Referat frå Rotarymøte
30.05.2018:
Denne gangen
hadde vi vore så heldig at adm.dir. ved Ekornes Fabrikker tok kontakt og tilbydde seg å orientere om den aktuelle situasjon ved
fabrikken etter at kinesiske Qumei har sagt seg interessert i å kjøpe 55 % av
aksjene i konsernet. Dette møtet hadde såpass
almen interesse at klubben lyste ut ope møte. Med klubbmedlemer og gjester kom
vi opp i 40 frammøtte.
Men
rotarymøte er rotarymøte, og som vanlig nevnte president Bastian noko av det
som har skjedd denne datoen opp i gjennom historia: Gard og Geir har navnedag.
I 1431 blei den franske fridomsheltinna Jean D`Arc brent på bålet. I 1814 fikk
vi den såkalte Paris - traktaten der Frankrike og dei «allierte» inngjekk
fredsavtale. Napoleon blei forvist til øya Elba. I 1909 blei jazzmusiker Benny
Goodman født.
Trubadur
Olav hadde funne fram Evert Taube sin «Sjøsalavals» til Rotarysong. Denne
gangen var det mange som kunne stemme i sangen og med Olav sitt gitarspel,
lydde det riktig flott.
Med så mange
gjester, nytta Presidenten høvet til å
gi ei kort orientering om Rotary og det organisasjonen og klubben driv med.
Det var
sikkert ekstra strevsom for serveringshjelp Erik med så mange frammøtte, men
det løyste han fin-fint med god kaffe og saftige sjokoladekaker som slett ikkje
gjorde skam på klubben.
Vekas
«snakkis» her i Sykkylven har vore kinesiske Qumei sitt bud på 55% av aksjene i
Ekornes Fabrikker. Reaksjonene på dette har vore alt i frå entusiasme til stor-
stor skepsis. Mange har vel Hjellegjerde Fabrikker og lagnaden til denne
fabrikken, friskt i minne.
Adm.dir.
Olav Holst Dyrnes har derfor sett det som si oppgåve og prioriert svært høgt å
orientere og berolige både folk i bransjen og den «menige mann». Faktisk så
blei Sykkylven Rotaryklubb beæra med at han sjøl tok kontakt tilbydde seg å
halde orientering. Sjølsagt var presidenten og programkomiteen ikkje tungbedde
og takka ja med stor entusiasme. Orienteringa blei vurdert til å vere av såpass
almen interesse at Klubben lyste det ut som opent møte. Og sjelden har det vel
vore så fullt ved noko møte, heile 40 frammøtte med rotarianarar og gjester.
Adm.dir Olav
innleia med å fortelle at det opp igjennom tiden har vore mange interessenter
både for aksjekjøp og samarbeid, uten at dei er blitt vurdert som seriøse. Forskjellen
denne gang, er at den kinesiske fabrikken Qumei representerer bransjefolk og
ikkje pengefolk som kun er ute etter fortjeneste.
Qumei har 4
fabrikker og har salg i 850 butikker i Kina. Omsetninga er på 2,5 mrd. årlig og
denne vokser raskt. Den blei grunnlagt i 1987 av ein mann ved navn Ruhai Zhao.
Videre blei den børsnotert i 2015.
Aksjonærene i
Ekornes blei tilbydd kr 139,- pr aksje. For at handelen skal vere interessant,
vil kineserne kjøpe 55,57 % av aksjene.
51 % til Qumei og 4,7 % til finansiell partner.
Så kvifor vil dette oppkjøpet vere gunstig for Ekornes? Olav
understrekte at sjøl om økonomen er god så har salg og dermed produksjon
stagnert. Korleis auke salget? Ved overnemnte aksjeoppkjøp og samarbeid med
Qumei, håper ein å få tilgang til det umettelige kinesiske markedet med 1,4
mrd. mennesker. Sjøl om slett ikkje alle har råd til ein Stressless, er det likevel millionvis av velstående
kinesere som vil kunne tenke seg ei slik merkevare.
Dersom det
lykkes med auka salg, vil ein kunne auke produksjonen ved fabrikkene her i
Sykkylven. Ein ville få maksimal kapasitetsutnytting, som igjen gir auka
lønnsomhet og fleire arbeidsplasser. Tilslutt vil dette ha stor og svært viktig
effekt for bygda.
Dir. Olav
fortalte at han har positivt inntrykk av dei kinesiske leiarene og at dei
virker genuint interessert i møbelproduksjon og samarbeid. Dei fortel til Olav at
dei er imponert over fabrikken her i Sykkylven og korleis arbeiderne ser ut til
å vere både arbeidsomme og glad i sin arbeidsplass.
Kva ønsker
så Qumei? Dei er interessert i ei sterk merkevare og i den avanserte
produksjonen ved fabrikkene her i Sykkylven. Ekornes og produkta vil dei
introdusere i Kina og auke salget her. Dei understreker at dei ikkje er
interessert i å flytte Ekornes og merkevarene til Kina. Dei ønsker å kjøpe
kultur og vil ha kontinuitet. Styret i Ekornes fortsetter som no.
For Ekornes
presiserer dir. Olav at dei har ingen hast og vil ha ein så grundig prosess som
råd. Samstundes vil dei gjerne forstå Qumei og deira interesse for Ekornes. Det
er ikkje snakk om utflagging, og merkevarene blir videreført og styrka. I det
heile er det viktig å få til ein kulturell match og ei god løysing for alle
parter.
Som ei oppsummering
sa Olav at Ekornes er gode på stoppamøbler med ei sterk merkevare og ein
effektiv og automatisk produksjon. Det er salg til 40 land. Dermed er dei store
internasjonalt, men små i Kina.
Qumei har på
ein måte komplementære «ferdigheter». Dei er store i Kina, men små
internasjonalt. Dei selger mest platemøbler og presenterer gjerne komplette
romløysinger i utsalga sine. Dei er sterke på digital markedsføring og
nettsalg.
Til dei som
er skeptiske tok Olav fram to eksempel på at kinesiske oppkjøp slett ikkje har
vore noko negativt, Elkem og Volvo. Dei
siste selger biler som aldri før.
Oppkjøpet av
aksjer og prosessen rundt dette vil ta si tid. Derfor må vi kanskje vente til
langt ut i september i år før ei endelig avgjerd.
Uansett,
avslutta Olav, så er kontinuitet uansett viktig for Ekornes Fabrikker.
Det skulle
vere interessant å kunne sjå 10 til 20 år fram i tida. Sykkylven Rotaryklubb
ønsker dir. Olav og Ekornes Fabrikker all mulig hell og lykke i tida framover.
Referent
Jarle Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.