Referat frå Rotarymøte
26.09.2018:
President Greta ønska alle vel møtt til kveldens møte og
spesielt til gjesten vår, Snorre Bakke som ville halde kveldens foredrag om «Livet
i havet».
26. september
Men først litt opplysning om dagens dato: Einar og Endre har
namnedag. Av folk som har bursdager, nemnte Greta: T.S. Elliot, f. 1888,forfatter av musicalen «Cats», George Gerswin født i 1898, amerikansk komponist,
tekstforfatter av m.a. «Porgy and Bess». Så til i dag: Martin Johnsrud Sundby,
norsk langrennsløper født 1984.
I 1687 erobra Venezia, Athen. Ikkje noko spesielt med det
utenom at dei ødelagte Akropolis. I 1907 erklærte Australia seg uavhengig av
Storbritannia. Under 2. verdenskrig, i
1941, massakrerte tyskerne 30000 jøder etter erobringa av Kiev.
Trubadur Olav hadde funne fram ein sang med haustlig tittel:
«Det er lauvfallstid». Forfatter Henrik Straumsheim. Referent trudde denne
sangen vill handle om den årstida vi er inne i, men i staden var innhaldet av det
meir romantiske slaget.
Sekretær har travle tider, og president Greta hadde fått
beskjed om å forkynne at ved forrige Rotarymøte hadde det vore 17 frammøtte.
Dette gav stusselig 43 % frammøte.
3 – MINUTT OM
GODSTERMINALTOMTA
3- minutt var denne gang ved Olaf Ellingsen: Han tok
utgangspunkt i den såkalte Godsterminaltomta som no er blitt veldig
attraktiv etter rivinga av Godsterminalen. Så er det naturligvis mange ideer om
kva ein kan bruke denne til, og kva ein kan bygge der. Olaf meiner at ein bør
sjå korleis ein løyser dette i landa rundt Middelhavet. Kvifor ikkje anlegge
ein grøn oase med park der folk kan opphalde seg og nyte utsikt og evt.
fint ver? Olaf meiner dette vil bli eit utmerket rekreasjonsområde for
innbyggerne i Sykkylven. Eit interessant og aktuelt debattinnlegg av Olaf.
President Greta opplyste at det fortsatt er ledig plass ved
RYLA i november og ber om forslag på kandidater.
Forrige helg var det Distriktskonferanse i Molde, og SRK sin
visning av prosjektet «Vi støtter: Lola Day Care Center» hadde fått mykje
merksemd. Greta vil ta opp i SRK - styret om ein skal forsøke å få med fleire klubber
på dette prosjektet.
Elles blir det som planlagt Polioaksjon på Fagrefjellet, komande søndag 30. I fjor blei aksjonen arrangert ein månad seinere med
vinterlig ver. Ved å flytte fram ein måned, kunne ein kanskje håpe på bedre
ver, men i det siste har det vore både
vått og vindfullt. Verprognosen er ikkje den beste. Greta oppfordra likevel
alle til å møte opp. Dersom ein ikkje kan møte fysisk, er det likevel ei råd: I
disse moderne tider kan ein bruke Vipps.
ROTARYFOREDRAG: SNORRE BAKKE: «OM
LIVET I HAVET»
Etter Rotarykaffe og masse gode boller og god prat, var det
foredragshaldar, Snorre sin tur. Han er marinbiolog ved Møreforskning og har
jobba her siden 2008. Han fortalte at Møreforskning AS er eit
forskningsinstitutt med marin profil. Kontora ligg ved NMK i Ålesund. Det er 28
tilsette og 22 forskerverk. Det er samarbeid med næringslivet, men med aukande
grad av såkalla bidragsforskning. Driftsinntektene var i 2017 på 42 mill.
kroner.
At kontora til Møreforskning ligg i Ålesund, meiner Snorre
er heilt naturlig. I Møre og Romsdal er det 5000 arbeidsplasser innen sjømat Det er ein produksjon av 540 000 tonn sjømat
til eksportverdi av nesten 20 mrd.
kroner (2017). Alt i alt er vi det suverent største sjømatfylke i Norge.
Det mest vanlige og tradisjonelle er å forske på og vie
merksemd til fiskeslag som torsk, laks, kveite osv. Men Snorre har hatt lyst på
utfordringer utom dette. Derfor har han konsentrert seg om forskning på reker, og
såpass eksotiske arter som raud sjøpølse, kongsnegel og kanskje det mest
uvanlige, forskning på bunnlus. Så vidt referent veit blir det siste kalla for
«søg» lokalt.
REKER
Det blir tatt 400 000 til 500 00 tonn med reker i året.
Dette blir tatt med trål. Snorre har forska på å fangste med teiner. Ein har
prøvd dette i Porsangerfjorden. Med mange nok teiner, kan faktisk denne
fangstmetoden konkurrere med tråling. Den er meir skånsom enn tråling, både for
miljøet og rekene.
RAUD SJØPØLSE
Dette blir kalt for «havets ginseng» og er svært etterspurt
i Asia. Det er faktisk eit av dei best
betalte sjømatprodukt i verda. Men sjøl om det er sunt, meiner Snorre at
smaken, etter hans meining, gjer sjøpølsa best egna for eksport. Forskningsprosjektet handler om å få til ein aquakultur der ein kan få til oppdrett av sjøpølsa. Dessuten
kan det tenkes at den kan brukes som «rensedyr» i oppdrettsnæringa.
KONGSNEGEL
Også dette er det stor etterspurnad etter. 70 % blir eksportert til
Korea, og prisene er på vei oppover. Hos oss er det ein uutnytta ressurs,
samstundes som det er stort ressursgrunnlag langs kysten vår. Dersom ein kunne
utnytte dette, ville mange fiskere få «fleire bein å stå på». Skal det vere
økonomisk lønnsomt med prosessering, bør det foreligge så mykje som 1000 tonn.
BUNNLUS
Kanskje det mest eksotiske Snorre fortalte om var bunnlus. Finst
i enorme mengder i havet. Dette er ein pest og plage for garn- og linefiskere,
men likevel ein viktig renovatør. Korleis kan det så tenkes at ein kan nytte
dette? Forskning har vist at bunnlusa har høg proteininnhald og
fettsyresammensetning som gjer at den kan nyttes f.eks. i Omega 3 - produkter.
Elles kan den kan brukes som smakstilsetning i f.eks supper. Så vidt referent
forstår, har Toro vist interesse for nettopp dette. Men då fikk
forskningsprosjektet og Snorre beskjed om å skifte namn til «minikreps». Dette
er ikkje heilt feil. Faktisk er bunnlusa eit lite krepsdyr med størrelse får
ein halv centimeter til halvannan.
Eit grundig og flott foredrag av Snorre som ser store
muligheter til å fangste og ale på disse 4 organismene. Dette gir sjølsagt muligheter
for fiskere som ikkje allereie er etablerte med kvoter på vanlige fiskeslag.
Det flotte foredraget belønna president Greta med noko (ost), som
sannsynligvis smaker bedre enn sjøpølse.
Så minte ho om neste møte 3. oktober som blir Presidenten
sin time.
Jarle Svindseth
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.