Referat frå Rotarymøte
11.09.2019:
Ole Bjørn Roald held foredrag om dei
arkeologiske funna på Auremarka. Han ser for seg at ein kan lage ei
opplevingsreise for turister der ein kombinerer vikingkultur og arkeologi med
kulinariske opplevinger.
President Petter
ønska alle vel møtt, og særleg kvelden sin gjest, Ole Bjørn Roald. Han ville
halde foredrag om korleis ein kan utnytte dei arkeologiske funna på Auremarka. Applaus!
Som vanleg
litt om dagen sin dato: Dagny og Dag
har namnedag.
I 1938 blei
Sondre Bratland født.
I Chile var
det militærkupp denne dato i 1973. President Salvador Allende blei drept.
I 1988
demonstrerte 300 000 mennesker i Tallinn med krav om sjølstende frå
Sovjetunionen.
I 1989
erklærte Ungarn seg sjølstendig frå Sovjetdominansen.
Til sist:
Noko som har gjort denne datoen til eit dystert begrep: Terroristangrepa i USA
som kosta 2800 mennesker livet.
Rotarysong:
I etterkant
av kommunevalget, der dei «grøne» partia hadde god framgang, synes trubadur
Olav at «Himlajord» av Evert Taube passa godt. Den var lett å synge med Olav
sitt flotte gitarspel.
I sekretæren sitt fråver, forkynte
president Petter at Geir B har bursdag 17. september og fyller då 66 år. Om det
er noko symbolsk i det, veit ikkje referent, men den same Geir står for tur til
BUAS- besøk saman med Greta.
3- minutt:
3 minutt var
Roald Mork. Han viste flotte bilder frå ferieturen i sommer til dei greske
øyer, nærare bestemt Kykladene. Særleg imponert blei referent over den flotte
solnedgangen frå hotellrommet som Roald budde på.
Ymse frå presidenten:
President
Petter fortalte at han hadde ein eller to kandidater til RYLA.
Styret hadde
bestemt å sponse deltaking ved Stranda Rotary sitt 60 års jubileum med kr.
300,-. Dette for å få opp interesse for jubileumsfesten. Styret i SRK ville ha
møte med Guvenøren kl. 16:00 her i Sykkylven.
Då
Poliodagen på Fagrefjellet har hatt ein tendens til å bli ramma av dårleg ver,
bestemte Styret å flytte ned til sentrum, laurdag 5. oktober. Som vanleg i
samarbeid med Speidarane. Petter etterlyser fleire som kan ta del i
planlegginga av denne dagen.
Ole Bjørn Roald: Ei kulinarisk
historiereise:
Etter
rotarykaffe med eplekake som smelta på tonga, fekk Ole Bjørn ordet: Han er
medlem av «Styret for Aure-Pål sine Vener». Han held eit langt og grundig
foredrag om dei arkeologiske funna på Auremarka. Referent verken kan eller vil
gå i detalj om dette. For meir detaljert info, klikk på: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Auremarka_-_fornfunn.
Ein raud
tråd i Ole Bjørn sitt foredrag er korleis ein kan utnytte desse funna til å
skape verdier i Sykkylven. Det er eit faktum at mange møbelfabrikker balanserer
på ein knivsegg, reint økonomisk. Ekornes går endå bra, men det er for
risikabelt å basere økonomien kun på eit bedrift. Det har elles, fortel Ole
Bjørn, aldri vore så stilt på Aure etter butikkstengetid og med fleire
ledige forretningslokale. Derfor meiner han at Sykkylven knapt har råd til å la
sjansen gå frå seg til å utnytte funna økonomisk.
Foredragshaldaren
viste til korleis andre kommuner med fornfunn har utvikla desse til ei inntektskilde:
Borg i Lofoten, Torvsteinen i Sandnes, Øyna i Inderøy (Privat), Kaupang
Vikingby i Tønsberg, Borre i Vestfold (Gildehallen), Landa Park (likner oss
mest) og til sist, men ikkje minst Sagastad i Nordfjord. Her er det blitt
investert 60 mill. kroner i ein Kunnskapspark.
Slik referent
forstår Ole Bjørn, tek han utgangspunkt i Designvegen, der turisten blir leia
gjennom kommunene Sykkylven – Stranda og Stryn. Etter å ha bygd ein Gildehall og Kulturpark,
tenker Ole Bjørn at ein, for det første, kan formidle kultur og historie frå
steinalder til vikingtida. Deretter, kjem vi til det kulinariske: Gjere synlig
gamal kokekunst og mathistorie frå sjø, elv og fjell. Og med bakgrunn i dei
historiske funna, servere kjøtt, fisk og øl.
Dette er
byrjinga på ei kulinarisk reise som går vidare til Stranda og den solide
mattradisjonen dei har. Her blir det formidling av den industrielle sida av
matproduksjon med både smaksprøver og salg av mat.
Vidare til
Hellesylt med formidling av historie og servering av mat også her. Ein
kuriositet er orientering om Åkernesrenna. Til slutt går turistane om bord i
ferja til Geiranger der dei kan oppleve kultur ved Fjord Senteret og omvisning
i Unesco sitt verdensarvområde. Her er fleire hotell som kan servere lokal og
kortreist mat. Turistane treng ikkje reise svoltne herifrå heller.
Ole Bjørn
minte om at det er eit stort potensial dersom ein får til ei djupvasskai ved
Aure. Her kan turistbåter legge til. Det kan tenkast at turistane kan bli leia
same ruta som beskreve ovanfor.
Men for å få
dette til må ein samarbeide: Mellom kommunene, og fylket må kome på bana.
Likeleis med private aktører. For å fortgang i prosessen må det utarbeidas ein
profesjonell prosjektplan og ein økonomisk driftsplan.
Ole Bjørn
avslutta foredraget med at for å lykkas må ein tørre å satse, og kvaliteten må
vere god.
Det store
spørsmålet er om Sykkylven har råd til å la vere.
Som vanlig
ein del spørsmål etter foredraget. At mange var interesserte i temaet, viste
frammøte: Det var flotte 31.
For å
videreføre det kulinariske ved kvelden sitt tema, fekk Ole Bjørn overrakt ei
kortreist fårepølse av president Petter.
Så takka Presidenten
for møtet, minte om neste onsdag sitt tema og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.