Rotarymøte 24.okt.-18: Njell Hoftun

Njell presenterer den nye sentrumsplanen for Sykkylven..


Referat frå Rotarymøte 24.10.2018:

Denne kvelden var møtet flytta til kantina ved Brannstasjonen pga. vasslekkasje ved lokala i Sparebanksalen. Men lokala til brannstasjonen var ei ypperlig erstatning, og møtet blei avvikla etter vanlig rutine.

Først ønska president Greta alle vel møtt, og spesielt kvelden sine 3 gjester, Arne Hanssen, Petter Lyshol og kvelden sin foredragshaldar, Njell Hoftun.

FN- dagen

Men først litt om dagen i dag: Det var FN- dagen og Greta markerte dette ved å minne om at organisasjonen blei bestemt grunnlagt ved Jalta-konferansen i februar 1945. Første møtet var 24. oktober same året. Organisasjonen har sitt hovedsete i New York. I dag er det 193 land som er medlemmer. Den eineste sjølstendige staten som ikkje er med er Vatikanstaten.

Greta minte om at både barnehager og barneskuler markerer denne dagen.

Elles tillet referent seg å minne om at verdenspresidenten i Rotary (Barry Rassin i 2018/2019) held tale i FN nett denne datoen.

Eilif og Eivor har namnedag, og Greta avrunda med følgende kloke sitat: «Det er ikkje penger i poesi, men heller ikkje poesi i penger».

Som Rotarysong hadde trubadur Olav valgt ut den optimistiske «Allsang», der eit av versa går ut på at ting går bedre dag for dag.

Sektretær

Sekretær Knut Henning meldte at det er Rolf og Greta sin tur til BUAS- besøk. Så er det ikkje mindre enn 3 bursdager komande veke: Per Ringdal blir 71 år 26. oktober. Øyvind Østvik blir 76 år same dato, og Oddbjørn Ramstad blir 77 år 29. oktober.

3- minutt ved Jan

Då det ikkje passa for dei to aktuelle kandidatene å halde 3 minutt, meldte Jan seg frivillig. Han fortalte han ville halde dette 3 minuttet som eit apropos til kvelden sitt tema om Den Nye Sentrumsplanen. Han tok utgangspunkt i ein leierartikkel i Sunnmørsposten 17.10. der poenget var at ein må satse på byen for å bremse sentraliseringa. Ei tilsynelatende sjølvmotseiing, men Jan forklarte kvifor han meiner det ikkje er det. Han trur neppe  er til å unngå at «ytterkommuner» blir meir eller mindre avfolka. Korleis hindre dette hos oss her i Sykkylven?  Han meinte området frå Flisneset til Magerholm i framtida sannsynligvis vil ha like mange innbyggere som heile Sykkylven. Då vil det vere naturlig å sjå dei to som ei eining. (Jan hengte opp kart.) Dette vil ein få til, etter Jan si meining, med å la 3 elektriske ferjer gå i kontinuerlig skytteltrafikk mellom Ørsneset – Magerholm. Den planlagte Storfjordbrua hadde han ikkje noko tru på. Den ville gjere turen til Sykkylven meir tungvint, og kanskje føre til at Sykkylven kjem inn i ei bakevje.

Aktuelt ved Presidenten

Så orienterte president Greta litt om situasjonen med nye lokaler. Det fine lokalet i Brannstasjonen får vi ikkje benytte permanent. Greta har forhøyrt seg om Pensjonistsalen. Elles kom det fram forslag om 2. etasje ved Servicebygget ved båthamna. Vi får følge med på e-posten.

Brev om «Prosjekt Filippinene», der vi søker økonomisk støtte, er sendt til klubber og AG  rundt i distriktet. Også guvenør Arvid Blindheim har motteke eit eksemplar, og han roser prosjektet for å vere i Rotary si ånd.

Både visepresident og president med fleire hadde virkelig lagt seg i selen for at det ikkje skulle mankere noko i matveien.  God kaffi og gode svelerJ

Den Nye Sentrumsplanen

Så var det Njell sin tur til orientering om den nye sentrumsplanen. Dem gamle gjekk ut i 2017. og no måtte det utarbeides ein ny. Tidligere er det utarbeid ein generell kommuneplan i 2013 og ein for Straumgjerde i 2017.


Arbeidet med den nye sentrumsplanen, fortalte Njell, er meir krevende enn med den gamle. Der var det meir rom for skjønn. Ved den nye blir det satt større krav til sjølve prosessen. Dette gjeld framstilling av planen og auka krav til bedre kunnskapsgrunnlag og bedre dokumentasjon. Den gamle planen var på nokre få sider, medan den nye er på 75 sider + kart.

Kva er så det overordna målet med ein sentrumsplan ? Det er å legge til rette for etablering av fleire arbeidsplasser og for bustadbygging. Derved også auke antall innbyggere i Sykkylven. Njell viste ei prognose som ikkje er særlig optimistisk når det gjeld folketallsutvikling. Sjå bilde! Elles er det mange andre moment som skal vere med: Folkehelse, sikkerhet, barn og unge, tilgjenge for alle, klima og miljø, barn og unge, jordvern, kulturvern og naturmangfald. (sjå bilde !)


Den nye planen har med 177 da nytt boligareal og 190 da til næringsareal. Høyringsfristen for å uttale seg om planen, er ganske snart, 29. okt. Særlig regner Njell med at det vil kome motsegner frå jordbruksinteresser. Nærings- og utviklingsutvalget skal uttale seg, og så må  planen evt. justeres. Kanskje må det mekling til før planen blir behandla i kommunestyret. Så vidt referent forstår, skal også fylke ved fylkesmannen uttale seg. I det heile tatt kan det bli utfordringer med alle motsegnene som kan komme.  

Ingen tvil om at både Njell og kommunen har utfordringer i tida framover. Han får synge strofa i kvelden sin Rotarysong: «Bedre og bedre dag for dag».

President Greta takka Njell så mykje, og måtte innrømme at i kampen for nytt lokale, hadde ho  gløymt den obligatoriske oppmerksomheta til foredragshaldarane. Men Njell har vore ein relativt hyppig gjest så det blir vel ei råd med ein påskjønnelse seinere.

Så takka president Greta for det gode frammøte og minte om at ved neste møte er det Trond Bonesmo som vil orientere om Folkebadet.


Referent

Jarle Svindseth




 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS