Referat frå Rotarymøte
21.08.19:
Kreftkoordinator i Sykkylven, Tone Tandstad
heldt eit interessant og opplysende foredrag i Sykkylven Rotaryklubb. Ho
fortalte at jobben er å vere kontaktledd mellom pasient, sjukehus og fastlege.
Dette var
første møte til president Petter. Han ønska vel møtt, og spesielt til kvelden
sin gjest og foredragshaldar, Tone Tandstad. Applaus!
Dagen sin dato:
Tradisjonen
tru, tok president Petter for seg noko av det som har hendt denne datoen:
Ragnvald og Ragna har namnedag. Vi er inne i august og namnet kjem frå keiser
Augustus som var første keiseren i Romerriket. Han starta si gjerning 7 f. Kr.
Vi kjenner han frå Juleevangeliet. Han var keiser då Jesus blei født.
I 1847 blei
St. Olavs Orden stifta av Oskar 1. Så nokre bursdager for følgende musikere:
Jazzpianist Count Basie f. 1904. Bodil Niskin f. 1954 og Leif Ove Andsnes f.
1970.
Så ei lokal
historie: I 1931 blei det, utanfor Brønnøysund, arrestert ein båt med ikkje
mindre enn 20000 liter sprit. Ein fann
også papirer på denne store bestillinga som var underteikna av Martin Welle. Både
båt og mannskap blei satt i arrest, og både dei og Martin Welle fekk, etter
pengeverdien den tid, ei gigantisk bot på heile 30000 kr. Men Martin såg ikkje
mørkt på dette. Han sa til retten: «Dåkke skal få kvar ei krone så snart eg får
mjølkepengane». Sett på bakgrunn av at han hadde kun ei ku, var vel
betalingsevna litt optimistisk.
Sekretær:
Vår nybakte
sekretær, Kristin kunne forkynne at det er Odd Jostein og Trygve sin tur til
BUAS-besøk. Ingen bursdagar komande veke. Kristin følte seg såpass fersk i
«gamet» at ho ikkje tok sjansen på å rekne ut frammøteprosenter. Opplæring til
dette vil sikkert forhenværende sekretær, Knut Henning ta seg av.
3- minutt:
Kristin stod
også for kvelden sin 3 minutt: Ho er leier for fotballgruppa i VRF. Kristin
skisserte følgende problemstilling: Det blir færre og færre barn som spelar
fotball i bygda. Då er det logisk at dei ulike laga i bygda slår seg saman. Men
fotballkretsen vil ikkje at ein klubb skal bestå av blanda lag. Sykkylven
Idrettslag (SIL) og fotballgruppa her vil at alle skal bli medlem av SIL, også
overbygningsklubben FK Sykkylven. Dette, forstår referent, er det ikkje den
heilt store entusiasmen for, særleg utkantane av bygda. Fotballfolket har
forholdsvis kort tid til å bli samde om ei løysing: 1/1 – 2020.
Ymse frå presidenten: Petter rosa dei som hadde vore med å
gjere Summercamp, og besøk av dei 12 flotte ungdomane, til ein suksess. Særleg fikk
CYEO, Ingjerd stor og velfortjent fagnad.
Bilde under: Ve.: Frå pizzamiddag på Berlihuset, og til hø.: Ved Pavilliongen på Roalden.
Når det
gjaldt transport, kom SRK billig frå det. Turen blei sponsa av FRAM. Vi betaler
kun ferjebillettene.
Forrige
president Greta har fylt 70 år sidan sist, og klubben spanderte blomster. Greta
nytta høvet til å takke for buketten.
Stranda
Rotaryklubb fyller 60 år i år. Feiringa blir 28. september. SRK er fadderklubb,
og det er vel naturleg at vi gjer ære på strandarane med godt frammøte. Vi kjem
tilbake til denne saka ved Styremøte, 4. september.
Så var det rotarykaffi med gode rundstykker til.
Kreftkoordinator Tone Tandstad:
Kvelden sin
gjest, Tone Tandstad fortalte at ho har 50 % stilling som «vanlig»
heimesjukepleier og 50 % som kreftkoordinator i Sykkylven. Den siste stillinga er relativt
ny, så vidt referent husker, 6 år. Første åra blei halvparten av løna betalt av
Kreftforeninga og halvparten av kommunen. No betaler kommunen heile løna. Ho håper at kommunen fortsatt vil betale for
stillinga, for dessverre er ikkje dei ulike kreftformene noko uvanleg. Det er
200000 menneske i Norge som har ei eller anna form for kreft. Det kjem 27000
nye tilfelle til kvart år.
I Sykkylven
blei det i 2017 oppdaga kreft hos 25 menn og 22 kvinner. For øyeblikket har 211
menn og 214 kvinner ei kreftdiagnose eller har hatt det. Desse tala skulle vel
indikere at det er behov for Tone sin jobb.
Kva vil det
seie å vere kreftkoordinator?: Overordna er jobben ein forlenga arm frå
sjukehus til heimstaden. Ein vanlig dag kan bestå av møte med andre
faginstanser. Morgenmøte og planlegging av dagen. Heimebesøk er ein viktig del
av jobben både med samtale og med reint fysisk pleie som sårskift og å gi
medikament.
Ei krise kan
oppstå dersom pasienten får beskjed om spredning eller at den har tatt seg opp
igjen (residiv). Då er det sjølsagt viktig at Tone er tilstades for både
behandling og trøst.
Ein
kreftsjukdom angår ikkje berre pasienten, men også dei pårørande. Etter evt.
dødsfall er ein viktig jobb for Tone å vere både til hjelp og støtte for dei
etterlatte.
Dersom
pasienten treng meir konsentrert behandling og trening, vil behandlingstader
som Muritun, Røros og Montebello bli anbefalt, og Tone syter for at pasienten
kjem i kontakt med desse stadane.
Tone har
ikkje lov til å ta kontakt med ein pasient med nyoppdaga kreft. Det må
pasienten sjøl gjere. Det er derfor
viktig at ein veit at kreftkoordinator finst. Foredrag i Rotary er sjølsagt eit
fint høve til å spreie denne opplysninga.
Eit grundig
og strukturert foredrag. Sjøl om temaet er dystert, var det tydelig at det
fenga forsamlinga. Mange og engasjerte spørsmål etterpå.
Tilslutt
vanlig gest til foredragshaldar frå Presidenten. Så takka han for kvelden sitt
møte, minte om neste møte om Lola Day Care Center, og ønska alle vel heim.
I etterkant av foredraget ber Tone meg om å legge ut linken til Kreftforeninga. Her er veldig mykje opplysninger om temaet.
Referent
Jarle
Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"