Referat frå
bedriftsbesøk ved Spilka 27.06.2018:
Sykkylven Rotaryklubb avslutta Rotaryåret med bedriftsbesøk
hos Spilka på Emblem. Vi var litt i stuss kor denne fabrikken låg, men ca. 5 km
frå Magerholm dukka ei stor raud bygning med navnet Spilka. Når referent tenker
etter, har han nok sett den før.
Vi blei tatt vel i
mot av Kåre Stafset som er direktør for fabrikken. Vi sessa oss inn på
møterommet, og fekk her ei grundig orientering om fabrikkens historie. Og den
er i grunn litt artig. Den blei grunnlagt i 1933 og heitte då Spjelkavik
barnevognfabrikk. Som navnet seier, produserte dei barnevogner. I tillegg til
barnevogner, også trehjulssykler.
Imidlertid, på fredag 13. februar i 1948 brann denne
fabrikken. Då blei det slutt på barnevognproduksjon, og då var sjølsagt navnet
meiningslaust. Derfor blei den nye fabrikken kalla «Spilka», som visstnok er navnet
på ei elv i Spjelkavik No blei det
produsert nesten alt mulig i metall, bl.a. sovesofabeslag til Emdal i Sykkylven
og hyllebeslag til Ergo De Lux.
Men det som skulle hovedlevevegen til Spilka blei starta i
1959, produksjon av vindusbeslag til husmorvindu. Når vi opner husmorvindauget
heime og snur det rundt, er det dette patentet frå Spilka som lager funksjonen.
I tillegg til dette patentet, har Spilka også produsert karmer og sprosser i
aluminium til dei samme vindauga.
Kåre og dei ansatte ved fabrikken har vore svært dugande å utvikle verktøy og maskiner etter behov.
Gjerne smartere og meir funksjonelle enn konkurrentene sine maskiner.
Den store raude fabrikken blei bygd i 1986. Før vi fekk
omvisning i produksjonslokala, fortalte Kåre at det no jobber 60 ansatte ved
fabrikken og omsetninga er på ca 100 mill. Stort sett har Spilka tjent gode
penger på sitt patent, sjøl om både svensker og kinesere har forsøkt å
etterlikne denne. Dette har gjort at arbeidsplassene stort sett har vore
stabile, kun kortere perioder med permitteringer.
Så blei vi vist rundt i den imponerende produksjonshallen.
Kåre forklarte masse om produksjonen og metodene rundt dette. Referent viser
til bildekavalkaden under teksten:
Kåre kunne sikkert vist oss rundt til morgengry, men for å
nå tilbake til Sykkylven i rimelig tid, var vi nødt til å avbryte og forsøke å nå
ferga 20:50. Men vi hadde det ikkje meir travelt enn at Kåre fekk tildelt ein
velfortjent ost som ein liten gest for den flotte omvisninga og orienteringa.
Dette var siste møtet i det gamle Rotaryåret 2017/2018 og ei
svært verdig avslutning på dette året. Les elles Olav sin flotte artikkel i
Sykkylvsbladet neste veke om samme tema.
Referent ønsker på vegne av oss i PR/info- komiteen alle rotaryvener
i Sykkylven Rotaryklubb riktig god sommer.
Sjå bilda under !!!!
Referent Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"