Referat frå Rotarymøte
04.09.2019
Petter sin første Presidenten sin time med
Vinlotteri. Elles artig 3 - minutt ved Rolf og bildeserie frå Sommercampen ved
Ingjerd.
President
Petter ønska alle vel møtt til første møte i september og Presidenten sin time
med vinlotteri. Ingen gjester.
Så litt om
dagen i dag: Ida og Idar har namnedag. Som så mange namn har det krigersk
opprinnelse.
Henry Ford
2. blei født i 1917. Han er soneson til Henry Ford som er grunnleggeren av
Fordkonsernet og den første som tok i bruk samlebandsprinsippet i produksjon av
bilen T-Ford. Henry 2. var leier for Ford - konsernet frå 1945 til 1960.
Astronomen
Halley satte i 1682 sitt namn på ein komet (Halleys komet) som blir synlig kvar 76 til 77 år.
Han fastslo at det ikkje berre var ein komet, men 3 kometer som ser ut som ein.
I 1906
seilte Roald Amundsen gjennom Nordvestpassasjen med polarskuta Gjøa.
Edvard Grieg
døde i 1907.
Så til vår
tid: Det er ikkje berre i dag det er fantastiske, norske (sunnmørske)
friidrettsfolk. I 1987 blei Ingrid Kristiansen verdensmester på 10000 m i Friidretts
- VM i Roma.
Trubadur
Olav var tilbake og valgte ut «Vestland, Vestland» som kvelden sin Rotarysong.
I sekretær
Kristin sitt fråver fortalte president Petter at det er ingen bursdager komande
veke. Det er Kjell H og Jan F sin tur for BUAS –besøk.
3- minutt var ved Rolf. Temaet var den voldsomme
utviklinga innan telekommunikasjon. Første tida Hjellegjerde produserte møbler,
hadde dei ein telefon med nummer 4. Det var mange som ville ha tak i sjef,
Otto. Dermed blei det mykje springing. Heldigvis visste sentralborddamene ofte
kor han var, slik at kundane kunne nå han lettere. Seinere blei det både
tresifra nummer og femsifra. I 1979 blei telefonen digitalisert med 8 siffer.
Når Rolf var
på handelsreise, måtte han ty til telefonkiosker for å gi adekvate beskjeder
både til fabrikken heime og til kundane han skulle besøke. Dette medførte både
å stå i kø, og vinters tid var det ein kald fornøyelse.
Mobiltelefonane kom ikkje før på 1980 – talet, og då som nokre store monstrum. Sidan den gong har utviklinga vore enorm. I dag kan vi få mobiltelefoner ned mot fyrstikkeskestørrelse.
Dette er ikkje berre ein telefon, men ei datamaskin
med større datakraft enn NASA hadde til disposisjon då dei sendte astronauter
til månen.
Eit artig og
interessant foredrag av Rolf.
Ymse:
President
Petter minte om at det etter det ordinære møtet ville vere Styremøte. Mellom
tema som skal diskuterast er m.a. Polioaksjonen, Ryla og forslag på Guvenør
2022/2023.
Biletserie frå Summercamp 2019:
Etter
Rotarykaffe med veldig gode sveler, viste CYEO Ingjerd ein biletserie frå Sommercampen
i begynnelsen av august. Då hadde klubben besøk av 12 ungdommer frå 10
forskjellige land. Svært vellykka! Første bilda var frå Ørskogfjellet der
ungdomane blei henta. Så til Roalden og Pavilliongen. Siden bilder frå middag
ved Berlihuset, lunsj ved Verkstaden Bistro, tur til Vassetra og kaia i
Ramstaddalen med mange ivrige fiskere. Siste dagen bilder frå Kyrkja og
Bronsealderhuset.
Ingjerd
takka alle som hadde vore med å gjere denne Campen så vellykka. Det blei nemnt
som kommentar at det er litt rart at det kun var SRK som stilte med privat
innkvartering. Ove stilte spørsmål om vi er i ferd med å misse litt av den
gjestfriheta som har vore tidligere.
Etter
trekning av Vinlotteri og utdeling av vinflasker takka president Petter for
møtet, minte om møtet neste onsdag og ønskte alle vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.