil det skille 25 mill. kroner i kostnad mellom det første og det siste.

Foreløpig er det meste på programmerings- og planleggingsstadiet. For tida foregår forhandlinger om tomtekjøp. Arkeologene skal inn for å gjere sine undersøkinger. Grunnforholda må kartlegges. Videre må det gjøres ei trafikk- og miljøanalyse. Siden dette er jordbruksland, må det komme inn ei jordbruksvurdering.

Uansett vil den nye skulen har større areal enn dei 3 gamle til sammen. Ca. 9000 kvm mot ca. 7000 kvm.

På bakgrunn av Gitte sitt foredrag har referent inntrykk av at programmeringsfasen i trygge hender. Det gjenstår nok mykje planlegging og arbeid før den nye, og heilt sikkert flotte skulen, står ferdig. Referent ønsker lykke til videre.

Som vanlig ved møte i SRK var det mange spørsmål i etterkant. Slik også denne gang. Gitte svarte så godt ho kunne. Til slutt blei ho hedra med sedvanlig innpakka ost og rosende ord frå presidenten.



Tilslutt minte han om neste møte om ei veke og ønska alle vel heim.

 Referent

Jarle Svindseth


 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS