Rotarymøte 23.01.2019: Nytt fengsel i vårt område.

Referat frå Rotarymøte 23.01.2019:

Les referat frå Rotarymøte der Frode Johannesen og Jan Kåre Aurdal fortalte om fengselet i Ålesund og om planer for nytt fengsel på Digernesskiftet.

President Greta ønska vel møtt til dette rotarymøte, 23. januar. Særskilt ønska ho Frode Johansen frå Kriminalomsorgen og vår rotaryven Jan Kåre, som representerer Sunnmøre Regionråd. Applaus.

Først litt opplysninger om dagen 23.01: Emma, Emil, Emily og Emilie har namnedag.

Så til sterk historie frå vår relativ nære fortid. Bebyggelsen i Ålesund brann ned 23. januar 1904. Brannen starta i 02- tida på Aspøya, i lokala til Ålesund Preservering. 


Frå 1974 er det blitt vanlig å markere dette, ved at Harald Grytten og seinere andre foredragsholdere har halde orientering om det som skjedde ved og under brannen. Etter kvart har dette årlig samla ei stor mengde tilhøyrarar. Flest i 2004, då det var 100- års markering.

Av interesse for lærer Greta er 1739. Då blei lova om allmenskule vedteke.

Camilla Collett blei født i 1813. Søster til Henrik Wergeland, forfatter og tidlig kvinnesakskvinne.


I 1944 døde vår mest kjente internasjonale maler, Edvard Munch.

I tråd med kvelden sitt tema hadde trubadur Olav valgt ut «Gjest Baardsen» som rotarysang. Sangen handla om ein som ikkje let seg fengsle så lett, og som sikkert hadde blitt ei utfordring for fengselet i Ålesund. Han er kjent for sine rømninger frå arresten, og at han stal angivelig frå ei rike og gav til dei fattige. Det verserer mange myter og fortellinger om han, som eit slags norsk svar på engelske Robin Hood.

Knut Jarle heldt dagen sitt 3- minutt: Han fortalte frå arbeidsplassen sin, Møre Trafo. Denne går veldig bra økonomisk og budsjettet for 2018 er ein korrigert opp fleire ganger. Grunnen til den stor etterspørsel etter trafoer er at det trengs strøm til ferjeladning, ladning av båter i havner og ikkje minst billadere.

Trafoane er store og spesialtilpassa, og sjelden blir det produsert meir enn eit fåtall av kvar sort.

Tilslutt fortalte Knut Jarle at det er kome nye EU- krav om kor mykje spenningstap ein trafo kan ha. Ei slik forordning kom i 2015, og ei ny er på trappene i 2021. Det er ikkje så mykje spenningstap ved ein trafo, vanligvis ca. 1 %, i følge Knut Jarle.  Derimot ca. 7 % i linjenettet.

Orientering ved Greta:

Årsfesten blir 5. april og prisen er subsidiert slik at det vil koste ca. kr 200,- pr. deltaker. Det skulle ikkje vere prisen som skulle hindra oss i å delta.

Elles opplyste Greta at vår nye rotaryven, Roald Mork , med stor kompetanse på data, har oppgradert klubben sin PC.

Så var det rotarykaffe med nydelig gode lefser som Helga hadde baka.

Både Frode og Jan Kåre hadde mykje på hjartet, og fekk sette i gang ikkje altfor langt ut i kaffen. Først presenterte Frode ei historisk oversikt over dagens fengsel i Ålesund. Det blei bygd i 1864 og brann ned i 1904. Midlertidig drift i 1905 og full drift i 1907. Så vidt referent oppfatta, er det nye fengselet bygd på dei attståande murane etter brannen. Bygget husa den gang både Tingrett og Politikammer. I 1925 fekk det namnet Ålesund Kretsfengsel. I 2001 skifta det namn til Kriminalomsorgen.


Bilde: Ålesund Fengsel slik det ser ut i dag.

Fengselet tilhøyrer region Vest. Leiinga for regionen er i Bergen. I fengselet er det høgt sikkerhetsnivå med plass til 27 innsatte. Det er 30 ansatte og det er såkalla dynamisk sikkerhet, der personalet er til stades i mest mulig grad. 

Tungt klientell:Når det gjeld innsatte, er dette menn som til dels har utført alvorlige brotsverk: Vold, drap, narko, sedelighet og voldtekt m.a. Det er kun menn. Frode fortel at det kan vere eit utfordrende miljø å jobbe i, med dårlig fungerende innsatte som er psykisk sjuke. Det er store språkbarrierer, fordi fleirtalet av dei innsatte er utlendinger.


Til ve.: Bilde frå ei celle.                          Til hø. Feiring av 150 år jubileum for Ålesund Fengsel.

Trass i overnemnte utfordringer, har fengselet Verksbedrift og skule. Dei flotte benkene vi finn rundt om på forskjellige rasteplassene er laga her i fengselet.

Belegget var pr. 30/4- 18 på 89,1 %. Naturlig nok har ei såpass gamal bygning behov for vedlikehald.  Fasaden er under rehabilitering, og det er cellevinduer som burde bli skifta. Men så vidt referent forstår, er dette utsatt eit år.  

Her er Frode sin presentasjon:

Jan Kåre:Det var dagen sitt tilbod innan Kriminalomsorg. Som representant for Sunnmøre Regionråd, tok Jan Kåre for seg Kriminalomsorgen si framtid.

Det er politisk semje om at det framtidige fengselet skal ligge på Digerneset. Det som for øyeblikket mangler, er penger til prosjektering av det nye fengselet. Derfor ser ikkje Jan Kåre for seg noko umiddelbar igangsetting av bygging.

Han snakka litt om korleis dette er planlagt. Det vil vere plass til 90 – 95 innsatte. Det vil sjølsagt vere bedre arbeidstilhøve for ansatte og bedre soningsforhold for innsette. Fengselet ligg no meir for seg sjøl, og vil ikkje bryte nærleiksprisippet som i Ålesund, der det er mykje innsyn. Det blir enklere og billigere med besøk til dei innsatte. Til sist, men ikkje minst, blir det eit større ute- og lufteområde.

Bedre samarbeid med partnere utanfor fengselet: Ein håper også at ved nye lokale og ny lokalisering skal det bli enklere å samarbeide med parter utenfor Kriminalomsorgen. Av samarbeidspartnere blei nemnt Ålesund Behandlingssenter med rusbehandling og Røde Kors. Like eins bedre psykiatribehandling, der ein også prøver å bygge eit nettverk, slik at det skal bli enklere for den som soner å kome tilbake til samfunnslivet. Til slutt blei ønske om fleire vareteksplasser satt fram, noko som det er stor mangel på i dag.

Eit engasjerende, interessant og tankevekkende foredrag av dei to herrer Frode og Jan Kåre. Berre overtid begrensa antall spørsmål.

Som vanlig fekk foredragshaldarane kvar sin innpakka ost som ein gest for det flotte foredraget.


Frå ve.: Jan Kåre frå sunnmøre Regionråd, president Greta og frå Kriminalomsorgen, Frode Johansen. 

Så avslutta president Greta med å orientere om neste veke sitt program og ønska så alle vel heim.

Referent

Jarle Svindseth  



 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS