Rotarymøte 18.09.2019: Knut Henning Aursnes:

Referat frå Rotarymøte 18.09.2019:

Ved Rotarymøte 18. september heldt Knut Molnes "3 minutt" om vindmøller, og Knut Henning fortalte og viste bilder frå sykkelturen: Oslo - Paris i august. Dette var ein sponsortur for å samle inn penger til Kreftforeninga.

President Petter ønska alle vel møtt. Denne gangen var det ingen gjester, trass i at møtet var  annonsert som ope møte på Facebook.

Så litt om dagen sin dato: Den svenske skodespelaren, Greta Garbo født i 1905. Jazztrompetist og komponist, Nils Petter Molvær f. 1960.  Skodespelar, Linn Stokke født i 1961.

I 1909 blei Lov om Sjuketrygd vedtatt i Stortinget. Og i 1915 blei 10 timers dag lovfeste.

Så til noko mindre gledelig: FN sin generalsekretær, Dag Hammarskiøld omkom i ein flystyrt i 1961. I 1997 omkom 23 russiske gruvearbeidere i ein gruveeksplosjon på Svalbard.

Til sist, men ikkje minst: 18. september er Chile sin nasjonaldag.


Eit ord for dagen høyrer med: «Viss du gleder deg ved mangt, gjør du livet rikt og langt».

Rotarysong:

I tråd med kvelden sitt fysisk utfordrande tema, hadde trubadur Olav valgt ut: «Mot i brystet, vett i pannen, stål i bein og armer». Etter Knut Henning sitt foredrag, forstod referent at alt det vi sang om kom godt med på sykkelturen.

Sekretær:

Sekretær Kristin kunne forkynne at det ved forrige møte var 31 frammøtte. Med fritak for møteplikt og permisjoner gav dette flotte 73,9 % frammøte.

Det er Øyvind Ø. og Knut M. sin tur for BUAS- besøk.

«3- minutt» om vindmøller:

Den same Knut M. heldt kvelden sin «3- minutt». Tema var noko så aktuelt som vindmøller. (Jamfr. Haramsøya og dei planlagte vindmøllene der). Knut tok for seg både fordeler og ulemper. Av fordelane, nemnte Knut, at det er fornybar energi og gunstig og reint for miljøet. Mellom ulempene, nemnte han at dei er store og synes godt i landskapet. Dei lager støy, og det blir store sår i terrenget når dei blir montert opp.

På Søre Sunnmøre ligg naturen godt til rette for vindmøller, men sidan Knut har hytte i same området håper han at ingen får konsesjon til å bygge dei. Så vidt referent forstår, er det ikkje noko kommunestyre som har gått inn for dette, noko Knut sikkert ikkje er lei seg for.



Knut Henning: Sykkeltur, Oslo – Paris:

Etter rotarykaffe og skuleboller, var det Knut Henning som fekk ordet: Han fortalte og viste bilder frå sykkelturen Oslo – Paris. Den varte i 8 dager. Start 2. august og ankomst Paris 10. august. Formålet med turen var todelt: For det første: Markere og feire at "Friske Hjem" konseptet til Systemhus (der brødrene Aursnes er med) fylte 30 år. Men kanskje det aller viktigste var å samle inn penger til Barnekreftforeninga. Målet her var 1 mill. kroner.


Bilde over: Her er ruta Knut Henning og 34 andre sykla:

Referent blei imponert over kor mykje og kor godt organisert turen var. Det var i alt 35 syklister. Ei gruppe på 4 – 5 syklister danna teten og fungerte som ei slags rekognoseringsgruppe. Deretter kom neste gruppe som danna som eit trekklag. Dermed kunne dei andre i rekka spare mest mulig krefter ved å ligge i kjølvatnet. Til slutt kom kapteinen som passa på at ingen «datt av lasset». Bak desse igjen, kom bil med sjukepleier og sykkelreparatør. Den siste hadde visst rikelig å gjere med bl.a. masse punkteringer.


Gruppa måtte øve inn forskjellige teikngjeving, slik at ein kunne kommunisere med resten av lagt. For å spare mest mulig krefter, låg syklistane tett på kvarandre. Konsentrasjonen om dette måtte vere på topp. Av den grunn, fekk dei ikkje sett så mykje anna enn asfalt og bakhjulet til syklisten foran. Noko sightseeing blei det lite av .

Ein viktig del av turen var forsyning av mat og drikke.  Det går utrulig med kalorier på ein sånn tur, men deltakarene blei likevel lova så mykje mat at dei ikkje skulle slanke seg i løpet av turen.

Å sykle såpass langt 8 dager  i strekk er ei stor belastning for kroppen. Knut Henning fortalte at dei var veldig støle i muskler og ledd underveis. Det kan vel tenkast at ein fysioterapeut hadde vore god å ha i støtteapparatet.

Veret var stort sett bra, men det gjekk ikkje ein dag uten regn. I staden for å ha på seg regnkappe, valgte dei fleste berre å bli våte. Sykkelkleda tørka likevel ganske fort.

Det var ingen konkurranse underveis, med eit unntak: Dei som ville, kunne konkurrere om å sykle Mur de Huy. Denne har ei vanvittig bratt stigning. Både Petter Andre og Knut Henning var mellom dei første opp. Imponerande!


8. dagen kom dei til Paris og blei tatt i mot av slekt og venner som hadde hatt ein atskillig enklere tur.

Knut Henning viste ein liten videosnutt der dei raude syklistane kom i rekke og rad rundt Triumpbuen, for deretter å fortsette til Eiffeltårnet. Ein kar ( visst frå Fiskå) køyrde foran på motorsykkel og sørga for at rekka kom trygt fram.


Heldigvis slapp deltakarane å sykle heim. Og det var nok bra: Med såpass lange etapper over 8 dager, synes referent det var godt gjort at berre ein måtte «kaste inn håndkleet».

Knut Henning sitt flotte foredrag blei belønna med stor takk og ei kortreist spekepølse frå Presidenten.

PS.: Målet om å samle inn 1 mill. kroner blei nådd med god margin, nemlig flotte 1,4 mill.


President Petter runda av møtet med å minne om neste møte, onsdag 25. med ein annan Petter, med etternamn Lyshol. Så blei alle ønska vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

 


 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS