Referat frå Rotarymøte
23.05.2018:
Etter ein
relativt lang pause, ønska president Bastian vel møtt til dette Rotarymøte
23.05.
Denne
kvelden var vi så heldige å ha besøk av 4, etter rotaryforhold, yngre personer:
Berit Emdal, Tove Tandstad, Espen Høidal og Ole Straumsheim.
Tradisjonen
tru tok presidenten med noko av det som har hendt denne datoen opp igjennom
tidene: 1618: Start på 30- årskrigen. 1707: Carl von Linne, svensk botantiker
født. 1906: Henrik Ibsen død. Tilslutt opna Ibsenmuseet i Skien i 2006, i
samband med 100 års markeringa av Ibsen.
Vi har
herlige sommerdager ute og trubadur Olav hadde funne ein maksimal sommersong: «Jag
tror, jag tror på sommeren».
Sekretær
hadde sendt ein epost til presidenten med følgende opplysninger: Jan Kåre har
bursdag 23.05 og blir 63 år. Ingjerd blir 72 år (du held deg godt J), 27 mai. Oppmøte 27 apr. var 27 med
66 %. Ved dugnaden var det 20 frammøtte og 51 %. Kristin og Kjell står for tur
til BUAS- besøk.
3- minutt
var ved Geir Brekke: Som vanlig blei referent imponert over at han held
foredrag uten manus. (Referent må ha manus berre han skal sei navnet sitt). Temaet
denne gangen var litt orginalt, men med ei problemstilling vi alle vil møte før
eller seinere, nemleg kva for gradferdstradisjon vi vil følge. Geir ønska å bli
plassert i ein urnelund. I så fall er vel dette hans siste ønske. Ei
grunngjeving for dette er at vi flytter mykje meir på oss enn før. Barna med
sin familie flytter bort frå heimekommunen. Då er det ikkje så enkelt å sjå til
og stelle graver som tidligere. Ein
urnelund er meir praktisk på den måten at den ikkje treng stell i samme grad
som ei vanlig grav.
Så var det
rotarykaffi og referent må få lov til å skryte av den aldeles fenomenalt gode
og saftige eplekaka som Erik hadde laga.
Som vi veit
har kommunestyret i Sykkylven valgt å legge ned Tandstad skule. Dette etter at
straumegjerdingane har ført ein lang og heroisk kamp for å bevare den. 4 av dei
som har stått sentralt i denne kampen, hadde vi fått besøk av denne kvelden:
Først Berit Emdal som heldt 17. mai tale i Straumegjerde. Ho refererte
ein del av talen sin og avslutta med at vi alle må stå samla. Dette vil føre
til kreativitet, samarbeid og raushet. Vi må også unne kvarandre suksess.
Deretter
tala ei svært engasjert Tove Tandstad. Ho hadde i allefall bidratt med sitt for
å behalde skule og barnehage: Ho har nemlig 4 barn. Eit hovedpoeng, slik
referent forstår Tove, er at vi må kunne tilby barnehage og skule dersom vi vil
ha folk til å flytte til oss. Viss ikkje, blir det ingen tilflytting og dermed ingen
utvikling. Ho avslutta med at vi må jobbe i lag sjøl om vi er forskjellige.
Ole
Straumsheim meinte at ein kunne ha redda skulen dersom ein hadde gått frå 4-
delt til 3- delt skule. Elles hadde
firmaet hans tilbudt seg å skifte ut vindu for kr 300 000,- Han kom også
inn på tidsaspektet ved nedlegginga som han meinte var for kort.
Referent
blei svært imponert over engasjementet til dei 4 unge ildsjelene.
Velfortjent
innpakka oster til alle sammen.
Så minte
Presidenten om neste møte som er Presidenten sin time og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"