Sparebanken Møre her i Sykkylven.

Les referat frå rotarymøte 18. april og Petter H. Sætre sitt foredrag om Sparebanken Møre.


Referat frå Rotarymøte 18.04.2018:

President Bastian ønska alle vel møtt og spesielt kvelden sine to gjester Roald Mork og foredragsholder Petter Sætre.

Først noko av det som har skjedd denne datoen opp igjennom tidene:

Eileen og Eilert har navnedag.

1521: Martin Luther blei lyst i bann av pavekirka.

1906: Stort jordskjelv i San Fransisco som ødela byen. Anslagsvis 1000 mennesker omkom.

1913: Den amerikanske komiker Danny Kaye født. Fikk «Oskar» i 1954. Var også UNICEF- ambassadør.

1951: Kull- og Stålunionen vart grunnlagt. Dette blei forløperen  for EU.

1989: Ein foreløpig stopp i torskefiske pga. overfiske. Det blei innført kvoteordninger.

Siden vi hadde besøk av ein bankmann, hadde trubadur Olav funne det naturlig at «Pengegaloppen» av Vidar Sandbeck ville passe som Rotarysang. Samstundes markerte visa at det er 100 år siden Vidar Sandbeck blei født. Han døde for øvrig i 2005. Olav spelte med på gitar, og alle er vel samde i visa sin moral i siste vers.

Knut Henning kunne opplyse at det er Geir og Steven sin tur til BUAS- besøk. Forrige møte var det 26 frammøtte som etter permisjoner og fritak gav habile 68 % frammøte.

3- minutt var ved Rolf Hjellegjerde: Han fortalte at ved jevne mellomrom besøker han datter Tove i Bergen. Han hjelper til med rydding og hagearbeid. Tove hadde snakka med ein nabo ved navn Henning Lien om han kunne felle eit tre som laga mykje skygge. Det var greit og treet blei felt, men ikkje kappa opp og rydda vekk. Rolf spurte om han kunne få lov til dette, og det kunne han. Rolf bar trestrongene til naboen. Dette var ikkje så populært, då det sperra innkjøringa  hans. Rolf fann ein bedre plass og naboen var fornøgd. Etter kvart vart Rolf bedre kjent med nabo Henning Lien. Han var utdanna lege og psykiater. Det viste seg at han også var landets yngste «Kvitt eller Dobbelt»- vinner. Så vidt referent forstår, var temaet Louis Pasteur. Seinere har forholdet utvikla seg til vennskap, og Henning Lien har vore i Sykkylven og besøkt Rolf og familien. Slik gjekk det til at det som starta med ein liten feide, enda i vennskap. Eit artig og interessant foredrag av Rolf.

Så var det Rotarykaffi med store, gode og kaloririke sjokoladekaker.

Etter kaffen var det Petter Harald sin tur. Han er assisterende banksjef i Sparebanken Møre. Denne jobben har han hatt i 15 år. Han har ansvar for utlån til industri, og særlig då småkraftverk. Vår rotaryven Petter Velle er ein av kundene.  Først litt om Sparebanken Møre. Forløperen Søkelven Sparebank blei stifta så tidlig som 1862. Sykkylven Sparebank blei til Sparebanken Møre i 1985. Det er 28 kontorer i vårt distrikt og banken har heile 66,5 mrd i forvaltningskapital. Banken er totalleverandør av kapital til person- og næringslivsmarked.  70 % av utlån går til personkunder og 30 % til næringslivet.

Her i Sykkylven er det ansatt 8 personer på personkundesida og 4 på næringslivssida.

I 2017 hadde banken eit overskot på 557 mill. etter skatt. Avkastning på egenkapital var på pene 10,8 %. Petter forteller i det heile tatt om god utlånsvekst og svært lave tap i fjor.

Av resultatet 557 mill. går 271 mill. til grunnfondsbevis og 266 mill. til egenkapitalbevis.

Banken betaler ut både samfunnsutbytte, kontantutbytte, ein sum til styrking av grunnfondet for å auke soliditeten og til slutt til utjevningsfondet. Referent er  usikker på dei ulike summene, og tar derfor ikkje med disse. Men vi har alle fått med oss at banken er langt framme i å støtte gode prosjekt innen kultur og idrett. Uten å legge seg bort i skulestrukturen, har dei også støtta privatskuler her i Sykkylven.

Det siste som har vore i media er 1,25 mill. kr til Storfjordsambandet. Tidligere er det blitt bevilga 1 mill. kr. til samme formål. 

Petter oppfordrer oss alle i kommunen: «Kom til oss med gode prosjekt til felles utvikling av bygda vår!»

Kva er så utsiktene for banken framover?

I følge Petter er dei gode fordi:

-          Svak krone.

-          Lave renter.

-          Økonomien er for ein stor del eksportfinansiert.

-          Oljeprisen ser ut til å stige.

-          Auke i eksportmarkedet.

-          Det lokale næringslivet ser ut til å ha stor evne til omstilling.

Er det så skjær i sjøen? Eit usikkert moment meiner Petter er fallende boligpriser.

Til slutt kunne han komme med følgende forsikring til oss som er redd for at alt blir sentralisert til større byer og større tettstader: «Vi blir her». Med dette takka han av foredraget sitt. Som vanlig i SRK var det mange spørsmål og problemstillinger. Nokre av disse kunne han svare på, andre måtte han innrømme det ikkje var så lett å spå om.


Som takk for det informative foredraget, fikk han overrakt ein flott pakke med to oster.

Litt på overtid minte president Bastian om neste møte, takke for frammøtet og ønske alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

 




 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS