Sykkylven Rotary Klubb, møte 8. mai 2019. Banksalen
kl 19.
Skrivar:
Olav Pileberg
Petter ønska
velkommen til gjesten Grete-Iren Moen, som ville
orientere om «Inn på tunet» og om «Stall Moen» i Velledalen. Applaus. Ingen
andre gjester.
Namnedag har
Åge og Åke, med tydinga «forfader», etter gammaldansk og urnordisk rot. På
denne dagen 8. mai 1945 tok 2. verdskrigen offisielt slutt i Noreg, etter som
den tyske okkupasjonsmakta overgav seg, i ein seremoni på Akershus festning. Sjå
bilete med tekst:
Fødselsdagar:
Forfattar Nini Roll Anker, (03.05.1873-20.05.1942), President Harry S. Truman,
(08.05.1884-26.12.1972), Coca-Cola (1886), Miljøverndepartement i Noreg (1972).
Ord for dagen, av Selma Lagerlöf: «Fred er for landet
det samme som sunnhet for legemet».
Etter dette tok Olav P. over, med høveleg allsong for
fridoms-dagen: Det går et festtog gjennom
landet. Det vart som
eit karaoke kor av oss, saman med kor og festleg korpsmusikk på YouTube.
Neste post
på programmet sto sekretær Knut Henning for, med BUAS-besøk, bursdagar for Almar,
Trygve og Olaf (applaus) og
frammøteprosent, som på dugnaden sist onsdag i Kyrkjeparken var på 56 prosent.
Så var tida
komen for 3-minutt, som Greta raust
hadde gitt som oppgåve til Jan Fredriksen. Han fortalde om ordninga med Bompengar som vi hadde kosta på oss her
i landet. Slett ikkje noko nytt, men no er det blitt valpropaganda ut av dette. Eit «spesialparti» har dette som si
hovudsak, og i Bergen har «Folkeaksjonen nei til mer bompenger», heile 17
prosent oppslutnad, i følgje siste gallup. Skal alle slike enorme utgifter
dekkast av staten utanom Statsbudsjettet, – les: gjennom Oljefondet? Spørsmålet
har vore oppe både i Fremskrittspartiet og Høyre. Tapet av KNM «Helge Ingstad»
utgjer også eit aktuelt og vektig element i denne diskusjonen. Fredriksen
meinte at dette var eit merkverdig syn på finansiering,-
«-for det er då ikkje slik vi jobbar…. Dette er å jobbe under bunnlinja,» sa
Jan, mellom anna. Han kopla vidare dette opp mot El-bilar som til denne dag har
køyrt gratis der bensin- og diesel-bilar lyt punge ut. Er dette med betalingsfritak
– grovt sett – rettferdig og rett? Jan landa ikkje på eit endeleg svar.
Problematikken er heller uklår, og løysinga deretter. Med stadig fleire
El-bilar fell heile finansierings-modellen for dei store bompenge-prosjekta
saman. Kanskje er ikkje forslaget frå Carl I. Hagen på Landsmøtet i FRP nyleg så
«hakkande gale»: at staten tek 70 milliardar frå Oljefondet og løyser inn heile
bompengeselskapet. Den som lever, får
sjå!
Rotary-kaffi
med rundstykke følgde program-messig, og drøsen rundt borda sameleis, før Grete-Iren Moen fekk ordet.
«Inn på tunet» og «Stall
Moen».
"Inn på tunet" i Møre
og Romsdal finn vi her: https://innpatunetmr.no/tilbydere/
Grete-Iren
opna med å presentere seg sjølv, før ho fortalde om hovudoppgåva til deira
engasjement ved Stall Moen i Velledalen: Å hjelpe barn, ungdom og vaksne som
har særlege behov for alternative aktivitetar og undervisning. Dyra og livet på
garden er læremidlane i så måte. Det enkle er ofte det beste, sa Grete-Iren.
Litt informasjon, kopiert frå PPT framsyninga:
• Kjøpte
JØRNGARDEN på HJORTHOL i 2010,
•
Bygd ny fjøs og lagt til rette for
drift av sau og hest
•
LAGT
TIL RETTE FOR «INN PÅ TUNET», og VART GODKJEND IPT i 2016
•
Har 64 vinterfora sau og 2 verar. Nokre hestar
på oppstalling og nokre eigne, som vi nyttar til inn på tunet.
Særskilt tilrettelagde opplæringstiltak:
• Enkeltelever
eller mindre grupper kan ha spesielle utfordringar med skuledagen og med
timane/faga, eller sosialt med kameratar eller i klassa. ”Dei treng å skifte
miljø” – få ein alternativ dag eller ein alternativ læringsarena.
• På garden
kan det tilretteleggast etter den enkelte sine behov. Her er det nye menneske
som ser deg på ein anna måte. Å vere saman med dyr har ein god og beroligande
effekt på menneske, og det finst nok av praktiske oppgåver som utfordrar og gir
meistring når eleven lykkast.
Å følgje livet på garden gjennom årstidene, å få nærkontakt med dyra
gjennom å ri på hest, vere med på lamming, eller anna: dette er terapi av beste
merke! Utagerande elevar, t.d., kan skifte heilt om, til å bli empatiske, til å
vise omsorg og omtanke.
Alt dette, og meir til, vart formidla av Grete-Iren Moen enkelt og greitt
til lydhøyrde og interesserte rotarianarar. Vårt klubbmedlem Bjørg driv med eit
liknande opplegg på deira gard, Eliasgarden, med tilsvarande gode resultat på målgruppa.
Etter at tilhøyrarane hadde fått tilfredsstillande svar på sine mange spørsmål,
fekk Grete-Iren vel fortent takk og ei lita gåve. Deretter formidla Petter takk
til alle for frammøtet, og vel heim. Somme av dei følgjande bileta er anonymiserte. Utvalet er frå Grete-Iren sin PowerPoint serie.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"