Denne dagen,
i slutten av april, var veret bedre enn ved dei aller fleste sommerdagar. Om
dette var grunnen til det gode oppmøte ved vår årlege dugnad i Kyrkjeparken, er
vel vanskelig å sei, men det gjorde det neppe noko dårligare.
Målsetninga
med dugnaden er todelt: Sjølsagt å rydde i Parken slik at den blir mest mulig
presentabel til konfirmasjoner og seinare, 17. mai feiring. Ved sidan av dette
edle motivet heilt i Rotary si ånd om «Service above self», er dette ein måte å
markere oss i det offentlige rom. Få folk som passerer forbi nysgjerrige på
kven vi er og kvar vi kjem i frå. Med andre ord ein fin måte å markedsføre
Klubben.
Arbeidet i
år gjekk mest ut på å rydde greiner og
kvist som hadde blåst ned i løpet av haust, vinter og vår. Dugnadsleier, Geir
stilte med henger, slik at vi fekk køyrt dette bort.
Referent
legg ikkje opp til noko grundig referat. Henviser til Olav P sin supre artikkel
med bilder som kjem ut laurdag i Sykkylvsbladet. (Referent har lest artikkelen
på førehand, heilt super!)
På heimesida
blir det mest ein biletkavakade. Sjå under!
Referent
Jarle Svindseth
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.