President Petter ønska alle vel møtt til møtet, og spesielt
til ein annan Petter, med etternamn Lyshol. Han ville halde kvelden sitt
foredrag om Sykkylven Småbåthamn. I tillegg til Pette,r var også Borgar Tynes
gjest hos oss. Applaus for begge!
Så litt om dagen sin
dato: Ingvar og Yngvar har namnedag. Namna er avleda av «stridsmenn».
Det passer godt til neste punkt: I 1066 falt Harald Hardråde
i Slaget ved Stamford Brigde. Seinere på året vann Wilhelm Erobreren Slaget ved
Hastings og tok makta i England.
To fødselsdager: 1954 blei SP-politiker, Odd Roger Enoksen
født og i 1965 Høgrepolitiker, Børge Brende.
Vi som har levd ei stund, husker EF- kampen i 1972. Denne
datoen var det avstemning om norsk medlemskap.
Sekretær Kristin
kunne forkynne at det er Rolf og Knut M sin tur til BUAS- besøk. Ingen
bursdager komande veke. Frammøte sist var 28. Med permisjoner og fritak for
møteplikt ga det pene 67,37 % frammøte.
«3-minutt»:
«3- minutt» var denne gang ved Olaf E. Han fortalte at dei
to bestefedrene hans, Peter Drabløs frå Drabløs og Olaf Ellingsen frå Inderøy
gjekk saman og grunnla eit glasmesterfirma i Ålesund.
6. nov. 1926 stod det ein artikkel i Sunnmørsposten med
tittel: «Etablering og industri», der journalisten hadde besøkt firmaet. Han var tydelig
imponert over den handverkskunsten det er å lage til glas og speil. Til slutt
refererte Olaf, at journalist med følge blei bedt på forfriskninger. Olaf
konkluderte med at det var like viktig den gang som no å gjere eit godt
inntrykk.
Ymse:
President Petter minte om Stranda Rotary sitt 60- års
jubileum, komande laurdag. Det er 6 medlemmer frå SRK som er påmeldt.
Kl. 16, same laurdag blir det møte med guvenør Vigdis Osbak
i Sparebanksalen hos oss.
Laurdag blir ein travel dag: I sentrum kl. 11 – 14 er det
SRK sin årlige Polioaksjon i samarbeid med Speidarane. Det blir rebusløp med
premier. 50 kr i startkontigent, som går til Poliokampen. President Petter
refererte til den djerve satsinga som SRK gjorde i 1987. Då blei det bestemt at
kvar medlem skulle yte 1000 kr til Polioaksjonen. Målet var 50000 kr. Den 12.
februar 1988 var det kome inn kr 52000,-. Referent veit ikkje kva den summen
ville bli i dag, men kanskje 3 – dobbelt. Altså ca. 150000,- (?)
Sykkylven Småbåthamn:
Historikk, stoda i dag og planer i framtida:
Etter Rotarykaffe og gode rundstykker, fekk Petter Lyshol
ordet. Han er styreformann i Sykkylven Småbåthamn. Han delte fordraget sitt i
3. Først litt historikk, der han refererte til eit skriv som Sigbjørn Lyngstad
hadde forfatta. Deretter tok han for seg stoda i dag, for til slutt å sei nokre
ord om planer i framtida.
Allereie på 1950- talet blei det orda frampå om ikkje
Sykkylven burde lage til ei båthamn. Noko som var viktig for tryggleiken til
mindre båter. I 1968 blei Jon Welle den første formann i Styret for Småbåthamna.
Så fulgte mange år med «krangel» og forhandlinger med kommunen. Tilslutt blei
det ei råd, og 1.juni 1976 blei Styret i Sykkylven Småbåthamn konstituert, og
det fysiske arbeidet på hamna kunne starte.
Petter tok for seg stoda i dag med 259 partseigere, og der
alle plasser er opptatt. Det er likevel 6 partseigere som kan tenke seg å
selge. Dersom ein vil kjøpe ein part koster det 48000 kr. Det er gjestehamn og
servicebygg med toalett og vaskerom. Dette bygget er ein del av økonomien til
Hamna.
Det er 3 opphalingsvogner som båtfolket kan nytte til større
båter.
Som ein liten kuriositet, nemnde Petter det første Klubbhuset.
Her samler båtfolket seg til sosialt samvær. Den tid far til referent levde,
var møte her ein del av det sosiale samvær hans.
Hamna er taksert til 10 mill. kr. Har for øyeblikket 2 mill.
i lån, men Petter rekner med at inntjeninga er såpass bra at ein er gjeldfri om
2 til 3 år.
Når hamna er gjeldfri, kan nye investeringer vere aktuelt. For
eksempel nemnte Petter at 7 hovedbrygger begynner å bli utslitt og må skiftast.
Det er også planer om å montere 4 nye kameraer til overvaking av området.
Sjøl om det i byrjinga var ein del kafs med kommunen og
samarbeidet, nemnte Petter at kommunen hadde kjøpt opp området. Sykkylven
Småbåthamn hadde så igjen kjøpt området av kommunen. Dette var i alle fall eit
flott bidrag frå kommunen.
Eit informativt og interessant foredrag av Petter som blei
belønna med sedvanlig gest (kortreist spekepølse).
Bilde over: Her kjem eg frå, fortel Petter:
Etter ein spørsmålsrunde, takka Petter av møtet, minte om
all aktivitet på laurdag og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"