Årsfesten i Sykkylven Rotaryklubb
blei halden i Odd Fellow sine lokale i Straumgjerde, 5. april 2019. Her var det musikk og
allsong, koldtbord med dessert. Til sist, men ikkje minst, opptak av to nye
medlemmar.
Fredagskvelden,
5. april, blei Årsfesten i klubben vår avvikla. President Greta
innleia med å ønske alle vel møtt, både gjester og medlemmer.
Programmet
blei innleia av den musikalske kvartetten «HERIFRÅ
OG DERIFRÅ», som har sin heimebase i Velledalen. Dei spelte kjente og kjære
melodier, som vi som har levd ei stund, kjenner godt til. Kvartetten underheldt
både før og etter matykta.
Vår eminente trubadur, Olav, leia allsangen slik at vi kom i riktig god stemning. Han opplyste at den skarpe observatør vil kunne sjå at allsangheftet var gjenbruk frå jubileumsfesten i 2016. Men som kjent så rekk ikkje manns minne langt, dei ulike sangane tålte gjenbruket veldig godt. Mest imponert blei referent over «Sangskatten», der ein på melodien «Sønner av Norge», kom innom utallige norske sanger. Noko som også imponerte, var kor flott kvartetten spelte til dei ulike sangane uten å ha samspelt på førehand.
Maten, med koldtbord,
smakte som vanlig veldig godt. Spesielt imponert blei referent over den
gode karamellpuddingen. Den smelta på tunga.
Opptak av nye medlemmer:
Sjøl om sang,
musikk og mat var ypperlig, så var opptak
av to nye medlemmer festen sin høgdepunkt. Dei to nye medlemmane, som har
vore gjester hos oss ved fleire møter, er
Arild Sporsheim og Knut Molnes.
Sistnemnte har vore medlem i klubben vår tidligere, så han veit kva han går
til.
Som vanlig
ved opptak er det oppnemnt ein fadder. Denne held ein presentasjon av sitt nye
medlem.
Først ut var
Geir Brekke med presentasjon av Knut
Molnes. Han fortalte at Knut er teknisk utdanna. Første jobben var faktisk
som ingeniør hos Hans Lillevik her i Sykkylven. Han var med å konstruere
Sparebanken, det bygget vi held til ved møta våre. Elles har han tatt
bedriftslederskule, NKS, og han har vore lærer ved Videregående Skule her i
Sykkylven. Han er gift med Aud og bur i Helledalen, altså tidligere nabo med
Geir. Velkomen til Sykkylven Rotaryklubb!
Deretter presenterte Steinar Klokk den andre medlemmet, Arild Sporsheim. Arild er født og oppvaksen på Vestnes. Er utdanna kokk og servitør, og så vidt referent husker, jobba han eit år med dette. Kom til Sykkylven i 1999 og begynte på Hjellegjerde med ansvar for utvikling. Referent kjenner han elles frå si tid i Soknerådet, der han var leiar eit år. Som etterutdanning har han master i «Verdibasert Ledelse». Det får han sikkert bruk for i sin noverande jobb som kyrkjeverge. Rotarymottoet om å «gagne andre» passer godt på Arild. Steinar karakteriserer han elles som teknisk flink, og flink til å finne løysinger. Han er gift med Grete og har 3 barn og eit adopsjonsbarn. Velkomen til Sykkylven Rotaryklubb!
Så fortsatte festen med musikk frå kvartetten og allsong leia av Olav med godt akkompagnement frå nemnte kvartett.
Etter kvart
blei festen litt lausere i formen med mykje prat og sosial samrøre. I år som i
fjor, la referent merke til at dei yngste gjekk først og dei eldste sist.
Uansett ein
trivelig fest som Klubben har all ære av.
Referent
Jarle
Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.