Summercamp ved Sykkylven Rotaryklubb 8., 9. og 10. august

Summercamp ved Sykkylven Rotaryklubb 8., 9. og 10 august -19.

Sykkylven Rotaryklubb fekk celebert besøk av 12 ungdomer frå 10 forskjellige land. Sjå bilder og les eit lite resyme av programmet ved Summercampen.

Sist SRK hadde besøk i samband med Summercamp var i 2012. No var det tid for eit nytt besøk. Denne gong 12 ungdomar frå 10 forskjellige land: Spania, Nederland, Italia, Belgia, Ungarn, Romania, Sveits, Taiwan, Tyrkia og Tjekkia. Som dei fleste i Klubben veit,  er dette eit globalt rotaryprogram der dei ulike klubbane stiller opp med innkvartering og program. Sidan det er 33000 klubber i meir enn 200 land, blir det mange ungdomar som får seg ei stor oppleving i 2 veker. Og dette er fredsarbeid: Det er lite sannsynlig at ungdomar som har besøkt kvarandre i ulike land, vil gå til krig mot kvarandre ved seinare høve.

Her er dei 12 flotte ungdomane:


Bak frå ve.: Alba, frå Spania. Nadine, frå Nederland. Isabella, frå Italia. Cesar, frå Belgia. Tudor, frå Romania. Lukas frå Sveits. Framme: Evelien, frå Belgia. I-Husuan Li (Judy), frå Taiwan. Eda, frå Tyrkia. Petra, frå Ungarn.  Kneståande: Jakub, frå Tjekkia og Riccardo frå Italia.  

CYEO Ingjerd,med komite, hadde lagt ned eit stort arbeid i planlegginga av  3 dagers opphaldet.

Torsdag 8. august stilte Hallstein med minibuss, og  ferda gjekk til Ørskogfjellet for å hente dei 12 som var innkvarterte ved ei hytte der. Videre over fjorden til Stranda og Strandafjellet. Dessverre var det litt tåkete, så utsikta var ikkje den beste då vi tok heisa opp til Pavilliongen på Roalden. Her var det god lunsj med Pepperlaks og grønsaker. Alt lokale og kortreiste råvarer, sjølsagt.



Bilde over: Alle samla ved Pavilliongen på Roalden 1046 m over havet.

Bilde i midten til ve.: Vardebygging på Roalden. Byggherrer: Cesar. Lukas og Tudor. 

Bilde til hø.: Alba med venniner forsøker å slappe av, men litt kjøligere enn i Spania.


Bilde til ve.: President Petter må vi ha med, her saman med Lukas. Hø.: Av og til litt revne i tåka slik vi skimta Stranda.

Neste på programmet var besøk ved Ekornes Fabrikker. Her fekk vi ei grundig og interessant omvisning. Vi fekk følge Stresslessproduksjon frå stål og treverk til stolen var heilt ferdiglaga og blei pakka og gjort klar til å sendast med skip til det store utland. Ein svært flink omviser (referent trur han heiter Martin og er frå Tyskland, men har budd i Norge i 10 år.)



Bilde over til ve.: Ved Ekornes Fabrikker. Hø:: Martin viser modell over Fabrikken.

Bilde under til ve.: Passer godt å teste liggekomforten. Hø.: Tudor og Petra ved grunderen Jens.

Klubben vår hadde innkvarting privat, og dei ulike deltakarane blei fordelt mellom vertsfamiliene. Då var det godt å kome i hus, få seg litt mat og slappe av.


Bilde: Litt mat må til, men ikkje for mykje, det er pizza seinere. Cesar, Riccardo og Lukas hos Jarle. 

Ved slike arrangement er det viktig å vere litt fleksibel. Det var planlagt tur til Ramstadkaia same kveld, men då veret var heller grått og trist, fann Ingjerd, Petter og Greta at ein kunne rokere på programmet. Neste dag var det meldt flott ver, og det ville då høve godt å ta ein tur med grilling og fisking. Det blei derfor pizzamiddag ved Berlihuset denne første kvelden. Referent la merke til at stemninga mellom ungdomane var på topp. Dei gjorde såpass ære på maten at vi diskuterte om vi skulle bestille meir. Etter råd frå ungdomane, slapp vi det.




Bilde: Torsdagskvelden på Berlihuset med pizza. Den såg ut til å falle i smak.  Bilde til hø.: Eda frå Tyrkia som no er på sin 4. summercamp.

Etter ei, forhåpentligvis god natts søvn, var det besøk hos Griff Aviation på Vikøyra. Også her veldig interessant orientering om dette pionerprosjektet. Dessverre var vedkommende som kunne styre dronane heime med sjukt barn, slik at det mest spetaktulære falt bort.

Så fortsatte ferda over brua og fjorden. Vi hadde litt god tid og fekk sjå Jan sin flotte trebåt og naust.


Bilde: "Gutta boys" utan for heimen til referent. Hø.: Ombord i Jan si flotte fiskeskøyte.

Referent måtte her forlate Summercampen. Men det vidare programmet var lunsj ved Bistroen, og for å forbrenne litt av kaloriane, var det tur til Vassætra. Solide kneiker som måtte forserast. Men så vidt eg forstår, gjekk det greit for dei fleste.

Ein virkelig «høydare» var kveldsturen til Ramstadkaia med fisking og grilling. Her fikk ein igjen for å vere smidig med programmet. Superflott ver. Heilt vindstille. Fisking med kastetroe var visst heller ikkje resultatlaust. Om det var småsei eller makrell veit ikkje referent, med sikkert ei kuriøs oppleving for mange. Grillinga var i dei aller beste hender med proffe Olaf frå klubben vår.


Bilde: Frå Ramstadkaia med max ver for fisking og grilling. Sjå Olaf sin flotte mundur! (Bilder tatt av Oddhild).

Laurdag 10. var avskjedsdagen då ungdomane blei sendt vidare til neste rotaryklubb over fjorden. Men først litt program på tampen: Besøk i kirka vår med omvisning av kyrkjelydsarbeider, Katrin Numme, og besøk ved Bronsealderhuset på Auremarka.


Bilde: Ingen tvil om kor ungdomane er: Frå ve.: Lukas (Sveits), Tudor (Romania), Jakub (Tjekkia), Eda (Tyrkia), Alba (Spania) Evelien (Belgia), Isabella (Italia), Petra (Ungarn), Nadine (Nederland), "Judy" (Taiwan), Cesar (Belgia) og Riccardo (Italia).

Etter tilbakemeldingene å dømme var Summercampbesøket hos SRK usedvanlig vellykka. Dette takka vere Ingjerd med komite som hadde gjort ein super jobb i planlegginga. Programmet denne gongen kan ein sikkert nytte ved neste besøk om nokre år.

Etter den gode stemninga som var mellom ungdomane å dømme, trur eg det er lite sjanse for at det blir noko konflikt mellom dei i framtida.

 

Referent

Jarle Svindseth




 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS