Guvenør for D2305 i 2018/2019: Arvid Blindheim.
Arvid Blindheim som representerer Vestnes Rotaryklubb, men som er frå Blindheimsbakkane i Sykkylven.Sykkylving
DG i Rotary
Arvid Blindheim har frå 1. juli teke over
vervet som DG – Distriktsguvernør – for Distrikt 2305 i Rotary International.
Arvid vart fødd 1948 i Sykkylven, og er no busett saman med fru Anne Cathrine på
Vestnes. Han er chartermedlem og var ein av stiftarane av Vestnes Rotary Klubb i
1978. Blindheim vil aksle vervet som guvernør ut juni 2019. Distriktet omfattar
Hedmark, Oppland, Sunnmøre, Romsdal og i
tillegg Eda i Sverige. Ikkje sidan Karstein Oddmund Vik sine dagar rundt 1978 har
ein innfødd sykkylving vore distriktsguvernør i Rotary. Arvid er utdanna lærar
frå Hamar lærerskole, med tilleggsutdanning i musikk og spesialpedagogikk. I
tillegg har han mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i
Volda. I Vestnes kommune har han arbeidd som lærar og rektor, før han tok over
som fylkeskultursjef i 1992, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon
i 2013. Han er styreleiar for Bjørnsonfestivalen og for Vestnes Sogelag. Mellom
anna dette, saman med vervet som DG i Rotary er det ikkje nemnande fare for at
Arvid vil mangle arbeid med det første. I desse dagar legg han ut på ei
besøksrunde til alle Distrikt 2305 sine 51 klubbar. Vi ønskjer han også
velkommen til Stranda og Sykkylven!

28. oktober 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.