Presidenten sin time med vinlotteri.

Les referat frå president Greta sin "Presidenten sin time".

Referat frå rotarymøte 06.02.2019:

Denne kvelden var det presidenten sin time med vinlotteri. Først ønska president Greta alle vel møtt, og då spesielt dei to gjestane, Rune Molnes og Arild Sporsheim. Applaus !

Først litt om dagen sin dato, 6. februar: Dortea og Dorte har namnedag. Namna er avleda av gave og gud.  Ikkje så veldig krigersk opphav denne gang.

Så tre bursdagar: Tidligere president i USA, Ronald Reagan er født på denne dato i 1911. Artist, Jan Høiland i 1939 og skuespiller, Sven Nordin i 1959.

Samisk landsmøte kom saman i Trondheim i 1917. Difor har vi samisk nasjonaldag, 6. februar.


Denne dagen, i 1952, blei prinsesse Elisabeth krona til dronning i Storbritannia.

I 1964, blei Frankrike og Storbritannia samde om  eit felles prosjekt med jernbanetunnel under Den Engelske Kanal.

Ord for kvelden: «Ingenting er så gammaldags som det nesten moderne.» Referent fekk ikkje med seg opphavsmann/kvinna til dette uttrykket. Opphavsmannen til det andre utrykket er Leiv A. Ellefset, leiar i Trygg Trafikk i mange år: «Dei verste syndarane køyrer rundt i store, svarte biler». I sin kvite bil følte Greta seg ikkje truffe.

Trubadur Olav hadde funne fram ein virkelig klassiker mellom rotarysangane:  «Det er kvitt og fritt og blankt». Det var tydelig at denne sangen hadde forsamlinga sunge tidligere.

3- minutt var ved Sindre: Han fortalte litt om arbeidsplassen sin, Uksnøy & Co AS og verksemda her. Rederiet yter seismikksupport til oljeselskapa. Dette er sjølsagt viktig i oljeleiting. Under oppdraget dreg seismikkfartøyet etter seg fleire lengder med såkalla «streamere». Så blir det skutt ut lyd med nivå på 2000 bar. Signala tilbake blir så analysert om det er funn av interesse.

Det er dyrt å halde seismikkskip i funksjon. Så vidt referent forstår, er det då supportbåter som yter tjenester til seismikkskipa. F.eks. frakte mannskap inn og ut, gi forsyninger av ymse slag osv. Sindre fortel at det har vore eit labert marked for denne verksemda i 2017, pga lav oljepris. No føler han at markedet er i ferd med å ta seg opp igjen pga. oljeprisen er høgre.

Orientering ved president Greta: Ho hadde to hyggelige meldinger: Klubben vår ved Greta og TRF- ansvarlig, Olaf, har søkt om kr 10 000 frå Distriktet sitt økonomiske overskot. Dette for å finansiere ein parkeringsplass ved Speiderbo. Søknaden er innvilga. I tillegg til desse 10 000, vil SRK yte kr 2000,-. Greta fortalte at det også kan bli ei råd med dugnadsarbeid.

I tillegg til denne søknaden, er det sendt søknad til Distrikt Grant om kr 12 000 til Lola Day Care Center. Denne er også innvilga. Her yter klubben vår kr 3000,- Volda RK yter i tillegg kr 5000,-. May Brit utrykker stor takksemd for den økonomiske støtta.

Etter rotarykaffe og sedvanlig gode rundstykker, var vi spente på kva presidenten hadde på programmet. Referent kvapp litt då ho fortalte at temaet var LUS. Sjøl om referent, med sin manglande hårsveis, ikkje er av dei mest utsatte,  høyrdes det ikkje ut som eit spesielt hyggelig tema. Imidlertid kunne vi trekke eit lettelsen sukk. LUS var ikkje det vi først tenkte på, men ei forkorting for LeseUtviklingsSkjema.

Greta, som er utdanna lærer, fortalte at på lærerskulen lærte dei ingen ting om korleis lære elevane å lese. Det er vel inga overrasking at lesedugleik er det viktigaste ein lærer i skulen. LUS er eit verktøy for å avgjerde kva ferdighetsnivå eleven er på i lesing. Det er ikkje ein metode for å lære elevene å lese.

LUS- skjemaet er delt i 3 deler etter dugleiken til eleven:  

1.     Utforskende fase.

2.     Ekspanderende fase, der eleven har såpass ferdigheter at han/ho kan lese ein tekst på TV, eller lese ei bruksanvisning.

3.     Litterær fase: No kan eleven lese kva som helst.

LUS- kartlegginga har 19 trinn, frå at eleven kjenner igjen og skriver namnet sitt på 1. trinn, til trinn nr. 18 og 19, der eleven leser voksenbøker, og ikkje har noko begrensning i lesinga. For å kome til siste trinn, er det logisk oppbygde nivå heile vegen. Eleven får ikkje fortsette til neste trinn før han/ho behersker det trinnet han/ho står på.

Greta presiserer at det er viktig å samarbeide med foreldre og sjølsagt med lærerkollegane på skulen.

For ytterlegare info sender eg Greta sin presentasjon og LUS - skjema.

Dette med lesedugleik er eit aktuelt tema: Guter er dårlegare enn jentene. Korleis bøte på dette? Elles har svake norske leseferdigheter ved PISA tester og nasjonale prøver, pressa igjennom tiltak. LUS er eit av desse tiltaka.


Etter ein runde med spørsmål, tok Greta av seg pedagoghatten og på med presidenthatten. Ho avslutta med å minne om at ved neste møte, er det Åsne Folstad som vil orientere oss om SNU- og denne sin fokus på framtida.

Referent

Jarle Svindseth



 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS