Referat frå Rotarymøte
18.09.2019:
Ved Rotarymøte 18. september
heldt Knut Molnes "3 minutt" om vindmøller, og Knut Henning fortalte
og viste bilder frå sykkelturen: Oslo - Paris i august. Dette var ein
sponsortur for å samle inn penger til Kreftforeninga.
President
Petter ønska alle vel møtt. Denne gangen var det ingen gjester, trass i at
møtet var annonsert som ope møte på
Facebook.
Så litt om dagen sin dato: Den svenske skodespelaren,
Greta Garbo født i 1905. Jazztrompetist og komponist, Nils Petter Molvær f. 1960. Skodespelar, Linn Stokke født i 1961.
I 1909 blei
Lov om Sjuketrygd vedtatt i Stortinget. Og i 1915 blei 10 timers dag lovfeste.
Så til noko
mindre gledelig: FN sin generalsekretær, Dag Hammarskiøld omkom i ein flystyrt
i 1961. I 1997 omkom 23 russiske gruvearbeidere i ein gruveeksplosjon på
Svalbard.
Til sist,
men ikkje minst: 18. september er Chile sin nasjonaldag.
Eit ord for
dagen høyrer med: «Viss du gleder deg ved mangt, gjør du livet rikt og langt».
Rotarysong:
I tråd med
kvelden sitt fysisk utfordrande tema, hadde trubadur Olav valgt ut: «Mot i
brystet, vett i pannen, stål i bein og armer». Etter Knut Henning sitt
foredrag, forstod referent at alt det vi sang om kom godt med på sykkelturen.
Sekretær:
Sekretær
Kristin kunne forkynne at det ved forrige møte var 31 frammøtte. Med fritak for
møteplikt og permisjoner gav dette flotte 73,9 % frammøte.
Det er
Øyvind Ø. og Knut M. sin tur for BUAS- besøk.
«3- minutt» om vindmøller:
Den same
Knut M. heldt kvelden sin «3- minutt». Tema var noko så aktuelt som vindmøller.
(Jamfr. Haramsøya og dei planlagte vindmøllene der). Knut tok for seg både
fordeler og ulemper. Av fordelane, nemnte Knut, at det er fornybar energi og gunstig
og reint for miljøet. Mellom ulempene, nemnte han at dei er store og synes godt
i landskapet. Dei lager støy, og det blir store sår i terrenget når dei blir
montert opp.
På Søre
Sunnmøre ligg naturen godt til rette for vindmøller, men sidan Knut har hytte i
same området håper han at ingen får konsesjon til å bygge dei. Så vidt referent
forstår, er det ikkje noko kommunestyre som har gått inn for dette, noko Knut sikkert
ikkje er lei seg for.
Knut Henning: Sykkeltur, Oslo – Paris:
Etter rotarykaffe og skuleboller, var det Knut Henning som fekk ordet: Han fortalte og viste bilder frå sykkelturen Oslo – Paris. Den varte i 8 dager. Start 2. august og ankomst Paris 10. august. Formålet med turen var todelt: For det første: Markere og feire at "Friske Hjem" konseptet til Systemhus (der brødrene Aursnes er med) fylte 30 år. Men kanskje det aller viktigste var å samle inn penger til Barnekreftforeninga. Målet her var 1 mill. kroner.
Bilde over: Her er ruta Knut Henning og 34 andre sykla:
Referent
blei imponert over kor mykje og kor godt organisert turen var. Det var i alt 35 syklister. Ei gruppe på 4 – 5 syklister danna teten og fungerte som ei slags
rekognoseringsgruppe. Deretter kom neste gruppe som danna som eit trekklag.
Dermed kunne dei andre i rekka spare mest mulig krefter ved å ligge i
kjølvatnet. Til slutt kom kapteinen som passa på at ingen «datt av lasset». Bak
desse igjen, kom bil med sjukepleier og sykkelreparatør. Den siste hadde visst
rikelig å gjere med bl.a. masse punkteringer.
Gruppa måtte
øve inn forskjellige teikngjeving, slik at ein kunne kommunisere med resten av
lagt. For å spare mest mulig krefter, låg syklistane tett på kvarandre.
Konsentrasjonen om dette måtte vere på topp. Av den grunn, fekk dei ikkje sett
så mykje anna enn asfalt og bakhjulet til syklisten foran. Noko sightseeing
blei det lite av .
Ein viktig del av turen var forsyning av mat og drikke. Det går utrulig med kalorier på ein sånn tur, men deltakarene blei likevel lova så mykje mat at dei ikkje skulle slanke seg i løpet av turen.
Å sykle
såpass langt 8 dager i strekk er ei stor
belastning for kroppen. Knut Henning fortalte at dei var veldig støle i muskler
og ledd underveis. Det kan vel tenkast at ein fysioterapeut hadde vore god å ha
i støtteapparatet.
Veret var
stort sett bra, men det gjekk ikkje ein dag uten regn. I staden for å ha på seg
regnkappe, valgte dei fleste berre å bli våte. Sykkelkleda tørka likevel ganske
fort.
Det var
ingen konkurranse underveis, med eit unntak: Dei som ville, kunne konkurrere om
å sykle Mur de Huy. Denne har ei vanvittig bratt stigning. Både Petter Andre og
Knut Henning var mellom dei første opp. Imponerande!
8. dagen kom
dei til Paris og blei tatt i mot av slekt og venner som hadde hatt ein
atskillig enklere tur.
Knut Henning
viste ein liten videosnutt der dei raude syklistane kom i rekke og rad rundt
Triumpbuen, for deretter å fortsette til Eiffeltårnet. Ein kar ( visst frå
Fiskå) køyrde foran på motorsykkel og sørga for at rekka kom trygt fram.
Heldigvis slapp
deltakarane å sykle heim. Og det var nok bra: Med såpass lange etapper over 8
dager, synes referent det var godt gjort at berre ein måtte «kaste inn
håndkleet».
Knut Henning
sitt flotte foredrag blei belønna med stor takk og ei kortreist spekepølse frå
Presidenten.
PS.: Målet om å samle inn 1 mill. kroner blei nådd med god margin, nemlig flotte 1,4 mill.
President
Petter runda av møtet med å minne om neste møte, onsdag 25. med ein annan
Petter, med etternamn Lyshol. Så blei alle ønska vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.