Referat frå Rotarymøte
23.01.2019:
Les referat frå Rotarymøte der Frode Johannesen og Jan Kåre Aurdal fortalte om fengselet i Ålesund og om planer for nytt fengsel på Digernesskiftet.
President
Greta ønska vel møtt til dette rotarymøte, 23. januar. Særskilt ønska ho Frode
Johansen frå Kriminalomsorgen og vår rotaryven Jan Kåre, som representerer Sunnmøre
Regionråd. Applaus.
Først litt opplysninger om dagen 23.01: Emma,
Emil, Emily og Emilie har namnedag.
Så til sterk historie frå vår relativ nære fortid. Bebyggelsen i Ålesund brann ned 23. januar 1904. Brannen starta i 02- tida på Aspøya, i lokala til Ålesund Preservering.
Frå 1974 er det blitt vanlig å markere dette,
ved at Harald Grytten og seinere andre foredragsholdere har halde orientering
om det som skjedde ved og under brannen. Etter kvart har dette årlig samla ei
stor mengde tilhøyrarar. Flest i 2004, då det var 100- års markering.
Av interesse
for lærer Greta er 1739. Då blei lova om
allmenskule vedteke.
Camilla Collett blei født i 1813. Søster til Henrik
Wergeland, forfatter og tidlig kvinnesakskvinne.
I 1944 døde
vår mest kjente internasjonale maler, Edvard
Munch.
I tråd med
kvelden sitt tema hadde trubadur Olav valgt ut «Gjest Baardsen» som rotarysang. Sangen handla om ein som ikkje let
seg fengsle så lett, og som sikkert hadde blitt ei utfordring for fengselet i
Ålesund. Han er kjent for sine rømninger frå arresten, og at han stal angivelig
frå ei rike og gav til dei fattige. Det verserer mange myter og fortellinger om
han, som eit slags norsk svar på engelske Robin Hood.
Knut Jarle heldt dagen sitt 3- minutt: Han fortalte frå arbeidsplassen
sin, Møre Trafo. Denne går veldig bra økonomisk og budsjettet for 2018 er ein
korrigert opp fleire ganger. Grunnen til den stor etterspørsel etter trafoer er
at det trengs strøm til ferjeladning, ladning av båter i havner og ikkje minst
billadere.
Trafoane er
store og spesialtilpassa, og sjelden blir det produsert meir enn eit fåtall av
kvar sort.
Tilslutt
fortalte Knut Jarle at det er kome nye EU- krav om kor mykje spenningstap ein
trafo kan ha. Ei slik forordning kom i 2015, og ei ny er på trappene i 2021. Det er ikkje så mykje spenningstap ved ein trafo, vanligvis ca. 1 %, i
følge Knut Jarle. Derimot ca. 7 % i
linjenettet.
Orientering ved Greta:
Årsfesten
blir 5. april og prisen er subsidiert slik at det vil koste ca. kr 200,- pr.
deltaker. Det skulle ikkje vere prisen som skulle hindra oss i å delta.
Elles
opplyste Greta at vår nye rotaryven, Roald Mork , med stor kompetanse på data,
har oppgradert klubben sin PC.
Så var det rotarykaffe med nydelig gode lefser som
Helga hadde baka.
Både Frode og Jan Kåre hadde mykje på hjartet, og fekk
sette i gang ikkje altfor langt ut i kaffen. Først presenterte Frode ei
historisk oversikt over dagens fengsel i Ålesund. Det blei bygd i 1864 og brann
ned i 1904. Midlertidig drift i 1905 og full drift i 1907. Så vidt referent
oppfatta, er det nye fengselet bygd på dei attståande murane etter brannen.
Bygget husa den gang både Tingrett og Politikammer. I 1925 fekk det namnet Ålesund
Kretsfengsel. I 2001 skifta det namn til Kriminalomsorgen.
Bilde: Ålesund Fengsel slik det ser ut i dag.
Fengselet
tilhøyrer region Vest. Leiinga for regionen er i Bergen. I fengselet er det høgt
sikkerhetsnivå med plass til 27 innsatte. Det er 30 ansatte og det er såkalla
dynamisk sikkerhet, der personalet er til stades i mest mulig grad.
Tungt klientell:Når det gjeld innsatte, er dette menn
som til dels har utført alvorlige brotsverk: Vold, drap, narko, sedelighet og
voldtekt m.a. Det er kun menn. Frode fortel at det kan vere eit utfordrende
miljø å jobbe i, med dårlig fungerende innsatte som er psykisk sjuke. Det er
store språkbarrierer, fordi fleirtalet av dei innsatte er utlendinger.
Til ve.: Bilde frå ei celle. Til hø. Feiring av 150 år jubileum for Ålesund Fengsel.
Trass i
overnemnte utfordringer, har fengselet Verksbedrift og skule. Dei flotte
benkene vi finn rundt om på forskjellige rasteplassene er laga her i fengselet.
Belegget var
pr. 30/4- 18 på 89,1 %. Naturlig nok har ei såpass gamal bygning behov for
vedlikehald. Fasaden er under rehabilitering,
og det er cellevinduer som burde bli skifta. Men så vidt referent forstår, er
dette utsatt eit år.
Her er Frode sin presentasjon:
Jan Kåre:Det var dagen sitt tilbod innan
Kriminalomsorg. Som representant for Sunnmøre Regionråd, tok Jan Kåre for seg
Kriminalomsorgen si framtid.
Det er
politisk semje om at det framtidige fengselet skal ligge på Digerneset. Det som
for øyeblikket mangler, er penger til prosjektering av det nye fengselet.
Derfor ser ikkje Jan Kåre for seg noko umiddelbar igangsetting av bygging.
Han snakka
litt om korleis dette er planlagt. Det vil vere plass til 90 – 95 innsatte. Det
vil sjølsagt vere bedre arbeidstilhøve for ansatte og bedre soningsforhold for
innsette. Fengselet ligg no meir for seg sjøl, og vil ikkje bryte
nærleiksprisippet som i Ålesund, der det er mykje innsyn. Det blir enklere og
billigere med besøk til dei innsatte. Til sist, men ikkje minst, blir det eit
større ute- og lufteområde.
Bedre samarbeid med partnere utanfor
fengselet: Ein håper
også at ved nye lokale og ny lokalisering skal det bli enklere å samarbeide med
parter utenfor Kriminalomsorgen. Av samarbeidspartnere blei nemnt Ålesund
Behandlingssenter med rusbehandling og Røde Kors. Like eins bedre
psykiatribehandling, der ein også prøver å bygge eit nettverk, slik at det skal
bli enklere for den som soner å kome tilbake til samfunnslivet. Til slutt blei
ønske om fleire vareteksplasser satt fram, noko som det er stor mangel på i
dag.
Eit
engasjerende, interessant og tankevekkende foredrag av dei to herrer Frode og
Jan Kåre. Berre overtid begrensa antall spørsmål.
Som vanlig
fekk foredragshaldarane kvar sin innpakka ost som ein gest for det flotte
foredraget.
Frå ve.: Jan Kåre frå sunnmøre Regionråd, president Greta og frå Kriminalomsorgen, Frode Johansen.
Så avslutta
president Greta med å orientere om neste veke sitt program og ønska så alle vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"