Referat frå Rotarymøte
06.06.2018:
Denne gang hadde vi vore så heldige å få besøk av May Brit Tynes som er grunder av Lola Day Care Senter på øya Bogo på Filippinene.
Etter å ha ønske vel møtt, nevnte president Bastian noko av
det som har hendt opp i gjennom historia: Gustav og Gyda har navnedag. I 1523
blei Gustav Vasa svensk konge født. I 1817
blei Riksarkivet oppretta og i 1896 blei prylestraff avskaffa i skulen.
Vi sløyfa rotarysong siden trubadur Olav ikkje var til
stades.
I sekretær sitt fråver, leste presidenten opp følgende
opplysninger: BUAS besøk blir Greta og Rolf. Den samme Rolf blir 76 år, 9.
juni. Ved forrige møte med konserndirektør Olav var det 28 frammøtte. Medrekna
permisjoner og fritak, ga dette svært habile 74 % frammøte.
Etter rotarykaffe viste May Brit ein film som datter Lone
har tatt opp frå Lola Day Care Senter. Denne viser 4 år gamle Yancy og familien
hennar frå dei står opp kl. 6 om morgonen og gjennom dagen. Filmen blir innleda
med at barna står opp sjøl om dei er ganske trøytte. Mamma lager mat og vasker
opp. Frukosten består stort sett av ris.
Etterpå er det på med skoleuniformer og så går dei til
forskulen. Dagen her begynner med heising av det filippinske og norske flagget, og så blir
den filippinske nasjonalsongen sunge. Ved avslutningen av skuledagen blir så
flagga senka.
Filmen viste korleis undervisniga går føre seg og referent
var storlig imponert kor flinke desse 4 åringene er både til å skrive og rekne.
Etter skuledagen var det å gå heim, av med skuleuniformene
og på med kvardagskleda. Så gjekk leiken som den gjer i dei fleste andre land.
May Brit kunne elles opplyse at barna får eit måltid på
skulen. Dette består av ris, grønsaker og kjøtt, men ikkje fisk, då ein er redd
for at barna kan svelge i seg bein.
Foreldrene til barna må ta sin del av dugnadsarbeidet ved
skulen. Dette er skulen avhengig av for å kunne fungere.
Veldig interessant å sjå denne filmen, og SRK håper at Lone
kan ta del i framvisninga av dette prosjektet ved Distrktskonferansen i Molde i
september.
På grunn av Gospelkonsert i kyrkja slutte vi 10 minutt
tidligere enn vanlig.
Neste møte blir 13. juni og handler om Storfjordsambandet.
NB! Filmen kan ein sjå ved å følge denne linken eller ved å
gå inn på Facebooksida til Lola Day Care Center: https://www.dropbox.com/s/714nq6cjmhld762/Yancy%20Marie%20-%20medium%20resolution.m4v?dl=0
Referent Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"