Referat frå Rotarymøte
05.09.2018:
Dette møtet var president Greta sin første «Presidenten sin
time». I alle fall fikk ho bruk for lærarrøysta, for mikrofonen streika. Men
det heile gjekk bra uten mikrofon, og ho innleia som vanlig med hendelser nett
denne datoen: Brede, Njål og Brian har navnedag.
Solkongen Ludvik 14. blei født denne datoen i 1638.
Til vår nære fortid: Sigurd Alleren, norsk politiker, født i
1946.
Maler Kjell Nupen født i 1955.
I 1939 erklærte USA nøytralitet i den 2. verdenskrig. Dette
varte til det japanske åtaket på Pearl Harbor, i desember 1941.
Under OL i Munchen, i 1972, gjennomførte palestinske
terrorister åtak på israelske idrettsfolk. 17 mennesker blei drept, derav 11
idrettsfolk.
I 1980 blei, til då, verdens lengste tunnel åpna, St.
Gotthardstunnelen mellom Sveits og Italia. Seinere har vår norske Lærdalstunnel
kom til og er no verdens lengste.
I 1991 blei Sovjetunionen oppløyst.
President Greta avslutta med eit sitat av dikteren Kai Munk:
«Hurtig svinner den lyse sommer». Trubadur Olav hadde tatt konsekvensen av
dette og hadde valgt ut «Ein sommer er over» som rotarysong. Sjølvaste Kirsti
Sparboe ledsaga oss, via digital teknikk, gjennom sangen.
3- minutt ved Geir
Brekke:
3. minutt var ved sedvanlig engasjerte Geir Brekke. Han
begynte med å sitere at det er «vanskelig å bli profet i eige land». Han meinte
dette sitatet går 50 år tilbake. Referent tillet seg å nevne at dette sitatet nok er 2000 år gammelt. Nok om det: Geir tok
tak i at om folk viser initiativ og vil få til forskjellige prosjekt, er det nesten
ei naturlov at mange vil vinkle dette negativt. Som eksempel nevnte han Berlihuset
og Sykkylvsbrua. Initiativet med Berlihuset er heilt unikt og fortjener all den
oppmuntring og støtte som råd. Dersom ein kun høyrte på alle som var negative til
Sykkylvsbrua, ville det sjølsagt ikkje vere noko bru i dag, Dermed ville ein vere nødt til å køyre fleire
mil ekstra rundt fjorden, noko som i dag virker fryktelig tungvint.
Godsterminaltomta og planene her vil nok følge samme prinsipp. Geir håper
sjølsagt at alt positivt initiativ ikkje blir kvelt av dei evige pessimister.
Dagens generasjon med 30 til 40 åringer har han lite til overs for. Dette er «dessertgenerasjonen».
Her er det heller lite handlekraft og initiativ, etter Geir si meining.
Orientering ved
Presidenten:
Etter Rotarykaffe og gode kanelsnurrer, heldt President
Greta ei orientering om planene for Rotaryåret 2018/2019.
Ho nevnte at ho er i dialog med Stranda RK om, i alle fall, eit
felles møte med felles program utenom Guvenørbesøket. Det siste er satt til 21.
november, og det er Stranda RK som står som arrangør.
Elles vil Greta legge vekt på at vi utvikler både lokale og
globale engasjement. Det siste omfatter skulen i Sierra Leone og Lola Day Care
Center på Filippinene. Ved Distriktskonferansen i Molde vil Sykkylven RK
presentere det siste prosjektet.
Når vi er inne på promotering: Greta vil at vi promoterer oss enda bedre enn
vi gjer i dag. Bl.a. ved å forsøke å nå flest mulig med vår Polioaksjon 30.
september.
Neste onsdag er det felles arrangement med speiderne i
Sykkylven. I tillegg til dette, vil ein
forsøke å få til endå eit fellesmøte med andre samarbeidspartnere.
RYLA (Rotary Youth Leadership Award) blir som vanlig
arrangert i Ulsteinvik 8. til og med 10. nov. Vi har ambisjoner om å sende to deltakere. I fjor kom disse frå
Ekornes Fabrikker. Kanskje kan vi høyre her i år også, eller evt. høyre med
Videregående Skule ved Helen Fet om nokre studenter frå Grunderlinja kan tenke
seg å delta.
Til slutt opplyste Greta at Presidentforum har bestemt å
forsøke å få til ein såkalt «Oktoberfest» ved Parken Hotell i Ålesund 24.
oktober. I dette høve er Sykkylven RK blitt bedt om å halde eit innlegg med «glimt
i auge».
Grei og strukturert orientering ved Presidenten.
Så avslutta ho med å minne at neste gang møter vi ved
Speiderhytta for sosialt treff med speiderne.
Referent
Jarle Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.