Denne gangen var det møte litt utom det vanlige. Vi var på vitjing
hos våre gode samarbeidspartnere, speiderne. Staden var Speiderbo i Skogvegen. Planen
var at det skulle være grilling utendørs, men siden det stridregna, måtte ein
flytte innendørs og tenne bål i peisen.
Som ved Rotarymøte, er det sang når speiderne møtes. Vi fikk utdelt
sangbok og åpna med «Temperaturen er høg», noko den blei etter at peisen hadde
varma ei stund. I motsetning til i våre møter, har også speiderne hermesang
der ein av dei var forsanger. Ingen skal komme å sei at vi i SRK ikkje
kan "syngeherme". Det heile lydde riktig friskt i referent sine øyre.
Så organiserte speiderne ein leik. Den gjekk ut på å knytte
ein hale rundt livet og med ein penn som hang ned bak. Så var det
presisjonsarbeid å bøye såpass i knea at pennen gjekk ned i ein flasketut.
Geir, Ingjerd og Ove stilte sporty opp.(Sjå bilde!)
Under Rotarymøter er vi godt vande med gode kaker og kaffe,
men matserveringa hos speiderne stod ikkje noko tilbake. Tapas og fruktsalat
med kaffe attåt smakte utmerket.
Speider og rotaryven Steinar Klokk:
Sjefsspeider og Rotaryven, Steinar fortalte at speiderne har
to motto: «Learning by doing» oversatt: "Lære ved å å praktisere" og «Alltid budd».
Elles orienterte han om korleis speiderne i Sykkylven er
organisert, frå yngste klasse og til dei kjem i slutten av tenåra. Så vidt
referent forstår kaller dei seg då for Rovere.
Han orienterte litt om sjølve Speiderhytta som var blitt
bygd etter at Olav Boen hadde sørga for kapital. Videre har vore masse dugnader
opp i gjennom tidene, og at det no var planer om både å bygge eit reidskapshus
og å få til ein parkeringsplass.
Videre fortalte Steinar at Hovedlandsleiren i 2017 var i
Bodø, og kommende år blir den arrangert i Sveits. Steiner er med i ei gruppe på
landsbasis som planlegger videre Hovedlandsleirer. Det er 4 kommuner som står
igjen som aktuelle kandidater.
Til slutt avslutta han med det som er kjerneverdiene i
Speiderrørsla: Livskvalitet – Samfunnsengasjement – Kreativitet – Vennskap og
Friluftsliv. Dersom ein av desse fell bort, er det ikkje speiderbevegelse
lenger.
Olav Boen og Olav Boens legat:
President Greta fortalte at samarbeidet mellom Rotary og speiderne begynte med Olav Boen. Han har stifta eit legat på 10000 $ der det er høve til å ta ut 2/3 av renteavkastninga årlig. Ho ga ordet til Jan, som er ein nær slektning av nevnte Olav Boen. Han var bror til Jan si bestemor. Jan fortalte at Olav hadde slått seg opp som entreprenør i USA. Då han kom tilbake til Sykkylven, var han ein bemidla mann. Han kom inn i Rotaryklubben her i Sykkylven, og PK Thoresen fikk han til å spandere ein del av formua si på speiderne.
President Greta avslutta med at Rotary og speiderne har
mykje godt same motto, og ho håper at samarbeidet i åra framover vil bli enda
bedre enn no. Neste samarbeidsprosjekt er Polioaksjonen søndag 30. september på
Fagrefjellet.
Speiderne avslutta så med speiderhelsing og mottoet: «Alltid
budd» runga gjennom rommet.
Referent Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"