Referat frå Rotarymøte
31.10.2018:
Denne kvelden var det møte i Pensjonistsalen i påvente av
utbedring av Sparebanksalen etter lekkasje. President Greta ønska alle vel møtt
og spesielt kvelden sin foredragshaldar, Trond Bonesmo.
Som vanlig litt om dagen, 31. oktober: Det er Alle Helgeners
Aften, mykje godt ein katolsk skikk som blei nedtona etter reformasjonen. I
samband med dette nemnte Greta at nett på denne datoen slo Martin Luther opp
sine 95 teser på døren til Wittenberg Slottskirke.
Halloween-skikken, som vi kjenner den, kom frå USA og er
sidan blitt kommersialisert. I likhet med referent, rekner eg med at mange
hadde fått besøk av meir eller mindre «nifse» framtoninger som ropte ut «knask
eller knep». Referent nytta høvet til å kvitte seg med ein del karamelletwist
frå ein twistpose.
Edit og Edna har navnedag 31. oktober og det er avleda av to
motsetninger, lykke/strid.
Trubadur Olav forkynte at så lenge vi er i «romutlendighet»,
vil han begynne å synge frå byrjinga av sangboka vår. Den andre sangen i boka
kunne ikkje passe bedre i ei Rotaryforsamling: «På folkemunne» av Vidar
Sandbeck. Her gjekk forfatteren gjennom
alle dei yrka han kunne tenke seg, men alltid kom det eit eller anna i vegen.
Det er faktisk 100- års jubileum for visekunsteren dette året.
Sekretær Knut Henning forkynte at det er Odd og Asbjørn som
står for tur til BUAS- besøk. Forrige møte var det 26 frammøtte. Det gav
relativt habile 62 % frammøte. Bursdager: Helge Standal blir 64 år 2. november,
men Steven Blindheim blei 57 år nettopp denne datoen. Sjølsagt måtte alle reise
seg og synge bursdagssangen til han.
Asbjørn Klokk hadde fått den store ære i å framføre kvelden
sin 3- minutt. Kanskje ikkje uventa handla dette om litt maritime saker. Han
tok for seg etableringa av ny kai nede ved sjøen (kaia bør vel kanskje ligge
her) i Ramstaddal. Dette skjedde i 1897. Det blei danna eit aksjeselskap med 29
deltakarar og 30 aksjer. Asbjørn understreka at det mellom aksjeeigarane var
det 2 revisorer. Finansieringa var lån i Ørskog Sparebank. Første lånet var på
850 kr. Dette viste seg å vere litt knapt så dei måtte utvide låna seinere.
Finansieringa var litt «kuriøs». Det var ein slags variant
av bompenger, der f.eks. å få frakta ein hest over til ein båt kosta maksimal
takst. (Referent husker ikkje beløpet). Deretter blei det billigere til mindre
dyr som skulle over bryggekanten. Passasjerer måtte også betale ein viss sum,
og litt spesielt var det at dersom ein hadde med niste i ei tine blei dette
dyrere. (trur det blei 13 øre).
Noko seinere fikk ein handelsmann etablere seg ved kaia, mot
at han innløyste lånet. Slik blei kaia nedbetalt i løpet av 10 år.
Det blei seinere også bygd kaihus. Dette blei etter kvart
bli prega av tidens tann. For at ikkje dette kulturminne skal gå tapt, har «Vener
av Ramstaddal Kai», med støtte frå stat og fylke, satt i gang eit
restaureringsarbeid.
Asbjørn supplerte si orientering med bilder frå kaia:
Mogleg Folkebad:
Etter kaffi og gode rundstykker var det Trond Bonesmo sin
tur til å snakke om Folkebadet eller Alpebadet. Trond presenterte seg sjøl og
fortalte at han er gift og har to barn. Jobber i Vard Group. Er politiker, er
med i kommunestyret og er medlem i Levekårsutvalget. Sjøl om han meinte han
ikkje er nokon dyktig svømmer, er han med svømmegruppa som hjelpetrener.
Han minte om at dagens svømmehall ved Kulturhuset er 50 år,
og begynner å bli veldig slitt. Det er derfor vanskelig å sei kor lenge ein kan
nytte dette. Utdanningsdirektoratet har satt som målsetning at 4. klassingene
skal vere i stand til å svømme 100 m. Deretter dukke ned til botnen for å hente
opp ting. Deretter svømme 100 m. til. Dette er svært ambisiøst, og skal ein nå
dette målet vil nok ikkje dagens basseng vere tjenlig.
Men det er ikkje berre skuleborn som vil bruke bassenget:
-
Vanntilvenning for barnehagebarn.
-
Behandling (reumatikerbading og fysioterapi).
-
Trening.
-
Mosjon, leik og moro.
-
Babysvømming. (ikkje tilbod i dag)
-
Vaksenopplæring. (ikkje tilbod i dag)
Det er mange grupper som vil nytte bassenget. Sameleis er
det motstridande interesser når det gjeld temperatur. Reumatikerne vil ha det
godt og varmt, medan særlig konkurransesvømmerne vil ha temperatur langt ned på
20- talet.
Som konklusjon kom Trond til at dagens basseng gir for liten
kapasitet. Er enten for djupt eller grunt. Er for kort, særlig til
konkurransesvømmere. Som tidligere nevnt er det slitt og sjansen for
sammenbrudd er stor. I det heile tatt er det lite attraktivt.
Trond nevnte fleire alternativ, men det som han synest er det
beste er eit Folkebad ved kaia på Aure . («Godsterminaltomta») Her kan ein
bygge slik at dei overfor nevnte gruppene sine interesser blir ivaretatt. For å
gjere dette riktig attraktivt, kan ein
supplere med stupetårn, plaskebasseng, boblebad, vannsklie, sauna og ein kafe.
Eit slikt bygg vil bli eit signalbygg der ein kan få til ein
synergi med handelsstanden. Når først folk er i bassenget, vil vegen til
butikkene etterpå vere veldig kort. Her er rikelig med parkering og det vil hindre
handelslekkasje til Moa.
Men det blir ikkje billig: Eit anslag frå Asplan Viak viser
at eit svømmeanlegg vil koste 119 mill. kroner, medan eit Folkebad vil bli enda
dyrere, 161 mill. kroner.
Trond avslutta med at han synes dette badeanlegget burde
vere kommunalt fordi ein får spelemidler (målretta mot breddeidrett). Ein får
momskompensasjon, og til sist men ikkje minst, meiner han at symjeopplæring bør
vere ein kommunal oppgåve.
Eit veldig interessant foredrag av Trond Bonesmo. Referent
synes det heile høyres ut som ein veldig god ide, men så er det disse pengene
da.
To bilder frå Rjukanbadet:
Greta belønna Trond med sedvanlige to oster. Denne gangen
hadde ho ikkje hatt tid til innpakning. Så avslutta ho med å minne om neste
møte som er Presidenten sin time, der ho vil fortelle om Distriktskonferansen i
Molde.
Mvh
Jarle Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.