Sykkylven Rotaryklubb på besøk hos Speiderbo

Les om SRK sitt besøk hos speiderne ved Speiderbo

Referat frå Rotarymøte 12.09.2018: (les referatet under bilda!)




Denne gangen var det møte litt utom det vanlige. Vi var på vitjing hos våre gode samarbeidspartnere, speiderne. Staden var Speiderbo i Skogvegen. Planen var at det skulle være grilling utendørs, men siden det stridregna, måtte ein flytte innendørs og tenne bål i peisen.

Som ved Rotarymøte, er det sang når speiderne møtes. Vi fikk utdelt sangbok og åpna med «Temperaturen er høg», noko den blei etter at peisen hadde varma ei stund. I motsetning til i våre møter, har også speiderne hermesang der ein av dei var forsanger. Ingen skal komme å sei at vi i SRK ikkje kan "syngeherme". Det heile lydde riktig friskt i referent sine øyre.

Så organiserte speiderne ein leik. Den gjekk ut på å knytte ein hale rundt livet og med ein penn som hang ned bak. Så var det presisjonsarbeid å bøye såpass i knea at pennen gjekk ned i ein flasketut. Geir, Ingjerd og Ove stilte sporty opp.(Sjå bilde!)

Under Rotarymøter er vi godt vande med gode kaker og kaffe, men matserveringa hos speiderne stod ikkje noko tilbake. Tapas og fruktsalat med kaffe attåt smakte utmerket.

Speider og rotaryven Steinar Klokk:

Sjefsspeider og Rotaryven, Steinar fortalte at speiderne har to motto: «Learning by doing» oversatt: "Lære ved å å praktisere" og «Alltid budd».

Elles orienterte han om korleis speiderne i Sykkylven er organisert, frå yngste klasse og til dei kjem i slutten av tenåra. Så vidt referent forstår kaller dei seg då for Rovere.

Han orienterte litt om sjølve Speiderhytta som var blitt bygd etter at Olav Boen hadde sørga for kapital. Videre har vore masse dugnader opp i gjennom tidene, og at det no var planer om både å bygge eit reidskapshus og å få til ein parkeringsplass.

Videre fortalte Steinar at Hovedlandsleiren i 2017 var i Bodø, og kommende år blir den arrangert i Sveits. Steiner er med i ei gruppe på landsbasis som planlegger videre Hovedlandsleirer. Det er 4 kommuner som står igjen som aktuelle kandidater.

Til slutt avslutta han med det som er kjerneverdiene i Speiderrørsla: Livskvalitet – Samfunnsengasjement – Kreativitet – Vennskap og Friluftsliv. Dersom ein av desse fell bort, er det ikkje speiderbevegelse lenger.

Olav Boen og Olav Boens legat:

President Greta fortalte at samarbeidet mellom Rotary og speiderne begynte med Olav Boen. Han har stifta eit legat på 10000 $ der det er høve til å ta ut 2/3 av renteavkastninga årlig. Ho ga ordet til Jan, som er ein nær slektning av nevnte Olav Boen. Han var bror til Jan si bestemor. Jan fortalte at Olav hadde slått seg opp som entreprenør i USA. Då han kom tilbake til Sykkylven, var han ein bemidla mann. Han kom inn i Rotaryklubben her i Sykkylven, og PK Thoresen fikk han til å spandere ein del av formua si på speiderne.

President Greta avslutta med at Rotary og speiderne har mykje godt same motto, og ho håper at samarbeidet i åra framover vil bli enda bedre enn no. Neste samarbeidsprosjekt er Polioaksjonen søndag 30. september på Fagrefjellet.

Speiderne avslutta så med speiderhelsing og mottoet: «Alltid budd» runga gjennom rommet.

 

Referent Jarle Svindseth


 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS