Referat frå Rotarymøte
16.10.2019:
Knut Molnes heldt sitt egoforedrag og Geir B
hadde med seg pakke med ei overrasking i ved "3- minutt".
President
Petter ønska alle vel møtt, og spesielt til gjest, Borgar Tynes. Applaus!
Tradisjonen
tru, litt om dagen sin dato: Fleming
og Finn har namnedag.
Den irske
forfattar Oskar Wilde f. 1854. Irsk opprørsleiar
og politiker, Michael Collins f. 1890. Myrda i 1922.
1989:
Samlingsregjeringa til Jan Syse kom saman.
I 1992 blei
utkast til EU- avtale framforhandla.
I 1994 blei
Finland med i EU etter folkeavstemning.
Til slutt ei
lita historie frå Presidenten: Ein mann hadde bilen sin på Verkstad for reparasjon.
Då han henta den neste dag, synes han rekninga var litt i overkant: «At bilen
var dårleg var eg klar over, men at den trengte nattevakt, visste eg ikkje».
Rotarysong:
I trubadur
Olav sitt fråver, synes forsamlinga at vi kunne trenge litt oppmuntring. Vi
bestemte oss for «Få stemninga opp» som Rotarysong.
Sekretær:
Sekretær
Kristin kunne forkynne at det er Asbjørn K. og Oddbjørn R. sin tur for BUAS-
besøk. Forrige møte var det 17 frammøtte. Med permisjoner osv. gav det
beskjedne 49,2 % frammøte. Ingen bursdager.
«3-minutt»:
«3- minutt»
var ved Geir B. Denne gangen blei vi veldig nysgjerrige, for han hadde med seg ein
pakke. Han begynte med å fortelle at han hadde «googla» Arnold Weiberg Aurdal,
og kome over ei Årbok frå byrjinga av 1960- talet. Den tid var Arnold ordfører
her i Sykkylven. Det er beskreve ei tid
med veldig mykje aktivitet. Arnold og politikarane la særlig vekt på å få bygd
ut industrien her i Sykkylven, og dermed skaffe høvelig areal til fabrikkane.
Hjalmar Brunstad, Mahren og Jens Ekornes var sentrale fabrikkeigere.
Så fikk vi avdekka innhaldet i pakken. Det viste seg å vere eit portrett av omtalte, Arnold Weiberg Aurdal. Det var brukt svipenn på ei treplate. Nesten heilt utruleg likt. Sjå bilde! Bakgrunnen for dette, var at Geir hadde besøkt Grete Eikemo Rekkedal som no var enke og kom frå ein gard i Bondalen. Det var far til Grete, Petter Rekkedal som hadde laga portrettet. Ho synes det passa godt å gi det til Geir. Han på si side synes det passa godt å gi det vidare til Arnold sin son og vår Rotaryven, Bastian. Sjå bilde av portrettet og Bastian.
Bilde: Ve.: Portrett av Arnold. Hø.: Sonen Bastian med portrett. (Beklager at eg ikkje får rotert bildet.)
Ymse:
Under posten
«Ymse», fortalte president Petter at to ungdomer no er klar for RYLA. Det er
Hanna Bakken og Jørgen Welle. Det er fortsatt plass til ein deltakar til frå
vår klubb. Dersom nokon veit om ein aktuell kandidat, er det berre å gi
beskjed.
Elles har
det kome e-post frå Hareid Rotary med oppfordring til å støtte økonomisk eit
barneheimprosjekt i Andesfjella. Presidenten vil ta opp denne saka med Styret
ved neste møte.
Ego/Yrkesforedrag ved Knut Molnes:
Etter
rotarykaffe og søte, saftige horn, fikk vår nye Rotaryven, Knut Molnes ordet.
Han held eit grundig og flott ego- og yrkesforedrag. Han hadde laga til ein PowerPoint presentasjon. For å begynne
heilt frå byrjinga, så er han født 14.02. i 1945. Vaks opp i Folkestad, på ein
veglaus gard som heitte Rønstad. Denne låg (ligg) 200 – 300 moh. Flytta til Vigra i 1959. Deretter har han budd ei rekke stader før
han flytta til Sykkylven i 1975.
Som det vil
gå fram av presentasjonen, har han både ei allsidig utdanning og ei mangfoldig
yrkeskarriere. Viktigaste når det gjeld utdanning er Trondheim Tekniske Skule som er eit to-årig
studium på Anleggslinja. Deretter Norsk Ingeniør Akademi, Bedriftslederskulen,
Bedriftsøkonomisk institutt. For å kunne undervise i skulen, tok han i 1990-91
faget Pedagogikk ved Høgskulen i Volda.
Har
mangfoldig yrkeserfaring, mest som ingeniør og prosjektleier. Lister ikkje opp
alle arbeidsplassane, då ein kan lese dette i Presentasjonen. Har likevel lyst
til å nemne at han i 1976-77 jobba hos Hans Lillevik her i Sykkylven som driftsingeniør.
Kan ta med at han har undervist i Byggfag ved Borgund Videregående Skule,
Fagskulen i Ålesund og Folkeuniversitetet. Før Knut blei pensjonist, var han
avdelingsleiar i Bygg og Anlegg ved Borgund VGS. Hadde både personalansvar og
underviste i byggteknikk, anleggsteknikk og klima- energi og miljøteknikk.
Så litt
sosialt til slutt: Er gift med Aud og har to for lengst vaksne barn.
Ei grundig
og informativt ego/yrkesforedrag av Knut. Stor applaus!
Så minte
president Petter om neste møte og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"