Referat frå Rotarymøte og presidentskifte 26.06.2019:
Då var det siste møtet til president Greta. No
tek Petter over og vi kan titulere han som President Petter. Det heile blei
feira med kaffe og marsipankake. Elles fortalte Olav frå turen sin på Donau.
Les om dette i referatet.
President
Greta ønske vel møtt til ein dag ho kanskje har sett fram til, Presidentskifte. No var det siste gang ho kunne
titulere seg som President i Sykkylven Rotaryklubb.
Vanlig møterutine:
Litt om dagen i dag: Jenny, Johanne og Johnny har namnedag. I 1824 blei
fysikeren Kelvin født. 0 (null) Kelvin er minus 273,15 grader Celcius. Då vil 0 grader
Celcius bli 273,15 grader Kelvin. Så fleire fysiskere: Bjørn Johan Landmark
født i 1927. Leia norsk romfart på 1980- talet. I 1937 blei første helikopter
presentert av Focke - Wolf i Tyskland.
Så til noko
som er viktig for Rotary: FN- pakta blei underskriven i 1945 i San Fransisco av
50 land. Rotary er som kjent tungt inne i danninga av FN.
Komponist
Per Egil Hovland født i 1947.
Britisk
Somaliland og Madagaskar fekk sjølstende i 1959.
Og til slutt
i 1963 på denne dato: President John F. Kennedy sin legendariske: «Ich bin ein
Berliner.» Bra han ikkje sa det samme om Hamburg.
Til slutt
typisk dansk humor: «Den syke gjør et dårlig valg dersom han gjør sin lege til
enearving.»
Trubadur
Olav var tilbake etter seilas på Donau. Kva passer bedre ved Presidentskifte
enn Rotarysong ved Henrik Straumsheim? Olav spela piano til den flotte sangen.
Så hadde
sekretæren vår gjennom 6 til 7 år, Knut Henning trassa ein travel kvardag og
kunne forkynne at det er Geir B og han sjøl som står for tur til BUAS-besøk.
Forrige møtet var det 24 frammøtte med permisjoner gav det 54 % frammøte.
Ingen
bursdager komande veke, men elles er juli, ein god bursdagsmånad: Roger 55 år,
Ove 79 år, president Petter 68 år, Knut Jarle 55 år og til sist, men ikkje
minst, avtroppende president Greta 70 år (!). Gratulerer på førehand!
Knut Henning
blei takka av med velfortjente blomster. Sameleis med leieren i Programkomiteen, Kristin.
Olav hadde tatt på seg «turskildringshatten». Han har som nemnt nettopp kome heim frå ein seilas på sjølvaste Donau. Det hadde sjølsagt vore ein innhaldsrik tur. Derfor var det vanskelig i løpet av ei begrensa tid å ta for seg alt. Han valgte derfor ein tur på ei stor sluse, der båten «Leonora» blei senka ned 20 m.
Slusanlegget blir kalla Gabicokovo – Nagymaros og kom til ved ein avtale mellom
Slovakia og Ungarn. Seinare blei det dissens om denne avtalen. Ungarn forsøkte
å trekke seg, men etter rettsaker heilt til Den Internasjonale Domstolen i
Haag, blei det bestemt at landet ikkje kunne gjere dette. Slusanlegget blir
nytta til kraftproduksjon og som flomvern. Olav viste video og bilder frå turen
ved dette slusanlegget.
Ymse: CYEO
Ingjerd orienterte om stoda ang. Sommercamp. Det begynner å lage seg til med
overnattinger, men fortsatt mangler det sjåfører desse dagene. Men, så vidt eg
forstår av Ingjerd, er dette også i ferd med å gå (køyre) seg til.
Til
Rotarykaffi spanderte president
Greta marsipankake og kaffi. Søtt og
gødt.
Så var det
tid for sjølve presidentskifte: Først held Greta ei lita oppsummering av sitt
presidentår. Ho fortalte at ho for 4 år sidan kom til ein velfungerende klubb,
og dette synes ho fortsatt er tilfelle. Ho er godt nøgd med sitt presidentår og
ramsa opp dei ulike prosjekta vi har gående. Eit forhold, som kanskje vi kan jobbe med i framtida, er fleire
samlinger saman med ektefeller/samboere. Elles, noko som referent erfarte i si
tid som president, eit litt uoversiktelig og omstendelig dataopplegg i
Rotary.
Så blei kjedet
overrakt den nye president, Petter. Han takka så mykje og roste Greta for ein
flott innsats som president. Han forkynte at det blir ikkje nokon
palassrevolusjon i hans tid, men vil følge opp dei prosjekta vi allereie har.
Han føler seg komfortabel med Rotary og dei ideala organisasjonen står for, men
fortsatt at han ikkje har kome organisasjonen «under huda».
Verdig
avslutning med Kårstein Blindheim sin «Rotarysong».
Pr/info-
komiteen vil nytte høvet til å takke Greta for flott og proff innsats som President.
Vi ønsker ho lykke til i sitt nye verv som assisterende guvenør i området Søre
Sunnmøre.
Så ønsker vi
Petter lykke til i sitt høge verv som President i Sykkylven Rotaryklubb!
Referent
Jarle Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.